Hopp til innhold

«Løftebrot» skaper nytt bråk om lakseskatten

Død fisk, raude soner og brotne løfte er nokre av ingrediensane når lakseskatten på ny er på dagsorden.

bpe8-gu_UmY

LØFTEBROT: Venstre og Pasientfokus meiner føresetnaden for «lakseskatt»-forliket er brote ettersom ei ny miljøteknologiordning for havbruksnæringa lèt vente på seg.

Foto: NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Etter mykje krøll blei Stortinget til slutt samde om utforminga til den såkalla lakseskatten (sjå under) i fjor vår.

Då gjekk eit nølande Venstre og Pasientfokus med på avtalen i byte mot ein garanti om at staten ville få fart på omstillingsarbeidet i havbruksbransjen.

Heilt konkret i form av at regjeringa skulle skissere ei miljøteknologiordning for å oppmuntre oppdrettsselskapa til å investere i meir miljøvennlege produksjonsformer «i løpet av 2023».

Eitt år på overtid varslar fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap) at skissa heller ikkje kjem i 2024, men først neste år når ho legg fram «ei meir heilskapleg havbruksmelding».

Til Dagens Næringsliv forklarer statsråden at alternativet er «eit lappeteppe» av ulike ordningar som ikkje snakkar saman.

Om forslaget kjem i 2025, kan ordninga først bli ein realitet i 2027.

Fire år etter skatteforliket.

Laksen døyr, medan regjeringa ror, seier stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo til NRK.

Oppdrettsanlegget Egget er ein fullskala lukka løysing for havbruk i sjø med svært god overleving (98-99 prosent).

Oppdrettsanlegget Egget er ein lukka løysing for havbruk i sjø med svært god overleving (98-99 prosent). 17 prosent av all oppdrettsfisk i Noreg døyr før slakting. Det viser den årlege fiskehelserapporten frå Veterinærinstituttet.

Foto: Hauge Aqua AS

Dette fortener laksen som døyr i merdane

Bjørlo karakteriserer utsettinga som «eit soleklart brot på inngåtte avtalar», og viser til at «oppskrifta» på miljøordninga er klar i form av rapporten til Havbruksutvalet, som kom i fjor haust.

Ballen ligg på straffemerket. Alt statsråden treng å gjere er å setje ballen i mål. Det fortener norsk havbruksnæring, og det fortener laksen som døyr i merdane, seier han.

Les også Gigantselskap erkjenner laksedød-problem: – Norsk oppdrettsnæring har gått feil veg

Gustav Witzøe

Irene Ojala i Pasientfokus, som bidrog til å skyve skatteforliket over målstreken i 2023, stussar over at regjeringa «sleper beina etter seg».

Viss regjeringa har gode grunnar for å utsette ordninga, er det pussig at dei ikkje involverer oss som var med på forliket, seier ho.

I tillegg til auka politisk press frå opposisjonen, kjem presset om å innføre ei ordning som premierer miljøtiltak frå akademia og næringa sjølv.

Regjeringa har fått ein marsjordre. Det er ingen grunn til å dryge dette, seier Sjømat Noreg-direktør Geir Ove Ystmark.

En brønnbåt ligger ved to merder ute i havet. I bakgrunnen kan fjellene på Træna skimtes i det fjerne.

Konflikten mellom «dei tolmodige og «dei utolmodige» kom ut i ope lende da det nye trafikklyssystemet for havbruk blei lansert i byrjinga av mars.

Foto: Steffen Kalås

Det trengst sterkare insentiv for å få fortgang

I begynninga av mars la regjeringa fram det nye trafikklyssystemet for havbruk, som rammar inn landet i raude, gule og grøne soner etter kor godt dei kjempar mot lakselus.

Verst gjekk det utover Vestlandet, som må redusere produksjonskapasiteten med 6 prosent.

Ny fargelegging i trafikklyssystemet for havbruk. Foto: NFD

Regjeringa har bestemt kva fargar dei 13 ulike produksjonsområda for oppdrett av laks, aure og regnbogeaure får. 

Foto: NFD

I rapporten «Frå raud til grøn kyst» skisserer Veterinærinstituttet og Havforskingsinstituttet korleis Vestland, som har vore vekselvis raud og gul sidan 2017, kan stå opp att som grøn.

Men det trengst nok sterkare insentiv for å få fortgang på dette. Ei mogleg løysing kan vere å innføre ein miljøordning som eit pilotprosjekt i Vestland, seier direktør ved Havforskingsinstituttet, Geir Lasse Taranger.

