Hopp til innhold

Ja til meir torskeoppdrett: – Heilt håplaust

87.000 torsk rømde frå det første oppdrettsanlegget i fjorden. Etter ein lang runde med klager seier Miljødirektoratet ja til å starte endå eit anlegg.

Gadus group sitt oppdrettsanlegg for torsk på lokaliteten Alida i Volda. Biletet er tatt med drone og vi ser 10 merder i sjøen

TORSKEOPPDRETT: Det ligg allereie eitt torskeoppdrettsanlegg i Voldsfjorden. No kan det kome minst eitt slikt anlegg til.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

For halvanna år sidan beit fleire titals tusen oppdrettstorsk seg gjennom netta, og rømde frå eit oppdrettsanlegg utanfor Volda.

Snart kan endå eit anlegg med merdar fulle av torsk ta plass i fjorden.

Naturvernforbundet har klaga på godkjenninga, men vann ikkje fram hos Miljødirektoratet.

Dermed er det no berre éin klage i vegen for oppdrettsselskapet.

Meiner ein ikkje veit nok

Det er heilt håplaust. No er absolutt nok nok, seier Knut Festø i Naturvernforbundet.

Dei meiner mellom anna at ein ikkje veit nok om korleis eit nytt oppdrettsanlegg vil påverke villtorsken og økosystemet i fjorden.

Dette er eit veldig viktig gyteområde for villfisk. Vi har lytta til dei som bur der, som er skeptiske. Og det er dei som kjenner området best, seier Festø.

Forbundet har klaga på både Statsforvaltaren og Fylkeskommunen si godkjenning av eit nytt anlegg.

Knut Festø, Natuvernforbundet i Volda og Ørsta

Knut Festø har vore leiar i det lokale Naturvernforbundet i mange år, og har følgt sakene om oppdrettsanlegg tett.

Foto: Ingrid Telset Heltne / NRK

Miljødirektoratet har no avvist klagen mot Statsforvalteren.

– Vi er sjølvsagt ueinige i den avgjerda. Vi er veldig misfornøgde, seier Festø.

Fylkeskommunen har endå ikkje behandla klagen dei har fått mot seg. Dersom dei står fast på godkjenninga si, kan saka gå til Fiskeridirektoratet.

Festø har framleis eit håp om at dei skal vinne fram med den siste klagen.

– Vi håper vi får medhald i alle klagene våre. Men vi ser jo at vi har fått lite gjennomslag til no. Så vi får berre håpe på det beste.

Fryktar rømlingane skal gyte

Rømminga frå merdane ved det første torskeoppdrettet i Volda er ei av dei største rømmingane på lang tid, sa Fiskeridirektoratet den gongen.

87.000 torsk svømte ut i fjorden hausten for snart to år sidan. Oppdrettsselskapet klarte berre å fange 408 av dei.

Terje van der Meeren i Havforskingsinstituttet samlar inn torskeegg saman med Fiskeridirektoratet på båten Fjorgyn i Voldsfjorden

Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet hentar opp torskeegg frå fjorden med ein stor håv.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Fiskane var små, men viss dei har overlevd kan dei no ha blitt så store at dei har blitt kjønnsmodne.

Havforskningsinstituttet har nyleg vore på tokt i fjordane utanfor Volda for å finne ut om den rømde torsken er i gang med å gyte.

Frykta er at oppdrettstorsken blir kryssa med villtorsk, og at overlevingsevna til avkommet blir dårlegare.

– Som forventa

Falk Øveraas i oppdrettsselskapet Ode AS seier dei hadde venta at Miljødirektoratet kom til å avslå klagen frå Naturvernforbundet.

For vår del er dette kjempepositivt. No er jo Volda den regionen vi har satsa i. Vi har bygd opp eitt oppdrettsanlegg og vi har akkurat starta med slakteri på Vartdal. Så dette er midt i kjerneområdet til Ode.

Falk Daniel Øveraas i torskeoppdrettsselskapet Ode AS

Falk Øveraas i Ode AS er fornøgd med å ha kome eitt steg nærmare eit nytt oppdrettsanlegg i Voldsfjorden.

Foto: Gadus group / Pressefoto

Øveraas fortel at dei har fått nokre krav til kva utstyr dei skal bruke på eit eventuelt nytt anlegg, for å hindre torsken frå å rømme igjen.

– Det er sett eit krav om kva type nøter ein skal bruke. Det blir litt teknisk, men det handlar om å bruke spesialdesigna nøter for torsk, som skal vere egna til den bruken.

Vil ha fleire anlegg

Ode AS har også søkt om å få starte eit torskeoppdrettsanlegg på andre sida av fjorden, mellom Grevsneset og Hjartåbygda.

Denne søknaden er ikkje ferdig behandla, men Volda kommune har skrive i ein uttale:

«Vi har hatt ei stor rømming av oppdretta torsk frå eit anlegg i Voldsfjorden, og har per i dag ikkje oversikt over kva denne rømminga har å seie for økosystema i fjorden.»

I tillegg vil oppdrettsselskapet utvide det eksisterande oppdrettsanlegget i Volda.

Nyleg uttalte Volda kommune at dei var skeptiske til utvidinga, og ville råde fylkeskommunen til å seie nei.

Dei skreiv at ein må legge stor vekt på totalbelastinga for fjordane sitt økosystem, og at dei derfor vil vente og sjå om selskapet får ja til dei nye anlegga dei har søkt om, før ein kan vurdere ei utviding av det eksisterande anlegget.

Les også Vil slutte å kaste fiskehovud på sjøen

Torskehoder