Hopp til innhold

Ari Behn på sporet

Ari Behn dyrkar det knappe formatet og det gjer han rett i, sjølv om det til tider kan bli i knappaste laget. Det gjeld for strykingar som for så mykje anna i livet: Å stoppe i tide.

Ari Behn

Ari Behn si nye bok «Tiger i hagen», er som dei føregåande novellesamlingane, ein tynn liten sak, men mykje får plass.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Sidan den smått legendariske debuten i 1999 har Behn gitt ut tre romanar og tre bøker med forteljingar. Og sjølv om den første romanen, «Bakgård», var lovande; det knappe formatet passar forfattaren best. Årets volum, «Tiger i hagen» er som dei føregåande ein tynn liten sak: Her er 11 forteljingar spreidd ut over om lag 80 tekstsider med nok luft rundt.

Folk er folk i Missingmyr som i Timbuktu

Trass i det knappe formatet er det mykje som får plass på sidene: vi er i London, Timbuktu, Missingmyr, Las Vegas og Senja, for å nemne nokon av adressene. Og trass i det nøkterne og lite utpenslande språket, er det store spørsmål som blir turnert:

Det handlar om å gjere vanskelege val, det handlar om kva du får og ikkje minst kva du misser når du har gjort eit val, det handlar om det motsetningsfylte forholdet mellom to som – i alle fall i utgangspunktet – elska kvarandre, og det handlar om foreldre og barn. Ja, og om døden. Og om spenninga mellom å ha kontroll og å gje slepp. For no å ta dei mest opplagte temaene.

Forskjellen på knapt og knapt

Går det an å skrive interessant om så store spørsmål på så liten plass? Både ja og nei. Som i dei tidlegare bøkene, er også denne ujamn. Av og til går det riktig bra. Her er eit møte mellom to som openbert har ei fortid saman som vi får vite lite om:

Hun sto og ventet på ham i lobbyen. De hilste som gamle kjente, gikk arm i arm til skranken, sjekket inn som et ektepar. Ansiktet hennes var oppblåst. Eva Berger var kledd i en rød kjole og han kunne ikke late som om hun ikke var blitt svært forandret. Det var gått mer enn tjue år siden sist de møttes.

«Du holder deg godt,» sa han, og forsøkte å smile.
«Jeg skal snart dø,» sa hun. «Du behøver ikke å lyve for meg.»

Utdrag frå «Tiger i hagen»

Etter eit temmeleg gjennomsnittleg samleie køyrer mannen vidare i same positive og løgnaktige – eller i alle fall lite oppriktige – stil:

«Det er deilig å elske med deg igjen,» sa han.
«Du er altfor snill,» sa hun og tente en sigarett. «Jeg er en skygge av meg selv.»
«Eva,» sa han. «Dette skal gå bra.»
«Nei,» sa hun.

Utdrag frå «Tiger i hagen»

Dei to får karakterisere seg sjølv indirekte gjennom replikkane i dialogen, og det er nok. Andre stader er forma så knapp at teksten skjenar inn mot det banale.

Hun synes ikke det finnes noen verre mann enn Magnus. Hun synes heller ikke det finnes noen bedre mann enn Magnus. Han er alt for henne. Det verste og det beste.

Utdrag frå «Tiger i hagen»

Her er kategoriane så abstrakte og slappe at stemninga kollapsar, og betre blir det ikkje av at denne kvinna tidlegare har konstatert at ho både hatar og elskar Magnus. Slikt dreg ned i den elles sterke forteljinga «Døden er en avsporing».

Forskjellen på sjølvbiografisk og sjølvbiografisk

Tiger i hagen

«Tiger i hagen»

Det finst også variasjon i kvaliteten mellom forteljingane. Den svakaste er faktisk tittelforteljinga: «Tiger i hagen». Her skjenar forfattaren inn mot det sjølvbiografiske og så kan jo alle lure på kva tigeren skal illustrere der han luskar rundt i hagen til ein norsk trebarnsfamilie i London.

Somme forfattarar er på sitt beste når dei skriv sjølvbiografisk, hjå andre er det tvert i mot. Medan ein Tomas Espedal og ein Karl Ove Knausgård når store høgder innanfor denne spesialdistansen, er Ari Behn og Herbjørg Wassmo forfattarar som skriv best når dei har ein større distanse mellom seg sjølv og teksten. Kvifor er det slik?

Ein grunn kan vere at dei to førstnemnte utforskar, kvar på sitt vis, livet og eksistensen, medan Behn og Wassmo er ute etter å kome med sin versjon. Hjå Behn har det sjølvbiografiske også på sitt verste eit drag av åtak på media og andre han opplever ikkje vil han vel. Dette er tydelegast i dei to seinaste romanane hans. Eller altså i tittelforteljinga i årets bok.

Kunsten å overskride

Når det er sagt, er fleire av historiene fortetta og spenningsfylte. Eg nemner i fleng: «I god behold», «Sex med Osama bin Laden», «Stein og skygge» og «Spor i sanden». I dei to sistnemnte har forteljarane eit oppriktig ønske om, på eit mellommenneskeleg nivå, å overskride motsetningane mellom «oss», alternativt «eg», og dei «andre».

I «Stein og skygge» er det ein asylsøkjar frå eit asiatisk land som ber på denne visjonen, i «Spor i sanden» er det ein kvit mann som trur at han vil bli forstått av tuaregane viss dei berre kan forstå at han, som enkeltindivid, står dei nær sjølv om dei kanskje hatar hans gruppe. Det ligg ein vakker naivitet i dette, spesielt i den siste.

«Tiger i hagen» er fullt på høgde med dei to tidlegare bøkene med forteljingar frå Ari Behn. Vi kjenner att fleire av stadene der handlinga er lagt, vi kjenner att nokon av spørsmåla som er oppe, og vi kjenner ikkje minst att den knappe stilen. Det har blitt eit forfattarskap ein gjenkjenner frå gong til gong, både på godt og vondt. Mest på godt.

  • Forfatter Ari Behn leser fortellingen "Stein og skygge", i den nye novellesamlingen "Tiger i hagen".

    Ari Behn les forteljinga «Stein og skygge», frå samlinga «Tiger i hagen».

  • Les også: – Det må koste å skrive

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters