For ti år sidan gav Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga ut albumet «Heimafrå». Ei samling viser ifrå folkemusikktradisjonen begge har vakse opp med i indre Telemark, som også gav dei ein Spellemannpris.
«Langt heimafrå» er oppfølgjaren, og nå har songarane dratt ut av heimbygda for å utforska anna tradisjonsstoff og eigenskrive låtar.
Albumet inneheld ti spor og spenner frå det gladlynte, korte slåttestevet «Anton» til den mektige, sorgsame irske visa «The Evelyn Marie» om ein trålar som sokk utanfor Donegal i 1975.
Dette er dessutan den første engelskspråklege innspelinga til Bratland, og ho syng visa med stor overtyding.
Nett den irske musikken er tydeleg til stades på plata, noko som visstnok skal ha vore Odd sin idé.
Høyr Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland om «Langt heimafrå» i Folkemusikktimen:
Bratland og Ingebjørg har fått med seg to irske musikarar som verkeleg er med på å løfta låtane.
Ikkje berre hever dei det musikalske nivået med fløyter, feler, irsk harpe, og rammetromma bodhrán, men dei evnar òg å visa forbindingar mellom norsk og irsk tradisjonsmusikk. Til dømes når «I mine kåte ungdomsdagar» blir sunge på gælisk/irsk.
Synergi i særklasse
Det er ingen tvil, Bratland og Nordstoga læt fantastisk ilag.
Stemmene deira komplementerer kvarandre, og dei har laga flotte andrestemmer som dei syng utan å mista deira eigenart og forsvinna i lydbildet.
Ingebjørg Bratland skin særleg sterkt på plata.
Måten ho kveiler og buktar melodiane på er så full av nyansar, og detaljane så godt plassert, at det er vanskeleg å ikkje falla pladask for stemma hennar.
TRUVERDIG: Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland kjem frå eit område kor folkemusikken står sterkt, og dei har begge lært folkesongar av Ellen Nordstoga (mora til Odd).
Foto: UniversalAlbumet inneheld òg mykje av det ein kanskje kan kalla signaturane til Odd Nordstoga. Overraskande moduleringar, fengande og lange akkordprogresjonar, diskré, men smakfullt bakgrunnsspel som held musikken frisk. Produksjonsnivået er med andre ord høgt.
Eit høgdepunkt på plata er det irske mellomspelet i låten «Ingenting å vera redd for». Låten akkumulerer stor kraft når fløyte og fele slår inn med ein ril.
Då brusar musikken av overskot og spontan glede.
Rett fram
«Langt heimafrå» er eit variert album, og mange vil nok kunne finna i alle fall éin låt dei likar. Men den store variasjonen har òg ein ulempe, nemleg at låtane som ikkje fenger står tydelegare fram.
Tradisjonsstoffet grip meg, medan fleire av Nordstogas nyskrivne låtar liknar litt for mykje på ting eg har høyrd før.
Dei nye tekstene blir dessutan stundom for ordinære og platte.
Til dømes i det andre sporet på albumet, kor refrenget er «det er ikkje rett fram på Karl Johan, det er ikkje beint fram, å gå rett fram, på Karl Johan».
At det er ein song med base i Oslo, kan eg gå med på, men at låten skal handla om den noko klaustrofobiske turistmagneten Karl Johan, og at musikken i tillegg skal vera så forferdeleg glad, nesten naiv, synest eg er problematisk.
Låten manglar motstand, både musikalsk og tekstleg, og speglar i mine auge korkje korleis det er å gå gjennom Karl Johan eller gjennom livet.
Og då slår sjølvsagt tvilen inn.
Kan eg kritisera noko for å vera for muntert?
Er ikkje folkeleg musikk, altså musikk som er lett å lika for ein tenkt masse, eigentleg eit kvalitetsteikn?
Eg har ikkje svaret, men trass eit solid komp frå Mats Eilertsen på bass og Pål Hausken på trommar, klarer eg ikkje å setta pris på denne over-joviale visa.
Lange tradisjonslinjer
Ei anna av Nordstogas viser er «Heimlandssong». Slik eg tolkar visa, fortel han om ein offshorearbeidar som lengtar heim.
Det er fint å høyra at offshorearbeidarane nå får plass i visesongen, og teksten er sjølvsagt overførbar og kan treffa einkvan som lengtar heim.
Innhaldet får meg dessutan til å tenka på prosjektet som heilskap. Kva slags album er eigentleg «Langt heimefrå»?
På albumet vekslar Bratland og Nordstoga mellom tradisjonsmateriale og nyskrivne tekstar. På den måten tykkjer eg dei klarar å visa korleis dei kan byggja på tradisjonen og samstundes tilføra nye stemmer og perspektiv.
Dei viser takksemd og respekt for (kultur) arven, og vidareutviklar tradisjonen med songar om offshorearbeidaren og mylderet på Karl Johan.
Såleis er albumet godt sett saman.
Eg skulle berre ønske at fleire av Nordstogas tekstar hadde litt meir djupna.
Hei!
Eg er frilansar og folkemusikkritikar i NRK. Har du tips til noko eg burde høyrt, eller tilbakemelding på noko eg har skrive? Send meg gjerne ein e-post!