I presseskrivet står det at Kenneth Lien og Center of the Universe utforskar om elektronisk musikk og folkemusikk kan kombinerast utan å «kick the burger» og enda opp som ein parodi på begge sjangrane.
«Kick the burger» refererer til eit mindre sømeleg TV-augeblikk frå 1992.
I det direktesende talkshowet «Løs på tråden» skal programleiar Ragnar Otnes visa sjåarane eit døme på kulturkrasj.
Han byrjar å rappa karikert over ein hiphop-beat medan Mads Ousdal dansar halling og skal til å demonstrera eit hallingkast med ein vri: Hatten som vanlegvis sparkast av stonga, er byta ut med ein burgar.
Det blir ikkje noko kulturkrasj, men snarare ein sjenerande og pinefull oppvising som klarar å gjera hån av både amerikansk og norsk kultur.
Dette søker Kenneth Lien og Center of the Universe å unngå ved «å gå til botns i materien og å snu kvar stein» for å finna ut kva elektronika og folkemusikk kan ha til felles.
Det har resultert i eit vågalt elektrofolk-album, fullt av stramme trommeloops og røffe bogedrag.
Men har dei klart å snu kvar stein?
DYNAMISK DUO: Kenneth Lien (venstre) er ein multiinstrumentalist med røter i black metal og improvisert rock. Jørgen Skjulstad er ein musikar og DJ som også er kjent som Center of the Universe eller DJ Sissyfus.
Foto: Frøydis Bergheim RuudElektronisk halling
Opningssporet er ein halling etter folkemusikar Eivind Groven.
Ein bass slår ein jamn puls medan ei lysare, metallisk ringing blir køyrd gjennom filtermoduleringar og gir tekstur og rørsle til beaten.
Så kjem Kenneth Lien inn på seljefløyte. Det elektroniske møter det tradisjonelle.
Om ein har eit godt lydanlegg eller hovudtelefonar, vil ein høyra luft som spaltast og ein finger som slår på endehòlet av fløyta.
ELEKTRONISK HALLING: Kivlemøyan er ein halling komponert av Eivind Groven. På skiva til Kenneth Lien og Center of the Universe får ho nye, frekke rytmar.
Dei fysiske lydane, munnen som blæs og fingeren som slår, kontrasterer den elektroniske tromminga og skapar ei noko uvand spenning, men som faktisk groovar ganske godt.
Medan hallingtonen spelast på seljefløyta, prøver trommene ut forskjellige rytmar.
Trommene endrar seg kontinuerleg, skiftar posisjon i lydbildet, går frå å vera i bakgrunnen til å hamna langt framme. Dei mange endringane er med på å lysa opp seljefløytemelodien på verknadsfulle måtar, og gir tradisjonsmusikken ulik karakter og farge.
Musikarane leikar seg fram, og det er overraskanda å høyra kor godt folkemusikken toler å bli utsett for frekke rytmar.
Å bevara det elastiske
Noko av det mest imponerande med albumet er at musikarane har klart å kvantifisera springartakten utan å mista driv.
Ofte når ein folkemusikar spelar til dans, vil dei ulike taktslaga ha ulik varigheit og svinga noko igjennom melodien. Nokre gongar kan slaget vera litt lengre, til dømes for å halda ekstra på ein tone.
Andre gongar kan slaget vera kortare så melodien skyt fram og held driven oppe.
Å få ein trommemaskin til å spela i springartakt er utruleg vanskeleg, og det kan fort høyrast klønete ut.
Dette har Kenneth Lien og Center of the Universe løyst.
På ein eller annan måte klarar dei å halda på intensiteten og kjensla av at det uføreseielege kan skje. Kan hende er det den stadige omprogrammeringa av rytmane som på sitt vis simulerer elastisitet og held musikken levande.
Eg får uansett ordentleg lyst til å dansa, men kjenner meg usikker på om det er i eit forsamlingshus eller ein nattklubb eg vil dra på.
Kanskje elektrofolk kan opna nye dører ved å invitera folkedansen inn på nattklubben?
Bibliotekslyd
Om det er noko eg saknar på albumet, så er det større eksperimentering av klangen i det elektroniske.
Mange av trommelydane høyrest ut som standardlydar som kjem med syntane.
Det får meg til å tenka at musikarane berre har skrapa overflaten når det gjeld moglegheitene som finst i kryssa elektronika og folkemusikk.
Ta det som ein oppfordring: Her er det mange fleire steinar å snu.
Hei!
Eg er frilansar og folkemusikkritikar i NRK. Har du tips til noko eg burde høyrt, eller tilbakemelding på noko eg har skrive? Send meg gjerne ein e-post!