Hopp til innhold
Anmeldelse

Sterk historie om eit altfor kort liv

Vidar Kvalshaugs versjon av historia om Ari Behn er både klok og hjarteskjerande.

Vidar Kvalshaug og bokomslag "Ari . Bohemen og bøkene"

STERKT PORTRETT: Vidar Kvalshaug har skrive ei sterk og fascinerande bok om venen og kollegaen Ari Behn, utan å køyre på med skandalar og avsløringar.

Foto: Maja Hattvang / Cappelen Damm
Bok

«Ari – bohemen og bøkene»

Vidar Kvalshaug

Sakprosa

2020

Cappelen Damm

Den som tek på seg å skrive om Ari Behn, går inn i eit landskap der fallgruvene ligg tett. Mytane om diktaren er mange og dels skapte av han sjølv, han vinn prinsessa, han flyg høgt, kastar hanskar og slyngar ut store ord, han dyrkar problematiske litterære heltar og omgir seg med vidløftige sjeler.

Det er storslått. Om han ikkje hadde eksistert, kunne Jan Kjærstad ha dikta han opp.

Men som vi alle veit: Til slutt blei Ari Behn innhenta av eit mørke så ugjennomtrengeleg at han gjorde ende på sitt eige liv.

Den som skal skrive om denne forfattaren, må ha den tragiske døden som fondsvegg. Kvifor skjedde det? Kan ein finne frampeik om sjølvmordet i liv eller skrift?

Forfattar frå barneskulealder

Boka «Ari – bohemen og bøkene» er skriven av ein mann med mange hattar. Vidar Kvalshaug er ven, kollega, biograf, og i boka leverer han i tillegg råd om kva som bør skje med etterlatne skrifter. Han presenterer heile hattehylla og sjonglerer heilt fint med hattane etter tur. Meir imponerande er det at han balanserer på kanten av fallgruvene utan å deise ned i nokon av dei.

Dei som leitar etter pikante avsløringar om skandaløse nachspiel, indre liv i kongehuset, ekteskap og skilsmisse, leitar forgjeves. Kvalshaug skjer historia tett til rundt hovudpersonen. Det er likevel ingen pen og pynta versjon vi får her, slett ikkje.

Vi er tett på kunstnaren, heilt frå han på barneskulen skriv i dagboka til ein medelev at han vil bli «Don Juan og forfatter». Kvalshaug kliner til, noko anna skulle tatt seg ut.

Valte han feil idol?

Eit slåande trekk frå tidleg ungdom, er det intense forholdet til ulike forbilde: Jack London, Ernest Hemingway, Jack Kerouac, William Burroughs. Og han var ikkje berre ute etter å studere korleis dei skrudde saman tekstane sine, han søkte dei som idol, han oppsøkte stadene deira og skreiv seg inn i livsløpa.

Og, som Kvalshaug viser, der eigne erfaringar ikkje stemte inn i dei biografiske detaljane til idolet, der tok diktinga over og fekk detaljane på plass. At livet set spor i diktinga til folk er ein kjent sak, av og til er det slik at diktinga legg føringar for livet.

Eit dystrare trekk som Kvalshaug hentar fram tidleg i boka, er at fleire av dei forfattarane Ari Behn dyrka som heltar skriv om sjølvmord, eller dei tek sitt eige liv, eller begge deler. Vi får også vite at Behn dei siste månadene han levde, funderte på om han hadde valt feil rollemodellar.

No var det neppe Ernest Hemingway som tok livet av Ari Behn. Men historia viser at fokuseringa på død og sjølvmord har hatt ei dragning på den unge forfattarspiren.

Bitar som ikkje heilt glir på plass

Kvalshaug viser fram paradoksa og let dei stå utan for mykje forklaring: Ari Behn var forfattaren som tok i bruk store ord og dramatiske fakter, men som sleit med å halde seg unna rampelyset i tyngre stunder. Han var riddaren som forsvarte kvinners ære, mens han dyrka hardkokte forfattarar som ikkje i same grad dyrka riddarideala. Han spente over mykje og han var til tider sin eigen verste fiende.

Ingen ting av dette er ukjent for den som har følgt med i avisene. Styrken ved denne boka, er at alt dette blir vekta og vurdert og sett saman mellom to permar. Ikkje til eit fullt utpensla portrett, men som ein mosaikk. Inntrykket av mosaikk blir forsterka av at Kvalshaug har intervjua ei rekkje vener, kollegaer og forlagsfolk og let dei kome til orde.

Slik kjem vi også tett på sjølve arbeidet hans på ein ny måte: sjølve forfattargjerninga, frå idear på lappar og fram til ferdig resultat. Ikkje overraskande var Behn full av idear og opningar, men sleit meir med ferdigstillinga og det nitide arbeidet med redaktørar for å få teksten til å sitje.

Fascinerande bok om fascinerande forfattar

Kvalshaug tek både livet og døden til Ari Behn på største alvor, utan å proklamere den endelege versjonen. Han har vore med på deler av ferda, og han greier å sjå Ari Behn på avstand. Han vurderer, men dømer ikkje. Han fyller ut bildet med informasjon frå relevante kjelder, som ikkje alltid har same synet på sakene.

Sjølvsagt er barndommen her, og kongehuset, men berre der det trengst for å kaste lys på hovudpersonen. Det er ryddig. Kvalshaug er god på skildringa både av bohemen og bøkene, og det er ikkje irrelevant når han sluttar frå dikt til liv og omvendt. Svakast er han når fell inn i allmenne synsmåtar på slikt som forfattargenerasjonar, fedrar og søner eller skilsmisser. Dei som les denne boka, vil ikkje trenge slike innspel.

Tilbake til Ari Behn: Har vi han no? Slett ikkje. Så er jo også dette audmjukt kalla for «Én versjon». Fleire av dei ufatteleg mange Ari Behn var i kontakt med, vil nok sitje både på fleire fakta og alternative tolkingar. Og litteraturforskarane har sikkert sitt å kome med. For ordens skuld: Eg er sjølv skriven inn i denne boka som kritikar, men har ingenting å leggje til eller trekkje frå i denne samanhengen.

Mens vi ventar på fleire versjonar og eit større bilde: «Ari – bohemen og bøkene» er eit fascinerande og mangesidig stykke litteratur om eit fascinerande og mangesidig menneske.

Anbefalt videre lesing: