Hopp til innhold
Anmeldelse

Ikkje ubehageleg nok

Ungdomsframsyninga «Leve republikken!» kunne vore farleg, men vert det diverre aldri.

Leve republikken på Det Norske Teatret
Foto: Magnus Skrede / Det Norske Teatret
Teater

«Leve republikken!»

For unge frå 13 år

Det Norske Teatret

20.11 - 11.12 på Rommen scene

På ei øy ein stad i verda styrtar eit fly med ein haug barn om bord. Dei fleste døyr, men nokre er framleis i live etter hendinga. Dei finn kvarandre og freistar løysa den nærast umoglege oppgåva det er å verte funne, å komma heim.

Men dei er ikkje åleine. Ein gut, eller kan hende ein mann, finst allereie på øya. Han har ei liknande historie: Eit fly styrta, nokre få overlevde, og dei vart henta – alle så nær som han.

Nett då dei andre vart berga, var han av garde for å henta vatn. Ingen venta på han. Det er i alle fall det han seier.

No vert han den naturlege leiaren for gjengen på øya. Der finst det eitt overordna krav: Ingen av dei må veksa opp. For dei som reddar folk, vil berre redda barn, meiner leiaren. Vert du vaksen, er du med andre ord fortapt.

Leve republikken på Det Norske Teatret

ALLE SAMEN: Alle dei fem barna som er stranda på same øy lengtar vekk, og dei er overtydde om at om dei ikkje veks opp, vert dei berga. Øvst til venstre: Kidane Gjølme Dalva, Christian Eidem, Sofie Frost, Catharina Vu og Sigrid Husjord.

Foto: Magnus Skrede / Det Norske Teatret
Catharina Vu og Sofie Frost i Leve republikken på Det Norske Teatret

Etter ein flystyrt må fire overlevande barn lage si eiga røynd i framsyninga «Leve republikken!» på Rommen scene. Frå venstre Wendy (Catharina Vu ) og Michael (Sofie Frost).

Foto: Magnus Skrede / Det Norske Teatret

Aldriland

Forteljinga, som er ein miks av «Peter Pan», «Fluenes herre» og «Robinson Crusoe», er skipa i samarbeid mellom dei fem skodespelarane på scena, regissør Mine Nilay Yalcin og koreograf Belinda Braza. Slik eg ser det, er dei ikkje komne heilt i mål til premieren.

Referansane er tydelege: Leiaren kallar seg sjølv Peter og gjev dei andre namn henta frå «Peter Pan»: John, Wendy, Tingeling, Michael.

Og om nokon skulle lura: Michael (Sofie Frost) er kledd i bjørnekostyme, nett som dei fortapte gutane i Disney-filmen er.

Saman byggjer dei eit lite samfunn. Men «Leve republikken!» vert ikkje kalla republikk før eit godt stykke ut i framsyninga, og republikken som fenomen etablerast for seint til å verta sentral. Det Aldrilandet det vil laga, kjem for seint.

Nokon kjem til å kome

Historia kunne difor vore strammare. Opplevinga av at noko står på spel kunne vore tydelegare, friksjonen større.

Etter styrten i starten er barna berre nomne, ikkje desperate. Det livsfarlege dei held på med der på øya, verkar ikkje farleg. Lengta etter ein heim er der, men underordna. Jon Fosse-referansar som den gjentakande replikken «Nokon kjem til å kome» ufarleggjer på eit vis.

Når vonde og dramatiske scener kjem, er dei ikkje godt nok førebudde i teksten.

Det overordna premissen er klårt: Stranda barn på ei øy må finna ut av livet sjølv. Men kva som hender på den øya, treff ikkje djupt nok.

Leve republikken på Det Norske Teatret

Scenografien er ei lita øy med tydeleg inspirasjon frå teikneseriar. Ho er sentral i framsyninga og fint laga av Katja Ebbel Frederiksen.

Foto: Magnus Skrede / Det Norske Teatret

Visuelt god

Visuelt er framsyninga svært god. Katja Ebbel Frederiksen har laga ein scenografi som er som eit kunstverk med klår inspirasjon frå teikneserieverda.

Lyssetjinga gjev òg mykje til historia. Koreografien er vesentleg i historieforteljinga, han løftar ein barnleg fridom med mykje leik og spring.

I ei av dei tidlegaste scenene søv barna samanfletta i ein haug. Med eitt startar eit av barna å rykka til i svevnen. Små rykk som seier meir enn mykje tekst kan gjere. Rykket smittar over på dei andre sovande.

Det er ei fin scene som diverre spring for raskt av garde, frå djupna i draumane til rykkete dans. Meir kvile i augneblink som dette hadde vore godt for historia.

Kidane Gjølme Dalva i Leve republikken på Det Norske Teatret

Republikken har sin eigen estetikk med synleg måling i andletet. «Leve republikken!» har tematikk der fare lurer under kvart steg, men vert aldri verkeleg farleg. Her: Kidane Gjølme Dalva i rolla som John.

Sigrid Husjord i Leve republikken på Det Norske Teatret

Kva gjer det med deg når du ventar på å verte henta ein dag, men den dagen aldri kjem? Sigrid Husjord som Tingeling finn si eiga farefulle løysing.

Smeltar

Koreografien er òg viktig i opplevinga av tid, som vert skildra fint i «Leve republikken!». Snart flyt det eine over i det andre: Dei leikar, et fisk, leikar, søv, og det smeltar liksom saman. Ein liten song som går att og som dei stadig syng vert ein viktig raud tråd.

Men historieforteljinga er svak. Når det verkeleg vert dramatisk, har dei ikkje publikum med, det er ikkje bygd opp godt nok.

Det er dramatisk når nokre av barna forsvinn på ulike vis. Men det sett seg liksom ikkje fast i ein likevel, om det er aldri så vondt, det som hender.

Når ein sett saman tre ulike historier slik, må ein òg laga si eiga forteljing. Mykje stoff vert testa ut og forkasta i ein slik prosess. Kan hende for mykje. Det er eit tankekors at når ein av dei beste slampoetane i Noreg (Frost) speler ved Det Norske Teatret for første gong, får ho ei rolle som språklaus.

Truleg ligg det meir i denne framsyninga som aldri fekk sin plass.

Hei!

Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Det mørke fortet» av Riksteatret, «Vildanden» av Nasjonalballetten i Operaen, eller «Moby Dick» ved Det Norske Teatret. 

Anbefalt vidare lesing: