Av:
Marta Norheim
I romanen «Bakgård» var det såpass stor avstand mellom forfattar Behn og hovudperson Andreas at det gjekk ganske greitt å lese den som ein roman. I «Entusiasme og raseri» liknar hovudpersonen, Kryx, på sin opphavsmann, eller i alle fall på mediebildet av han.
Kryx har ein terning tatovert på skuldra, og han gaular at han er den nye vinen på Theaterkafeen saman med utagerande vener. Dermed blir vi pressa til å lese biografisk, og verre blir det når også ein blond rappkjefta TV-kjendis dukkar opp og blir kjærasten frå helvete. Med representantar frå den kulørte presse og eit par kompisar på slep, dreg dei to unge til Las Vegas for å gifte seg, fordi Vera Sara - som kjærasten heiter - ropte at det var planen til ein gjeng nysgjerrige pressefolk - for å tøffe seg.
Biografisk kål
Nøkkelromangrepet er til overmål kombinert med "larger-than life"-trikset slik at både rus og sex og draumar om kjendisstatus blir levert i storleik XXL. Ein skal følgje uvanleg dårleg med for ikkje å kjenne att Anne Kat Herland, Jono el Grande og Per Heimly her, og ein skal vere temmeleg garva for ikkje å synst det er pinleg å få levande modellar plassert i dei sentrale rollene i denne historia.
Om ein greier å halde fast at dette er fiksjon, som det jo er, ser ein konturane av ein kjend samtidsgestalt, nemleg den unge mannen som berre kan leve når han blir sett av andre. Og slike går det an å dikte gode romanar om, her kokar han bort i den biografiske kålen.
Det er ein trend i tida å skrive biografiske romanar. Men sjeldan går det så tungt utover andre enn forfattaren, og sjeldan har det vore mindre tydeleg kva som er formålet. Ari Behn treng ikkje å lage skandale for å bli lagt merke til. Han blir lesen uansett. At han ikkje nyttar høvet til å skrive noko meir vesentleg enn dette her, er meg ei gåte.
Kulturnytt, NRK P2, 11. oktober 2006
Lenker