Les også Auka press på at laksen må reise sjøvegen

bpe8-gu_UmY

Ei tilbakevendande skulding mot dagens trafikklyssystem er at det «skjer alle over éin kam» basert på geografisk plassering, og ikkje straffar eller påskjønner havbruksaktørane etter kor framoverlente dei er.

Linda Hofstad Helleland (H) i Næringskomiteen på Stortinget ønsker seg meir spissa tiltak.

Denne veka fremja ho eit forslag om at regjeringa «raskast mogleg, og seinast i samband med statsbudsjettet for 2025» innfører ein teknologinøytral ordning med individuelle insentiv til dei ulike oppdrettarane.

Sjå heile forslaget, og responsen på det, under.

Geir Ove Ystmark
Øyvind A. Haram

Geir Ove Ystmark, Sjømat Noreg-direktør

– Vi håpar Høgre får fleirtal for dette forslaget. Regjeringa burde allereie ha levert eit slikt forslag. Ei ordning med lågutsleppsteknologi bør brukast som eit alternativ til nedtrekk. Det viktige er å redusere påverking frå havbruket, ikkje å bygge ned næringa. For spesielt Vestlandet er det alvorleg viss det blir gjennomført eit nedtrekk slik regjeringa har foreslått.

Alfred Bjørlo på Venstres landsmøte
Ned Alley

Alfred Bjørlo, Venstre

– I ei framtid utan store eksportinntekter frå olje og gass, er vi avhengige av at havbruksnæringa med tilhøyrande leverandørindustri utviklar seg vidare og blir ein endå viktigare pillar enn i dag for verdiskaping og busetjing langs kysten. Då må næringa og styresmaktene spele på lag og arbeide i same retning for å få bukt med miljøutslepp, rømming og uakseptabel høg dødelegheit.

Kristina Furnes, kommunikasjonsdirektør i Grieg Seafood
Tom Haga / TOM HAGA

Kristina Furnes, Grieg Seafood ASA

– Hovudsatsinga vår for å forbetre berekrafta i næringa er å ha fisken lenger på land og redusere tida fisken er i sjøanlegga, noko vi investerer i uavhengig av miljøteknologiordninga. Vi erfarer at dette får ned både dødelegheit og miljøavtrykket. Men vi treng mange ulike verktøy i verktøykassa for å forbetre næringa, og miljøteknologiordninga vil spele ei viktig rolle for å utvikle desse.

Ragnar Tveterås
Odd Rune Kyllingstad

Ragnar Tveterås, professor ved Universitetet i Stavanger

– Tiltaka kan gi ein stor samfunnsøkonomisk gevinst, med både samfunn og oppdrettarar som vinnarar. Men dette krev investeringar i milliardklassen av havbruksselskapa i 0-lus-teknologiar med stor risiko, og det er nødvendig med økonomiske insentiv som kan utløyse desse investeringane.

Kvotemelding Cecilie Myrseth
Aurora Ytreberg Meløe

Cecilie Myrseth, fiskeri- og havminister

– Det bekymrar meg at påverknaden frå lakselus aukar i fleire område, og at dette skjer sjølv om målet er å redusere påverknaden. Dersom næringa skal kunne vekse, er den nøydde til å gjere endringar for å redusere utslepp av lakseluslarvar frå anlegga.

Må forvente at regjeringa følger opp avgjerder i Stortinget

Sist veke gjenga NRK ei undersøking frå Opinion der «bevaring og gjenoppretting av sunne fjordar med mangfaldig liv» blei stilt opp mot «meir fiskeoppdrett».

75 prosent vil bevare fjordane. Berre 9 prosent vil ha meir oppdrett.

Direktør i lakseoppdrettsselskapet Nova Sea, Tom Eirik Aasjord, seier til NRK at han vil overlate til politikarane å avgjere om lakseskatt-avtalen er broten eller ikkje, men at det er «spesielt» å blande ordningar for produksjonsteknologi inn i eit skatteforlik.

Når det er sagt, må vi kunne forvente at regjeringa følger opp avgjerder i Stortinget.

1AzqPIeBXHI

I begynninga av mars la regjeringa fram det nye trafikklyssystemet for havbruk, som rammar inn landet i raud, gule og grøne soner etter kor «flinke» dei er til å kontrollere lakselusa.

Foto: NTB