Hopp til innhold

Her står sjøauren i fare

Bestanden av sjøaure i heile Romsdalsfjorden står i fare for å bli så lav at ein ikkje lenger kan fiske. Oppdrettsnæringa får skulda.

Vatnefjorden

Det er stor oppblomstring av lakselus i sommar. Aller verst er tilhøva i Vatnefjorden viser prøvene frå Havforskingsinstituttet. Der var all fisk smitta av lus.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Sjøørret i Måndalen

Dette biltete er teke 20.juni i Måndalen. Fisken var 168 gram og hadde 182 lakseluslarver. Fisken hadde totalt over 300 lus, opplyser Norsk institutt for naturforsking.

Foto: Birk Rosvoll Finstad

Rapporten som Havforskingsinstituttet offentleggjorde i slutten av førre veke er skremmande lesing. Seks stadar i Romsdalsfjorden har forskarane fiska etter sjøørrett. Ved fire av lokalitene var all fisk infisert av lus, og mengda lus var svært høg. Mykje av fisken hadde sår etter luseskadar.

– Eg vil karakterisere tilhøva i Romsdalsfjorden som urovekkjande, seier forskar På Arne Bjørn. Blant dei lokalitetane som er undersøkt hittil, er Romsdalsfjorden landsversting når det gjeld lakselus.

Også i ytre delar av Sognefjorden er det meir lus på vill sjøaure samanlikna med same tid i fjor. I Sør-Noreg starta overvakinga i mai, men nord for Trøndelag startar den seinare fordi temperaturen i vatnet er lågare.

Laksen kjem til å døy

Aller verst er tilhøva i Vatnefjorden i Haram. Der prøvefiskja forskarane i dei to første vekene i juni. All fisk dei fekk var infisert av lus og fleire av fiskane hadde hundrevis av lakselus på seg. Havforskingsinstituttet meiner at dette vil føre til svært høg døyelegheit på sjøauren.

I verste fall kan bestanden bli så lav i Romsdalsfjorden at ein ikkje kan fiske aure her.

LES OGSÅ:

Oppdrettsanlegga får skulda

– Smittetrykket på vill laks, kjem på grunn av ein kombinasjon av talet på oppdrettsanlegg i ein fjord og kor mykje lus det er i det anlegget som kan spreie seg, seier Bjørn.

Han ser berre to løysingar. Det er å redusere lus på oppdrettslaksen eller ha færre oppdrettsanlegg.

(Saken fortsetter under bildet)

Sjøaure med lakselus

Havbruksnæringa ynskjer seg eit mindre rigid regelverk for kor tid dei kan sette i gong våravlusing.

Foto: Havforskingsinstituttet / NRK

Gjer sitt beste

I Romsdalsfjorden er det 16 oppdrettsanlegg.

– Det er lett å seie at oppdrettsnæringa har skulda, men det er ein viss grad av uvisse kor tett koplinga er mellom lus på havbruk og villfisk, seier Kjetil Rykhus i Fiskeri og Havbruksnæringens Landsorganisasjon FHL.

Han seier at oppdrettsnæringa i Romsdal gjer det dei kan for å halde lusenivåa låge. Eit av dei viktigaste tiltaka er å behandle fisken tidleg fordi ein opplever at ein del av lusa er resistente mot legemiddel. Næringa er også samde om å starte frivillig slakting dersom behandlinga ikkje har god effekt.

For strengt regelverk

Havbruksnæringa ynskjer seg eit mindre rigid regelverk for kor tid dei kan sette i gong våravlusing. No er det bestemt i forskrifter når dette skal skje.

– Vi meiner at ein fleksibilitet rundt tidspunktet for våravlusinga, kunne gitt lågare lusetal, seier Rykhus.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL