Hopp til innhold
Anmeldelse

Ein totalpakke av skyhøg kvalitet

The War on Drugs går nostalgisk til verks og leverer deira mest gjennomførte album til no.

The War on Drugs
Foto: Shawn Brackbill / Pitch Perfect PR
Terningkast 6 Musikk

«I Don’t Live Here Anymore»

The War on Drugs

Rock

29.oktober 2021

Tre beste låtar: «Occasional Rain», «Wasted» og «I Don’t Live Here Anymore»

Sidan debutalbumet «Wagonwheel Blues» frå 2008, har The War on Drugs etablert seg som ein påliteleg leverandør av rock. I 2014 vart albumet «Lost in the Dream» hevda å vere årets mest hylla album av nettsida Metacritic, og oppfølgaren «A Deeper Understanding» vann Grammy for årets beste rockealbum i 2017.

Ein har med andre ord med ein tungvektar å gjere og sjeldan har stempelet «kritikarfavoritt» vore meir passande.

Den trenden stoppar ikkje her. Tvert om.

The War on Drugs 2021

FEMTE ALBUM: God stemning i The War on Drugs. Frå venstre: Dave Hartley (bass), Adam Granduciel (vokalist, gitarist, bandleiar), Robbie Bennett (keyboard), Jon Natchez (saksofon), Charlie Hall (trommer) og Anthony LaMarca (gitar, keyboard).

Foto: Shawn Brackbill / Pitch Perfect PR

80-talsnostalgi

La det vere sagt, først som sist: «I Don’t Live Here Anymore» er ikkje nødvendigvis det albumet i katalogen som rekrutterer flest nye, unge lyttarar, slik «Slave Ambient» og «Lost in the Dream» gjorde i si tid.

Utforskande psych-rockarar vert også vaksne ein dag og det gir seg uttrykk i soundet. For her er det mykje 80-tals-nostalgi i monitor.

Ikkje slik «Miami i 1984»-nostalgi som har prega populærmusikken sterkt dei siste åra, men eit roseraudt, nesten sentimentalt, tilbakeblikk til den tids romantiske og erkeamerikanske arbeidarklasserock.

Enkelte tidlegare låtar kunne nok fint høyrt heime her, men generelt sett har psych- og shoegaze-element blitt nedjustert til fordel for meir klassiske låtoppbygningar. Og jamming er i stor grad erstatta med arenavenlege refreng.

Ny dimensjon

Heartland-estetikken har riktig nok vore del av The War on Drugs sitt repertoar ei stund, men aldri så tydeleg som no. Det er så ein skulle tru frontmann Adam Granduciel har rekruttert både Bruce Springsteen og Tom Petty på låtskrivarsida.

Og det er ikkje fare for at gamle Tom snur seg i grava. Om noko, smiler han.

At The War on Drugs meistrar slik storslått rock, er uansett både forventa og etablert. Mest oppsiktsvekkande er det at bandet endeleg skriv rolege låtar som ikkje bremsar opp albumet.

Eit interessant eksempel er «I Don’t Wanna Wait», som opnar forvrengt over ein enkel rytmeboks. Låten tar seg god tid og resulterer i ein massiv powerballade sjølv Bryan Adams ville vore stolt av.

Ved første lytt er det lite som vitnar om at dette rare sporet skal utvikle seg til eit høgdepunkt, men så feil kan ein ta.

Det gir bandet ein ny dimensjon og i denne samanhengen gjer sjølv den skuffande førstesingelen «Living Proof» ein strålande jobb som forsiktig opningslåt.

The War on Drugs 2021

KRITIKARFAVORITT: The War on Drugs har etablert seg som ein favoritt blant kritikarar verda over, og skuffar ikkje denne gongen heller.

Foto: Shawn Brackbill / Pitch Perfect PR

Uunngåelege forandringar

Den stadig tilbakevendande tematikken på «I Don’t Live Here Anymore», er forandring, i alle sine ulike former. Sidan sist har Granduciel blitt far for første gong, og han har openbert brukt mykje tid dei siste åra på å reflektere over ulike prosessar som omgir oss.

Korleis verda har endra seg sidan han sjølv var barn, kva forandringar vi sjølve går gjennom, frivillige eller ikkje, og ikkje minst korleis det påverkar relasjonane våre til både folk og stader som er viktige for oss.

Ein kan bli trist av mindre, og som det hevdast fleire gonger undervegs, forsøker ein til sjuande og sist berre å finne vegen gjennom mørket på eiga hand. Det kan virke skremmande, og ein kan sakne det som var før, men ein må også berre akseptere realiteten.

For med all denne grublinga og sentimentaliteten på bordet, samlar sistesporet «Occasional Rain» trådane og summerer opp det heile godt. Alt dette er berre passerande byger, sola kjem fram att og livet går vidare. Det finst mykje godt også.

Ein kan sikkert snakke om at det er ein klisjé, men Granduciel leverer det med ein slik nærleik og overtyding at sånt vert uviktig. Ei perfekt avslutning på eit komplett album.

Eit tvers gjennom solid album

2021-utgåva av The War on Drugs er meir direkte og «I Don’t Live Here Anymore» er rett og slett tvers gjennom autentisk og universelt, utan fikse idéar eller krumspring.

Ein ærleg kombinasjon av genuin nostalgi og sentimentalitet, som blir levert presist, både musikalsk og lyrisk.

Sjølv for eit band med ein såpass hylla katalog, vil det ikkje vere kontroversielt å hevde at dette er deira mest gjennomførte album så langt. Kanskje finn ein fleire tydelege toppar på tidlegare plater som «Lost in the Dream», men det er ytst sjeldan eg høyrer eit album stå så støtt som ein totalpakke av slik skyhøg kvalitet.

Ein skal vere svært forsiktig med å dele ut toppkarakteren, men søren heller. Av og til er det berre fortent.

Alle anmeldelsar og anbefalingar frå NRK finn du på nrk.no/anmeldelser og all livemusikken frå NRK finn du på nrk.no/musikk.

Anbefalt vidare lesing: