Hopp til innhold
Anmeldelse

Kaotisk og utilgjengeleg

Denne utstillinga er full av tematiske sidespor.

«Hånd og Maskin» ved Nasjonalmuseet
Foto: Ina Wesenberg / Nasjonalmuseet
Terningkast 2 Kunst

«Hånd og maskin. Arkitektoniske tegninger»

Nasjonalmuseet

17. november 2023 - 31. januar 2024

Den handgjorde arkitektteikninga er ein slags nostalgisk rest av ei verkelegheit som for lengst er forbi.

Fram til datamaskina si tidsalder blei bygningar forma av arkitektar og ingeniørar på store ark med komplekse teikningar.

På 1980- og 90-talet opplevde arkitektane ei dramatisk endring, der deira eige eldgamle handverk gradvis forsvann, og blei erstatta av flunkande nye distanserte digitale verktøy.

I 1991 skreiv arkitekt Christian Nordberg -Schulz til bladet Byggekunst at han sjølvsagt forstod godt at dei nye hjelpemidla både var nyttige og tidssparande, men han meinte at dei braut «den direkte kontakten mellom hjerne og hand…»

Hesselbrand, "Rom uten funksjoner IV", 2016

MODERNE ARKITEKTTEIKNING: «Rom uten funksjoner IV» (2016), av arkitektkontoret Hesselbrand, er ein del av utstillinga ved Nasjonalmuseet.

Foto: Nasjonalmuseet/Andreas Harvik

Dette var ei oppleving han ikkje var åleine om.

Mange følte at dei rett og slett miste grepet om sitt eige yrke. Dette er eit fascinerande tydeleg eksempel på kva konsekvensar eit teknologiskifte kan ha.

Då eg las om utstillinga «Hånd og maskin. Arkitektoniske tegninger», blei eg glad for at museet ønskte å tematisere denne interessante overgangen.

Då eg kom inn i utstillinga blei eg langt meir usikker.

Manglar visuelt hierarki

Utstillinga blir vist i den eine halvdelen av den veldige lyssalen i museet. Her er det pressa inn så mange objekt, bilde, tekstar, skjermar og installasjonar som det i det heile tatt har vore mogleg å få plass til.

Som om ikkje det var nok stimuli for den besøkande, så er i tillegg golvet plastra med gigantiske forstørra fotografi av objekt og symbol knytt til den analoge arkitektverkelegheita.

Her går du bokstaveleg talt på alt frå linjalen, bordlampa, fargeblyantane, pennen, saga og treverket, som skal gi deg eit innblikk i korleis arkitekten ein gong jobba.

«Hånd og Maskin» ved Nasjonalmuseet

MYKJE ULIKT: I utstillinga er det mange montrar, men også ein trappestige og noko som liknar ein slags vinsj, eller arbeidsheis. Det er uklart for meg kva dei tenkjer at alle desse objekta bidreg med i heilskapen.

Foto: Ina Wesenberg / Nasjonalmuseet

Gjennom skulpturbyster og bøker blir vi også mint på den tida då ein orka å fordjupe seg i kunst og bøker; ein refleksjons- og fordjupingskultur som er på veg til å forsvinne.

Bortsett frå desse litt banale referansane, er det elles nokså vanskeleg å få auge på temaet som ligg til grunn i utstillinga.

Det forundrar meg at Nasjonalmuseet lagar ei utstilling som dette; som manglar den mest grunnleggjande innsikta knytt til visuell formidling.

Her finst det ikkje noko visuelt hierarki i det heile tatt.

Alt er like gyldig, og dessverre blir det dermed likegyldig. Det er ingenting som gir oss ei retning og hjelper oss til å sjå eit narrativ i kaoset.

«Hånd og Maskin» ved Nasjonalmuseet

GOD FILM: I ein av desse gåtefulle installasjonane gjekk det i alle fall an å setja seg ned og sjå ein film. Den handla om berekraft og gjenbruk. Ein utruleg fin og viktig film som likevel verka ganske malplassert i forhold til det eg i alle fall trudde var tematikken; nemleg arkitekturteikninga den gong og no.

Foto: Ina Wesenberg / Nasjonalmuseet

Kva skal eg med det?

Eg går frå den eine monteren til den andre.

