Hopp til innhold

Her blir laksen «skoten» med laser: – Kan halvere dødelegheita

I løpet av året vil lasermetoden brukast av ein fjerdedel av norsk oppdrettsproduksjon, ifølge gründer. Men forskar seier vi veit lite om kor effektivt det er.

På ein oppdrettsmerd i Vesterålen i Nordland står Roar Kuntze.

Driftsleiaren hos oppdrettsselskapet Nordlaks skildrar ein ny og skånsam metode for å motverke lakselus med laser.

– Den fisken som svømmer forbi her vil bli skoten, ja, seier Kuntze.

Ein grøn laser sender dødelege dosar med grønt lys mot ein plagsam parasitt: lakselus.

En oppdrettslaks fra en merde i Raftsundet i Hadsel kommune i Vesterålen.

Driftsleiar Roar Kuntze viser fram ein laks med lus på seg.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / Lars-Bjørn Martinsen/NRK

Ved hjelp av avansert bildebehandling og maskinlæring blir lusen på fisken kjent att, og avliva.

Det høgteknologiske laservåpenet kan halvere dødelegheita blant oppdrettsfisk, hevdar selskapet sjølv.

– Fisken reagerer ikkje på laserstrålen, han gjer ikkje det. Og eg trur ikkje at dette hadde fungert så godt som det gjer viss at fisken hadde følt smerte, seier Kuntze.

Luselaser skyter lakselus i oppdrettsmerde

Her skyt ein luselaser frå produsenten Stingray lakselus i oppdrettsmerden hos selskapet Nordlaks i Raftsundet i Hadsel kommune i Vesterålen.

Foto: Nordlaks / Nordlaks/Deadline

Meiner fisken ikkje tar skade

Det er selskapet Stingray som står bak den heilnorske og globalt patenterte teknologien.

Med-gründer og dagleg leiar, John Arne Breivik, meiner at luselaser kan halvere dødelegheita i norsk oppdrett. Han gir følgande forklaring på at laksen ikkje tar skade frå laseren.

– Skinnet på fisken reflekterer den bølgelengda som vi har, men lakselusa absorberer den energien som kjem frå laser-eininga.

John Arne Breivik, daglig leder, Stingray

John Arne Breivik er gründer og dagleg leiar for produsenten av laservåpenet, Stingray. Han hevdar at det ikkje er meldt om skadar på fisken.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / Lars-Bjørn Martinsen/NRK

Dermed blir lusa kokte og døyr mens laksen svømmer vidare uskadd, ifølge produsenten.

– Så når det då ikkje er meldt om ein einaste skade eller behandlingsdødelegheit på fisken og det har vore ei rekke undersøkingar, så er det ein heilt openberr betre fiskevelferd i lasermerd kontra alle andre anlegg.

– Kva har de gjort for å undersøke korleis bruken av laser påverkar fiskehelsa?

– Det er noko vi gjorde i åra 2010–2013 då vi var gjennom ei rekke forskings- og utviklingssteg, så i god tid før vi lanserte hausten 2014. Så hadde vi møte med både Mattilsynet og Fiskeridirektoratet for å sjekke at vi hadde gjort det vi skulle.

Åpnet luselaser fra selskapet Stingray.

John Arne Breivik (til venstre), dagleg leiar i Stingray og Magid Saedi (t.h.), teknisk leiar hos Stingray, står over ein såkalla luselaser som er skrudd opp slik at ein ser maskina på innsida.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / Lars-Bjørn Martinsen/NRK

Satsar 100 millionar kroner

Lakselus er ei stor utfordring for oppdrettsnæringa. Det er også dødelegheita blant fisken. I 2023 døde rekordmange oppdrettslaks i sjøen.

Kvar sjette laks døyr i norsk oppdrett før han er slakteklar.

Tøffe behandlingsmetodar mot lus, som blant anna kjemikaliar, varmebad og spyling, er ein viktig del av årsaka.

Oppdrettslaks hopper

Oppdrettslaks hoppar i merd i Raftsundet i Hadsel kommune i Vesterålen.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / Lars-Bjørn Martinsen/NRK

Les også Lakseskatt kan ha ført til milliardtap for staten og norske kommuner

En av Salaks lokaliteter for oppdrett.

Nordlaks i Vesterålen er det sjette største oppdrettsselskapet i landet. Dei satsar no over 100 millionar kroner på å skyte lus med laser i merdane.

Stingray har levert luselaser i ti år, men det er først no at produktet tar av for alvor. I løpet av året vil det brukast i 25 prosent av norsk oppdrettsproduksjon, ifølge selskapet.

Driftsdirektør i Nordlaks, Bjarne Johansen, forklarar at dei brukar luselaser fordi dei meiner det er eit godt bidrag til å motverke lusen utan å røre fisken.

Havfarmen i Hadsel, Bjarne Johansen, driftsdirektør Nordlaks

Bjarne Johansen opplyser om at dødelegheita på anlegget er på rundt 6 prosent i gjennomsnitt i løpet av produksjonen i havfarmen.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

– Erfaringa vår med laserbruk er veldig god. Vi ser at vi klarar å halde kontroll på lusenivåa i anlegga så lenge vi legg inn dei ressursane som trengst, seier Johansen.

– Men viss laseren er dødeleg for lusa, er han ikkje også skadeleg for laksen?

– Det vi ser på når vi vurderer om dette har skadelege effektar på laksen eller ikkje, det er å samanlikne dei lokalitetane der vi har hatt luselaser med dei som ikkje har det. Og i den konteksten så er det vår vurdering at vi ikkje ser teikn til den type skadelege effekt.

Forskar: – Ikkje nok kunnskap

Frode Oppedal er seniorforskar ved Havforskingsinstituttet i faggruppe dyrevelferd. Ifølge han veit ein lite om kor effektivt luselaser er fordi det er få studiar som har studert dette.

I ein studie frå 2019 studerte Oppedal og andre forskarar effekten av luselaser i såkalla tubenøter, og ikkje i konvensjonelle merdar.

Det betyr at studiet ikkje blei gjort i ei konvensjonell, eller vanleg, not.

– Når vi brukte laseren i tubenøter etter beste evne og beste praksis, såg vi ingen avlusande effekt av laseren.

Frode Oppedal, havforskingsinstituttet

– Eg vil gjerne teste ut laseren i ulike størrelsar merdar, med ulik størrelse fisk og ulik mengde lus på fisken, for å finne ut kor effektiv laseren er, seier Oppedal.

Foto: Christine Fagerbakke

– Men samtidig, når du snakkar med oppdrettarar så er det nokre som brukar det og seier at det verkar for dei. Så det må jo verke, men kor er tala? seier Oppedal som påpeikar at det ikkje er nok kunnskap til å vise kor effektivt laser er under ulike forhold.

– Desperate behov for mildare former

Dyrevernalliansen etterlyser dokumentasjon med tanke på fiskehelsa, men seier at luselaseren verkar lovande.

– Det er eit desperat behov etter mildare former for avlusing, seier zoolog Susanna Lybæk.

Susanna Lybæk, senior fagrådgiver, Dyrevernalliansen

Dyrevernalliansen etterlyser vitskapelege undersøkingar om korleis helsa til fisken blir påverka.

Foto: Magnus Thorén / Magnus Thorén/NRK

Dei vil ha vitskapelege undersøkingar på bordet for å sjå korleis helsa til fisken blir påverka.

– Eg har etterlyst dokumentasjon og eg har ikkje fått han tilsendt frå Stingray sjølv med fleire førespurnadar.

Difor kan ho heller ikkje uttale seg i kva grad det stemmer, selskapet sine eigne påstandar om at fisken ikkje tar skade av luselaseren.

Les også Regjeringen åpner for oppdrett til havs: – Kan bli en stor fremtidsnæring for Norge

Træna sett fra Lovund

Ulike erfaringar frå bransjen

Ei som har sanka erfaringar frå oppdrettsbransjen om bruk av luselaser i konvensjonelle fiskemerdar, er Mari Viken Kjønstad. Ho er utdanna veterinær og jobbar som seniorrådgivar fiskehelse i fiskehelsetenesta Åkerblå.

I eit FHF-prosjekt om lusepraksis har ho og fleire gjort ein litteraturstudie kor dei ser på kva som er dokumentert samtidig som dei hentar inn erfaringar frå næringa på Vest-Noreg, Midt-Noreg og Nord-Noreg.

I nord svarte omtrent 75 % at dei enten har testa eller brukar laser som tiltak i ein eller annan grad.

Mari Kjønstad

Årsaka til at det er fleire som peikar på gode erfaringar i nord, kan ha med å gjere tettleik, klima og miljø. Lusen trivst med høgare temperaturar.

Foto: Privat

– Generelt kan ein seie at det er mange positive erfaringar frå nord og at det er meir varierande i midt og vest.

Utover dette er det ulike erfaringar med bruk av laser, noko som også kan ha med å gjere at det er geografiske forskjellar på graden av lusepress, altså førekomst av lus.

Les også Regjeringen åpner for oppdrett til havs: – Kan bli en stor fremtidsnæring for Norge

Træna sett fra Lovund