Bokmelding av Arnhild Skre.
Ei bok er død året etter, hevdar forlagsfolk og bokhandlarar.
Ein kritikk er uinteressant å kome med månaden etter at boka er på marknaden, blir det sagt i medieredaksjonane.
Helst skal sentrale romanar meldast på utgjevingsdagen.
Vi dagsmediemeldarar held likevel fram med å felle våre dommar med stor suffisanse.
Men eg mistenkjer at omløpstempoet i den litterære offentlegheita dei siste åra er blitt høgare enn lesehastigheita hos kritikarkorpset.
Ein lette er det difor når ein aviskritikar fortel at opplevinga hennar av bøkene utviklar seg også etter at nyheitslyset er slått av.
At refleksjonen rundt opp til fleire samtidsromanar blir djupare av tidsavstanden og kan foregå i årevis etter første lesing.
Treffsikre oppsummeringar
Innsikta i kva dagsmelderiet etterlet av uferdige tankar, er ei av gledene ved å lese Ane Farsethås si essaysamling «Herfra til virkeligheten. Lesninger i 00-tallets litteratur».
På ti år har ho blitt ein av våre skarpaste og mest respekterte litteraturkritikarar, først i Dagens Næringsliv, det siste året i Morgenbladet.
Hennar dagsvurderingar har stor vekt. Ettertankane er det endå større grunn til å bruka tid på.
Ikkje fordi Farsethås sine essays nødvendigvis er så velskrivne. Ho fører ein relativt tørr prosapenn, men han er analytisk sterk.
Å følgja hennar tanke, opnar bøker og forfattarskap.
Dei treffsikre oppsummeringane er ei glede å lesa, sjølv om det er langt mellom språkdrammane.
- LES OGSÅ:
Gjenlesing
Det er heller ikkje slik at Farsethås i denne boka vedgår å ha teke feil i vurderingane som måtte gjerast i tidskamp med deadline. Den typen spenning eller sjølverkjenning blir lesaren snytt for.
Til gjengjeld fortrur Farsethås oss fleire stader kva sider ved litteraturen som først utfalda seg i henne ved gjenlesing.
Og endeleg er det ikkje eit overraskande utval forfattarar som ettertanken hennar har krinsa rundt.
Ho held seg i eit trygt highbrow-segment: Abo Rasul, Trude Marstein, Carl Frode Tiller, Hanne Ørstavik, Jon Fosse, Thure Erik Lund, Karl Ove Knausgård og nokre få andre.
Her finst ingen analyse av splattertendensar i Jo Nesbø sitt forfattarskap, eller språklege nyansar i Anne B. Ragdes skildring av grisebønder og gravferdsagentar.
Dei som får karakterisera Farsethås sitt 00-tal, er alt etablerte som vesentlege i tiåret.
Coolheitskrav og autentisitetsjakt
At ein tendens i dette tiårets skjønnlitteratur er jakta på verkelegheitskjensle, er heller inga bombe.
Men Farsethås har eit vidare overblikk enn boktittelen røper, og ho har evne til å dra fram også andre karakteristiske trekk ved det ho finn mest interessant i det vellet av skjønnlitteratur som har komme frå norske forlag dei siste ti åra.
Coolheitskravet og autentisitetsjakta etter postmodernismen, er eitt av desse trekka.
Overskriding av den postmoderne realismekritikken. Hjerneheltinnene som kjem til og utfordrar dei kjenslefylte kvinneklisjéane, er eit anna.
Meiningstapet som fører forfattarar ”På sporet av den tapte Gud”, som det heiter i Farsethås sin mest vellukka kapitteltittel. Det vitale overskotet i Thure Erik Lunds nedrivande språkprosjekt.
Og til slutt den forfattaren Farsethås ser ut til å finna mest interessant, Karl Ove Knausgård og hans desperate jakt på verkelegheit. Eit essay som fyller nærare hundre av bokas vel tre hundre sider.