Philippe Schaerer har skapt nokre digitale collagar av stiliserte hus. Eitt er lilla, eit anna er raudt.

Dei er absolutt vakre og uttrykksfulle, men kva slags rolle spelar desse i samanhengen? Kva slags bilde er det eigentleg? Kunst eller verktøy for arkitektur?

Eg forstår det rett og slett ikkje.

Og betre blir det ikkje etter kvart som eg navigerer meg gjennom virvaret av objekt og element i utstillinga. Éin installasjon består av ni skjermar, der ulike bilde flimrar forbi så fort at det er vanskeleg å danne seg noko oversikt over kva ein eigentleg ser.

«Hånd og Maskin» ved Nasjonalmuseet

KVA SKAL DET BETY?: Her glimtar bileta så raskt forbi at det er uråd å danne seg noko inntrykk av kva som eigentleg blir formidla. Sjølv om eg blir ståande der ei lang stund og sjå, er det uklart kva eg skal få ut av denne installasjonen, og kva slags relasjon det har til tematikken knytt til arkitekturteikninga som medium.

Foto: Ina Wesenberg / Nasjonalmuseet

Det er innsynet frå gata i dei intime lokala til ein barberer. Nokre unge menneske sit framfor noko som liknar høyballar. Her er det husfasadar og bilar som står parkerte langs ein fortauskant. Vi ser inn i eit vakkert stueinteriør med open skåpløysing, der kleda er bretta og organisert etter regnbogens fargar.

Greitt nok, men kva i all verda skal eg forstå ut ifrå dette?

Tematiske avsporingar

Eg blir ståande og gruble ved ei bod med krakkar omkring.

Her heng det kaffikoppar på krokar, og på bordet ligg det ein rosa lapp der det står «Dette må fikses».

Er det meininga at eg skal sette meg her? Drikke kaffi? Fikse noko?

Eg er igjen forvirra.

«Hånd og Maskin» ved Nasjonalmuseet

BLIR FORVIRRA: Nokre av installasjonane verkar interaktive, utan at eg forstår heilt korleis eg sjølv skal inngå.

Foto: Ina Wesenberg / Nasjonalmuseet

Det er ingenting som bidreg til å forklare meg korleis eg eventuelt inngår i denne tilsynelatande interaktive installasjonen.

Litt motlaus set eg meg ned på ein krakk framfor ein skjerm under ein vakkert utført applikasjonstekstil som er spent opp som eit slags solsegl over hovudet mitt.

Endeleg møter eg noko eg kan relatere meg til og som begeistrar meg. Ein film som både er surrealistisk og poetisk og som handlar om det enorme klimaavtrykket i byggebransjen.

Her blir det reist ei rekkje verkeleg viktige og interessante spørsmål knytt til berekraft, gjenbruk og nedvekst.

Både gjennom tittelen og formidlingsmaterialet blir det no varsla om at det skal handle om arkitektteikninga den gong og no.

mona pahle bjerke i nyheitsmorgon

SJÅ: Kunstkritikar Mona Pahle Bjerke fortel om utstillinga i Nyhetsmorgen.

Inntrykket mitt er i grunnen at utstillinga er ganske full av slike tematiske sidespor.

Og dette er nok hovudproblemet i prosjektet: Kuratoren har ikkje klart å velje seg eit tydeleg fokus.

Både tematisk og visuelt står presentasjonen fram som kaotisk og utilgjengeleg.

Dersom ein skulle interessere seg for det nemnde digitale tidsskriftet i arkitekturen, ville eg nok heller ha kjøpt den utmerka publikasjonen som følgjer utstillinga. Den har mykje meir å by på enn utstillinga sjølv!

Hei!

Jeg er frilanser og skriver anmeldelser om arkitektur og kunst for NRK. Les hva jeg synes om KunstsiloNasjonalmuseet, eller 22. juli-minnestedet på Utøykaia. Les gjerne også anmeldelsene av «Floker av tråd og tau» av Magdalena Abakanowicz«Meditasjoner over Dantes Inferno» av Håkon Bleken og «Sylkvasse sting» av Britta Marakatt-Labba. Her kan du også se hva jeg mener var de tolv sterkeste kunstopplevelsene i 2023.