Barselbrøl og bunadsgerilja er omgrep som blir knytta til det omdiskuterte fødetilbodet i Noreg.
Førre veke la Kvinnehelseutvalget fram utgreiinga si om kvinnehelse. Rapporten konkluderer mellom anna med at kvinnehelse ikkje lenger må vera eit særhensyn.
Han held fast på prinsippet om likeverdige helsetenester basert på at helsa til kvinner og menn er ulik.
Kvinnehelse i teater
Noko av den same tematikken er bakgrunnen for at skodespelar Kjersti Botn Sandal no debuterer som dramatikar med stykket «Barselfeber» ved Teatret Vårt i Molde.
Sandal er ikkje den einaste som leverer nyskrive dramatikk om morserfaringar denne våren, «Mødrevariasjonar» ved Teater Vestland inneheld mykje av den same tematikken.
Felles for dei to framsyningane er at teatera har valt å la dramatikaren iscenesetja eigne stykke.
Eg er usikker på om det er lurt.
Begge stykka, og kanskje særleg «Barselfeber», ber preg av ein manglande distanse til eigeskrive stoff i iscenesetjinga.
BARSELVISITT: Blomar er ein viktig del av anerkjenninga til ei nybakt mor – for nokon. Her er bukettberar Johanna Mørck, nybakt mor Sara Fellman (i midten) og babyen (Linn Wennersten).
Foto: Teatret VårtBabyliv
«Barselfeber» er ei forteljing om tre kvinner sine forhold til det å bli mor.
I starten av stykket møter me ei kvinne som noko uførebudd får sitt første barn og strevar med å leva opp til forventningane som finst rundt det å bli mor og alt ein skal gjera rett.
Dotter hennar har ei anna innstilling: I løpet av stykket føder ho tre barn og blir nesten eten opp av morsoppgåvene.
Den tredje kvinna er jordmora som aldri fekk eigne barn.
Stykket har mange element som vil vera lett å kjenna igjen for alle med morserfaringar, og det bringer fram interessante perspektiv knytt til barseltid og forventningar frå ein sjølv og omverda.
Babylivet blir godt spelt ut, og særleg god er framsyninga i dei fysiske sekvensane. Å bera fram barn og å bera dei vidare i livet er fint visuelt framstilt av skodespelarar og regissør.
NY I VERDA: Fødslar er skildra gjennom fin koreografi. Sara Fellman (ståande) og Linn Wennersten i framsyninga «Barselfeber».
Foto: Teatret VårtSette på mute
Men om ein les omtalen til teateret av stykket, held det ikkje heilt det det lovar.
Dei tek rett nok opp tematikk som gjeld mange, kampen for eit trygt fødetilbod kan kvinner over heile landet kjenne seg igjen i.
Men eg opplever ikkje at teksten eller iscenesetjinga drøftar dette – det vert meir ei skildring.
Det vert ikkje bygd opp til store kontrastar eller nokre sentrale dramatiske høgdepunkt fordi teksten ikkje riv seg laus frå konvensjonar som finst rundt kvinnehelse, føding og barselliv. Framsyninga vel heller å vise dette fram med rike perspektiv.
Innanfor ramma er det leikent, men ramma opplevast noko snever. Som om nokon har «muta» barselbrølet, på eit vis.
Ikkje underbemanna
Sara Fellman gjer gode roller både som baby og mor. Morstilknytinga og mangel på denne blir gripande i tolkinga hennar.
Scenografien gir ikkje oppleving av ei underbemanna fødeavdeling, slik teateret meiner han gjer, teaterrommet kunne like gjerne vore forrommet til eit spa. Det er ikkje noko slags hektisk preg, ikkje noko som står på spel, anna enn livsens gong.
Dei beige draktene fungerer godt – der konturane av bryst og navle også kan sjåast som eit slags smilefjes.
FEKK PRIS: Sara Fellman gjer ein sterk prestasjon både som baby og sidan som mor i framsyninga «Barselfeber». Under framsyninga 16. mars fekk ho prisen «Fiskerjenta» frå Teatrets venner for innsatsen ved Teatret Vårt.
Foto: Teatret VårtKjensla av å bli mor blir godt skildra både av Johanna Mørck og Sara Fellman.
Forventningane om å feira det å ha vorte mor – og dertil høyrande skuffelse når ingen bryr seg om fødebragda til den første fødande kvinna, seier noko om kva status det å bera fram eit barn har.
Scena når denne kvinna seinare blir bestemor og fører med seg eit blomsterhav som helsing til dottera (som ikkje bryr seg om blomar), er også talande.
Stykket kan sjåast på som eit skrik om merksemd om anerkjenning for det å føda – men det er veldig lågt og forsiktig skrike.
HEI: Sara Fellman som nyfødd baby, Linn Wennersten som jordmor.
Foto: Teatret VårtMeir urkraft
– Det står ikkje statuar av kvinner som har fødd 12 barn rundt omkring, men det finst mange statuar av menn som har gått på Mount Everest, har dramatikar Sandal uttalt i samband med premieren.
Dramatikardebuten hennar viser at ho har vilje og teft for tematikk, men også at det er meir å henta, grava etter og skriva fram spenningar om – i dette materialet som i anna.
«Barselfeber» har likevel vorte ein tankevekkjande, vár og attkjennande time i teateret.
Men det skulle vore litt meir som fødande kvinner flest: snappy, rasande og med urkraft i fråsparka.
Hei!
Eg melder teater, scenekunst og dans for NRK som frilans. Les også meldingane mine av «Nei og atter nei» på Riksteatret, «Kokosbananas og moromaskinen» på Teater Ibsen, eller «Et glass til» på Christiania Teater.
Endringslogg 21. mars: Ordet «hudfarga» er teke ut og bytta med «beige» i setninga «Dei beige draktene fungerer godt – der konturane av bryst og navle også kan sjåast som eit slags smilefjes».