The Strokes i 2001
Foto: Anthony Pidgeon / Redferns

Då The Strokes tok rocken tilbake

For 20 år sidan snudde lyden av New York om på nesten alt.

Musikkåret 2001 veksla mellom Destiny’s Child, Alicia Keys og Jennifer Lopez. Heilt til fem dekadente unge fyrar frå New Yorks elite, komplett med skinnjakker og smarte riff, gjorde sin entré.

«Is This It» av The Strokes var nettopp det; ein livsendrande augneblink.

Eg sat på jenterommet framfor CD-spelaren i sunnmørsbygda Folkestad og blei slått i bakken av det heile; gitarriffa, stemma som knakk på toppen, dei merkelege tekstene. The Strokes representerte eit vindauge ut i verda, bort frå fjorden og inn i byen, der fjell var bytta ut med skyskraparar.

Rundt om i verda blei synthar stua vekk, buksebein sydd inn, og sidan kom ei heil ny bølgje av indieband, tufta på lyden av The Strokes.

Idet eit av «tidenes beste album» fyller 20 år, skrur vi musikken høgt, høgt opp, og tar ein titt på korleis bandet og plata blei til, kva som særmerker låtane, kva plata betydde og kva ho betyr no.

Dessutan, kva skjedde eigentleg med The Strokes?

IS THIS IT - THE STROKES
Foto: RCA RECORDS
Bord (Marco vaglieri)

Korleis blei bandet til?

Ved starten av 90-talet i New York City blei Julian Casablancas (vokal) vener med den einaste andre langhåra guten på skulen, Nick Valensi (gitar). Deretter kom Nikolai Fraiture (bass) og Fabrizio Moretti (trommer) inn i gjengen. Dei høyrde på grunge og byrja etter kvart å spele saman. Litt drikking blei det også, noko som førte til at ein 13 år gamal Casablancas vart sendt på kostskule i Sveits.

Der møtte han Albert Hammond Jr. (gitar) frå Los Angeles.

Dei hadde to ting til felles: Rike foreldre og ein hang til rock'n'roll. Etter eit opphald som vel ikkje akkurat bremsa dei to nemneverdig, vart dei sendt tilbake til sine to respektive heimbyar.

The Strokes

KJENDIS-SØNENE: Julian Casablancas (til venstre) er son av grunnleggjaren av eit av verdas største modellbyrå, medan Albert Hammond Jr. (til høgre) er son til artisten Albert Hammond, som stod bak hiten «It Never Rains in Southern California» i 1972.

Foto: DAVID MOIR / REUTERS

Då Albert Hammond Jr. nokre år seinare flytta til New York for å studere film, gjekk han på sin gamle ven. Julian Casablancas hadde no byrja å skrive låtar, medan resten av gjengen var blitt ganske gode til å spele. Hammond Jr. var ikkje heilt der, men han såg ut som ei rockestjerne. Dermed var The Strokes komplett. I 1998 byrja dei å øve som eit helvete i eit lokale på Manhattan.

Dei kledde seg i Converse-sko, dressjakker og holete, smale jeans. Seinare skulle Interpol-vokalist Paul Banks skildre The Strokes slik: «Dei er kulare og betre enn du er, og dei vil stele kjærasten din».

The Strokes i 2001

2001-UTGÅVA: Frå venstre, Albert Hammond Jr. (21), Fabrizio Moretti (21), Nikolai Fraiture (23), Nick Valensi (20) og Julian Casablancas (23).

Foto: JIM COOPER / AP

Etter fleire år med øving og små konsertar gav The Strokes ut ein tre låtar lang EP. Denne utløyste den største bodkrigen om eit rockeband på mange år. The Strokes signerte til slutt med RCA Records, og kunne byrje innspelinga av debutplata i mars-april 2001.

Bord (Marco vaglieri)

Korleis blei «Is This It» til?

På EP-en hadde The Strokes jobba med den relativt uerfarne produsenten Gordon Raphael. No ynskte plateselskapet at dei skulle bruke stjerneprodusenten til Foo Fighters, men etter nokre prøveopptak takka bandet nei. Dei meinte lyden vart for «rein», gjekk tilbake til Raphael, og spelte inn «Is This It» på seks veker.