- LES OGSÅ:
Fleistemmigheit
Dei sju djuplesingane av enkeltforfattarskap som boka består av, er gjevande lesnad og til tider imponerande.
Men eg synest likevel at Farsethås er best når ho utfordrar denne trygge hovudstrukturen i boka og stiller fleire forfattarstemmer saman.
Slik ho gjer i si fine drøfting av Jon Fosse og Hanne Ørstaviks kompromisslause alvor.
Fleirstemmigheita viser seg også fruktbar og skaper meir spennande tekst.
Som når Gunnhild Øyehaug, Marit Eikemo, Olaug Nilsen og Jon Øystein Flink får vera med og dokumentera korleis den evige sjølvrefleksjonen og spørsmål om autentisitet er eit karakteristisk drag ved tiåret.
«Uttalt kjensle av uverkelegheit»
Det innleiande essayet er staden der Farsethås mest strukturert serverer dei hovudtema som har fanga tanken hennar på 00-talet.
Og eg vel å sjå det som eit kvalitetsteikn at denne subjektive opningsteksten så mange stader egga meg til å seia henne imot.
Ho dreg historiske linjer frå keisemda som fleire skriv om, tilbake til dekadansen på 1890-talet.
Men når ho beskriv korleis samtidslitteraturen er prega av personane sin «uttalte kjensle av uverkelegheit», er det underleg at ikkje Obstfelder er nemnt som litteraturhistorisk parallell.
I det heile lurer eg på kvifor Farsethås, som skriv så mykje om framandkjensle, ikkje nemner framveksten av modernismen før i ein fotnote om Virginia Woolf på side 32. Har eg lese dårleg? Eller er modernismereferansen så sjølvsagt at han er innforstått?
Og medan vi snakkar om historiske ekko: Farsethås legg lite vekt på den talande historiske parallellen Hanne Ørstavik dreg i Presten. Mellom nåtidspresten Liv i Kautokeino og presten Hvoslef, som blei teken til fange under Kautokeino-opprøret i 1852.
Liv forskar på Kautokeino-opprøret. Den gongen braut kommunikasjonen mellom Hvoslef og soknebarna hans saman i ein slik grad at opprørarane piska han, og folka hans blei dømde til døden for det.
I notid slit Liv med å kommunisere med soknebarna sine og tankane hennar kvernar rundt språk, å gjera seg forstått, å nå fram, å forstå.
Eg stiller meg dessutan tvilande til påstanden om at Geir Gulliksen var den første som skreiv om dreiinga mot «verkelegheit» i skjønnlitteraturen.
Alt godt sagt om Gulliksen som altså har vore forlagsredaktør for Knausgårds ”Min kamp 1-6”, eit poeng Farsethås vektlegg.
Men Farsethås sitt perspektiv kjennest for snevert når ho i så liten grad belyser det norske 00-talet med kva som har skjedd av litteraturutvikling og -analyse utanfor Noreg i desse åra.
- LES OGSÅ:
Saknet av ein fiende
«Det gylne buret» er ein av metaforane Farsethås brukar for å få fram endå ei side ved dei romanane ho har valt seg ut frå det siste tiåret: Kjensla av å leva i verdas rikaste land, men likevel ikkje kunna utretta stort.
Ingenting har verkeleg stått på spel i velferdsstaten. Saknet av ein knusande fiende som krev motstand og kan overvinnast, er nemnt av fleire forfattarar når meiningstapet skal forklarast.
Det at denne grusomheita viste seg 22. juli i fjor, får Farsethås til å undra om verkelegheita endeleg er blitt verkeleg nok også for forfattarane. Og om analysen hennar av 00-talslitteraturen dermed er blitt datert.
Eg håpar ho om ti nye år skriv ei ny bok med ettertenksame og vidfemnande essays som gjev henne – og oss – svaret og mange andre svar på kvar litteraturen no er på veg.
- LES OGSÅ: