Hopp til innhold
Anmeldelse

Modig krigsforteljing

«Kappe land» er forteljinga til alle som ikkje rekna seg som heltar etter krigen – og til alle som ber på skuld fordi dei ikkje vart råka sjølv.

Fra forestillingen «Kappe land» på Nordland Teater
Foto: Bjørn Leirvik / Nordland Teater
Teater

«Kappe land»

Nordland Teater

Majavatn og 17 andre stader i Nord-Norge

31. oktober– 29. november

Teaterframsyninga «Kappe land» ved Nordland Teater fortel ei krigshistorie som kravde 34 norske liv.

Bakgrunnen for desse drapa, som var reine avrettingar, er den såkalla Majavatn-affæren.

24 unge menn frå Helgeland og ti prominente sonoffer frå Trondheim vart avretta av nazistane som hemn etter ei rekkje motstands- og sabotasjeaksjonar i Trøndelag og Nordland.

Avrettingane skjedde i Falstadskogen ved Levanger, nokre meter frå rommet der premieren på «Kappe land» vart spelt.

Les om eit av offera Teatersjefen som ble drept av nazistene

Henry Gleditsch iført overalls i "Co-optimistrevyen", våren 1940.

Feil stad, feil tid

Nordland Teater fortel òg ei anna, meir bortgøymd historie.

«Kappe land» er krigshistorie sett frå eit samisk perspektiv. For midt under Majavatn-affæren var ein ung samisk gut på feil stad til feil tid. Gustav Kappfjell hamna i krysselden, men berga livet.

«Kappe land» fortel korleis han, som aldri vart nokon helt, levde med traume frå krigen sitjande fast i kroppen. Slik løfter Nordland Teater fram samane sin innsats under krigen – noko som gjerne kunne ha vore tydelegare løfta fram.

Først mot slutten av stykket seier Kappfjell: «Da dere tyskere kom, fikk vi samer og nordmenn en felles fiende». I dette ligg mykje uutforska som framsyninga ikkje tek skikkeleg tak i.

Forspilt moglegheit

Kappe land er ein borneleik som mange som vaks opp i åra etter krigen kjenner til.

Slik forklarte NRK leiken «kappe land» i 1985:

''Kappe land'' er en lek der du trenger en kniv og en plass der kniven kan stå i bakken når den kastes riktig. Ved hjelp av kniven kan du stjele land fra de andre deltakerne. I stedet for kniv kan du eventuelt kaste en pinne, og tegne opp linjer etter hvordan pinnen lander.
I denne filmen fra 1985 lærer du regler og framgangsmåte for leken. Filmen er produsert av Øyvind Sandberg for Svekon Film og NRK.

Knivleiken vert presentert først mot slutten av framsyninga, og han vert spelt med skodespelarane delvis skjult. Det er synd, for kampen om land kan ha mange tydingar.

Heller ikkje her tek framsyninga godt nok tak i det samiske perspektivet, samane sin kamp for retten til land vert berre så vidt nemnt.

Slik vert òg dette perspektivet lite utnytta.

Miksa røynd

Teaterstykket er langt på veg basert på faktiske hendingar. Framsyninga vekslar mellom Majavatn-affæren i 1942 og femti år seinare.

Kappfjell (Bernt Bjørn) skal henta avisa på togstasjonen, men med toget kjem òg ei ung, tysk kvinne. Ho viser seg å vera barnebarnet til Gestapo-sjefen i Trondheim, han som i stykket torturerte Kappfjell i 1942.

Historia til den unge kvinna Stefi (Katja Brita Lindeberg) er oppdikta, men spinn seg inn i faktiske hendingar.

Katja Brita Lindeberg og Bernt Bjørn i «Kappe Land» på Nordland Teater

SAMAN OM TRAUME: Den unge tyske jenta Stefi (Katja Brita Lindeberg) får sitja på med Gustav Kappfjell (Bernt Bjørn) i båt over Majavatn.

Foto: Bjørn Leirvik / Nordland Teater

Teateret har alle moglegheiter for å blande fortid, notid og framtid. Når denne kvinna med gamle kart, gammalt telt og ein Luger frå krigen blandar seg inn i Kappfjell sitt liv, kjem òg minna tilbake.

Kappfjell møter i minna sine ein intetanande 1942-versjon av seg sjølv og går i dialog med han. Stefi har òg mørke opplevingar ho har flykta frå.

Men når ein spinn seg inn i det rommet der fleire går inn i same illusjon, som når Stefi og Kappfjell begge møter denne berykta bestefaren i ei dramatisk scene, glepp historia taket i miksen mellom fantasi og røynd.

Eg opplever Stefi si historie som underutvikla, for lite forklart og for dårleg motivert.

Fra forestillingen «Kappe land» på Nordland Teater

TIDSREISE-TORTUR: Den unge Gustav Kappfjell (sitjande framme) vert forhøyrt og torturert av tyske Willy Pollack. Hendinga utspelar seg 50 år seinare for den eldre Gustav Kappfjell og den tyske jenta Stefi. Frå venstre: Kristoffer Hjulstad, Bernt Bjørn, Lucas Sørensen Jünger og Katja Brita Lindeberg.

Foto: Bjørn Leirvik / Nordland Teater

Raud samisk tråd

Det er det samiske som på mange vis er den raude tråden her. Det er noko fint med Kappfjell som sit der, ikkje i kofte, men i vanlege klede.

Han er same og nordmann og ein heilt vanleg fyr. Det samiske, joiken, heimlengselen, kjærleiken til naturen og dyra, vert organisk fletta inn i spelet til Bernt Bjørn.

Eg tek meg i å sakna meir av den samiske kampen, samstundes som eg sett pris på det kvardagslege i Bjørn sitt spel.

Scenografi og lyd i framsyninga er naturnære, suset frå skogen og duren frå motorbåten er henta frå Majavatn, joiken er Gustav Kappfjell sin, bileta i scenografien er tekne i områda rundt det same vatnet.

Alt dette heng godt i hop.

Fra forestillingen «Kappe land» på Nordland Teater

UBLIDT MØTE: Stefi møter att sin bestefar, den tyske soldaten. På biletet: Kristoffer Hjulstad og Katja Brita Lindeberg.

Foto: Bjørn Leirvik / Nordland Teater

Bernt Bjørn gjer ei sterk rolle. Han viser korleis opplevingar av krig set seg i kroppen og aldri heilt slepp taket. «Historien fortelles best av helter», seier Kappfjell tidleg i stykket.

Men han spelar slik at han viser at sanninga er den motsette: Historia vert sannast fortald av dei som kjenner ho. Slik løftar han fram verdien av forteljingane til dei som ikkje reknar seg som heltar. Det i seg sjølv er verdifullt.

Framsyninga haltar litt når ho blandar verkelege hendingar og oppdikta personar. Men på sitt beste er ho ei sterk og interessant krigsforteljing.

Hei!

Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Det mørke fortet» av Riksteatret, «Vildanden» av Nasjonalballetten i Operaen, eller «Moby Dick» ved Det Norske Teatret.