«Planlagt råskap». Slik har Julian Casablancas skildra innspelinga. Ho blei gjort mest mogleg live, noko som betydde at alle spelte samtidig medan produsenten skrudde til lyden undervegs basert på meir eller mindre fornøgde ansiktsuttrykk. Vokalen blei sendt gjennom ein effektpedal og gitarforsterkar, medan klassiske «feil», som basslyd plukka opp av tromme-mikrofonen, kom med. Dette var eit brot med innspelingar i 2001, som hadde bevegd seg i ei meir produsert og glatt retning.

Innimellom tok bandet seg ein øl på baren over gata medan dei lytta til opptaka på anlegget for å få eit riktig inntrykk av korleis det låt.

Plata kom først ut i Australia og Europa på seinsommaren 2001.

På grunn av terrorangrepa mot New York 11. september 2001 kom «Is This It» først ut i USA i oktober, med to endringar. The Strokes tok bort låten «New York City Cops», fordi refrenget «New York City Cops, they ain't too smart» blei rekna som upassande i det politiske klimaet. Biletet på coveret blei dessutan sett på som for kontroversielt, difor ser den amerikanske versjonen av «Is This It» slik ut:

The Strokes US cover
Foto: RCA Records
Bord (Marco vaglieri)

Korleis høyrest plata ut?

«Is This It» er fylt med kontrastar.

Albumet startar med lyden av ein tape som blir spola tilbake i høg hastigheit. Julian Casablancas, som skreiv alt av musikk og tekst, hadde ein visjon: The Strokes skulle høyrest ut som ei band frå fortida som tok ein tur inn i framtida for å lage plate.

Musikalsk sett var han inspirert av så forskjellige band og artistar som Lou Reed, Bob Marley, Tears for Fears og Pearl Jam. Eit av dei distinkte kjenneteikna ved «Is This It» er korleis bassen og gitarane byter på å spele same tema, eit triks som Casablancas plukka opp ved å høyre på klassisk musikk.

Sjølv om alle låtane er skrive av éin mann, høyrest det ut som eit band. At bandet har spelt inn mesteparten saman, ikkje stykkevis og delt, gir ein herleg energi som skjer ut av høgtalaren.

Der alt bandet spelar er nøye innøvd, er vokalen meir spontan. Tekstene er kjenneteikna av fråvær av samanheng, som gjer at du kan lytte til dei 50 gongar, men likevel vere usikker på kva dei betyr, eller lese di eiga meining inn. Som i dette eksempelet frå «The Modern Age»: «Leaving just in time, stay there for a while. Rolling in the ocean, trying to catch her eye. Work hard and say it's easy, do it just to please me. Tomorrow will be different, so I'll pretend I'm leaving.»

Sjølv om The Strokes ynskte at låtane skulle høyrest live ut, braut dei effektivt med sine eigne reglar innimellom. På «Hard To Explain» skrudde dei til lyden slik at det høyrest ut som om trommis Fabrizio Moretti er ei trommemaskin frå 1980-talet.

Målet til Casablancas var å lage ei plate der du ikkje kunne hoppe over noko. Eit komplett album, redigert ned til eit perfekt minimum.

Julian Casablancas i Norge

SPESIELL VOKAL: Julian Casablancas syng om nære ting frå ein ung manns liv, men vokaleffekten får det til å høyrest ut som om han er laangt borte.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Bord (Marco vaglieri)

Kva sa kritikarane?

Forventningane var skrudd skyhøgt opp allereie før plata kom ut:

The Strokes NME-faksimile

FØRSTE STORE PORTRETT: I New Musical Express, juni 2001. Her hamna The Strokes i slåstkamp, noko som fekk reporteren til å bryte ut: «Dei er så New York at det gjer vondt!»

Foto: NME / Faksimile

The Strokes innfridde. Albumet blei kåra til årets beste i 2001 av ein samla norsk kritikarstand og av internasjonal musikkpresse.

Rolling Stone Magazine skreiv at «dette er den typen ting som det blir legender av».

Dagbladets Anders Grønneberg slo fast at ««Is This It» er en sensasjon. Å sette på albumet er som å bli utsatt for en åpenbaring.»

Adresseavisens kritikar måtte innrømme at han hadde prøvd å vere skeptisk på grunn av all førehandsrosen: «I begynnelsen gikk det greit, men etter tre dager, er det ingen tvil om at dette er et klassisk debutalbum, så bra som de blir. (...) Det er bare å kapitulere. Strokes har gjort det.»

Espen A. Hansen i VG påpeikte at plata ikkje var verdas åttande rock and roll-underverk, men gav plata likevel terningkast fem for trøkket og den melodiske teften som bandet viste.

Pitchforks kritikar meinte at det var vanskeleg å setje fingeren på kva det var ved The Strokes som fekk han til å halde fram med å lytte, men konkluderte med at «alt eg veit er at dette er sjeldan vare, og eg likar det. Svært godt.»

The Guardians kritikar la merke til ei anna positiv side ved albumet: Det varte berre knappe halvtimen i ei tid der CD-ar var overfylte med skjulte bonusspor, videoar og CD-ROM-spel (ja, ein heldt på med dette ved starten av millenniet!).

Bord (Marco vaglieri)

Kva påverknad fekk plata?

«Is This It» selde greitt i USA, England og Noreg, men det er ikkje først og fremst salstala som utmerkar seg i denne historia. Det som står att, er den kulturelle påverknaden The Strokes fekk i kjølvatnet av plata.

Plateselskapa, musikkpressa og festivalane forstod at dei kunne tene pengar på rockeband igjen. Bandets stil fekk også påverknad på motebransjen. Plutseleg var indie-uniforma med smale jeans, skinnjakker og band-t-skjorter som såg gamle ut tilgjengelege på Hennes & Mauritz.

Då dei vann Brit Awards-prisen for Beste internasjonale nykomar framfor Linkin Park i 2002, var det klart at pendelen hadde svinga frå nu-metal til rock o' clock.

The Strokes mottar pris i 2002

BRIT AWARDS: Frå venstre Nick Valensi, Albert Hammond Jr., Julian Casablancas, Fabrizio Moretti, og bak, Nikolai Fraiture. Effekten av plata blei samanlikna med det Nirvana hadde fått til ti år tidlegare med «Nevermind»: Å ta rocken inn i ein ny tidsalder.

Foto: KIERAN DOHERTY / AP

Albumet har fått mykje av æra for indiebølgja som følgde. Rundt om i verda dukka liknande band opp: Franz Ferdinand i Skottland, Kings of Leon i USA, Arctic Monkeys og The Libertines i England. Brandon Flowers, frontmann i The Killers, har for eksempel sagt at bandet kasta alt dei jobba med då dei høyrde «Is This It».

Det blir hevda at å gjere narr av nokon er den høgste form for skryt. Vel, The Strokes fekk også eit parodiband kalla opp etter seg; Diffrent Strokes spelte inn keyboardversjonar av plata.

The Killers i 2008

ETTERFØLGJARANE: The Killers, frå venstre Mark Stoermer, Brandon Flowers, Dave Keunig og Ronnie Vanucci Jr. Etter å ha høyrt «Is This It» kasta The Killers alle låtane dei hadde skrive så langt, bortsett frå «Mr. Brightside», som seinare blei ein stor hit.

Foto: Stephen Chernin / AP
Bord (Marco vaglieri)

Kvifor slo The Strokes sånn an?

Først, The Strokes representerte ein gamal sjanger, men i ny, freistande innpakning. Det var ikkje det at det ikkje fanst rock i det heile tatt i 2001, men endetida var såpass nær at The New York Times hadde putta ein elgitar forma som ei gravstøtte på framsida si. Mange rockeband hadde dessutan lagt sin elsk på lange låtar. I dette biletet dukka The Strokes med sine tre minutt korte hitar opp som eit friskt pust.

For det andre var det dette med at dei kom frå New York, som appellerte. Spesielt i England blei The Strokes sett på som det sexy, amerikanske syskenbarnet til brit-pop-en, som hadde regjert i mange år. Etter terrorangrepa 9/11 fekk tilknytinga til New York ei enda sterkare symbolsk tyding. Folk byrja å gå med «I love NY»-t-skjorter.

For det tredje trefte The Strokes lyttarar i fleire leirar, både kritikarane som likte fortidas rock (og var opptatt av å påpeike det), men også ein ny generasjon som var fostra opp på boyband og Spice Girls. Vi hadde aldri høyrt noko så rått før!

For det fjerde var The Strokes på rett stad til rett tid. I 2001 hadde den nye rocken bobla under overflata ei lita stund, for eksempel hadde The White Stripes allereie gitt ut to plater. Likevel var det «Is This It» som for alvor innførte stilskiftet.

The Strokes var ved slutten av 2001 blitt eit av dei største, heitaste rockebanda i verda.

Drew Barrymore og Fabrizio Moretti

DEN GONG DÅ: The Strokes hang ut med dei store kjendisane. Drew Barrymore og Fabrizio Moretti var lenge eit par, her er dei avbilda i 2005.

Foto: GENE BLEVINS / REUTERS
Bord (Marco vaglieri)

Kva skjedde med The Strokes etterpå?

I 2006 hadde eg karra meg ut av jenterommet på Sunnmøre, over Nordsjøen, og inn i ei britisk studentavis. Mitt første journalistiske intervju nokon sinne vart med Albert Hammond Jr.

Han ville ikkje snakke om The Strokes.

Det var fleire grunnar til det. I etterkant av debutplata hadde bandet vore fanga i motstridande forventningar, både eksternt og internt. Skulle dei lage meir av det same, eller søkje i nye retningar?

Dei hadde prøvd begge deler, med varierande suksess. Samtidig sleit rockelivet på bandet i form av krangling, og for enkelte av medlemane, i form av rus og alkohol.

I 2006 tok The Strokes ei pause. Medlemane fann andre prosjekt å halde på med. Albert Hammond Jr. turnerte med si første soloplate.

Albert Hammond Jr.

SOLO: Albert Hammond Jr. gav ut fire soloalbum mellom 2006 og 2018. Her spelar han live på South By Southwest i 2018.

Foto: Jack Plunkett / AP

Prisen for å lage eit ikonisk album er at du konstant blir samanlikna med ein tidlegare versjon av deg sjølv.

Likevel kom The Strokes tilbake igjen i 2009, og har gitt ut fleire fine, om enn ujamne, album. Det førebels siste i 2020, med ein tittel som perfekt fanga tidsanda: «The New Abnormal». For dette vann dei Grammy for beste rockealbum, og fekk ein ny fan i superstjerna Billie Eilish, men berre terningkast tre av NRKs kritikar.

The Strokes er framleis populære verda rundt, frå Noreg til England til Sør-Amerika. Dei skulle opphavleg spele på Øyafestivalen i Oslo før pandemien sette alle turnéplanar på pause.

Bandet The Strokes.

THE STROKES ANNO 2020: Frå venstre, Nikolai Fraiture, Albert Hammond Jr., Nick Valensi, Fabrizio Moretti og Julian Casablancas.

Foto: RCA/Cult Records
Bord (Marco vaglieri)

Kva status har plata i dag?

Uansett kva The Strokes skulle finne på i framtida, har dei sett sitt preg på musikkhistoria.

Albumet hamnar jamt på lister over 2000-talets beste plater, og i 2003 kåra New Musical Express «Is This It» til tidenes sjuande beste plate, to plassar bak Beatles «Revolver», men framfor Bob Dylan og Nirvana.

I USA har plata passert éin million selde fysiske eksemplar. På strøymetenesta Spotify har enkelte låtar over 200 millionar avspelingar.

I anledning 20-årsjubileet skriv britiske Far Out Magazine at «Is This It» ikkje går ut på dato; lyden er såpass spesiell at han også skil seg ut i dagens musikklandskap.

For enkelte av oss vil albumet likevel for alltid vere kopla til året 2001. «Is This It» er lyden av ei ungdomstid, av ei dør som blei opna, inn til eit liv med rock'n'roll.

Baksida av coveret til "Is This It"

BAKSIDA: Ikonisk plate med ikonisk bandfoto.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Framleis tørst? Sjekk ut denne spelelista med tidleg 2000-talsrock:

Kjelder: Vice, denne & denne artikkelen frå New Musical Express, Happy mag, Rolling Stone Magazine, The Guardian og boka «Meet me in the bathroom. Rebirth and rock and roll in New York City 2001-2011» av Lizzy Goodman.

Hei!

Hei! Om du har tilbakemeldingar eller tips til nye saker, så ta gjerne kontakt. Eg skriv utelukkande om KULTUR, men det kan bety så mangt; for eksempel eit brennande ynskje om å hogge ut fire nynorske fjes i eit fjell, Amerikas «kongefamilie» The Kardashians, einhjørningens historie eller måleriet som blei delt i to

Anbefalt vidare lesnad: