Hopp til innhold

Kygo sleppte låt utan lov

Då Kygo var ferdig med å remixe ei låt for Coldplay fekk han avslag av plateselskapet deira. Det brydde han og manageren hans seg ikkje noko om.

DJ'en Kygo på Parkenfestivalen i Bodø

SLEPPTE LÅT: Kygo hadde remixa ei låt for Coldplay, fekk nei, og sleppte låten utan at Coldplay visste om det.

Foto: Henrik Dvergsdal

– Eg prøvde å tenke på andre måtar å få ut låten på, seier manageren til Kygo, Myles Shear.

Tilbake i mars 2014 vart Myles kontakta av nokon i teamet til Coldplay. Dei ville at Kygo skulle remixe låten deira «Midnight».

– Eg trudde ikkje heilt på det. Eg tenkte at det var vilt at dei visste kven eg var, seier Kygo.

– No må eg overprestere

Kygo

Kygo, eller Kyrre Gørvell-Dahll tenkte han måtte overprestere då han skulle remixe låten «Midnight» for Coldplay.

Foto: Li-Lian Ahlskog Hou / NRK

For Kyrre Gørvell-Dahll frå Fana i Bergen var det stort å få mikse ei låt for sjølvaste Coldplay. Det blei oppslag i avisene.

– Eg tenkte at no, no må eg overprestere og lage ein sinnssjukt bra remix, seier Kygo.

Han hadde til då remixa låtar for artistar som Ellie Goulding, James Blake og M83. Vanlegvis vart han fort nøgd med miksande sine, men ikkje den gongen.

– Eg måtte sjå om det var mogeleg å gjere noko betre. Eg måtte prøve meg fram og sjå kvar låten tok meg, seier han.

Fekk låten spelt

Myles Shear

Myles Shear er manageren til Kygo, og han ville ikkje gi seg då beskjeden om at remixen til Kygo ikkje kom til å bli gitt ut.

Foto: Li-Lian Ahlskog Hou / NRK

Etter mykje jobbing, og over 20 utkast seinare vart Kygo nøgd, men det var ikkje godt nok. Plateselskapet til Coldplay gav beskjed til Myles om at dei ikkje var sikre på om låten kom til å bli gitt ut.

Eg tok kontakt med Pete Tong på BBC Radio 1. Eg sa eg måtte få ut remixen, seier Myles.

Myles foreslo for Pete Tong at han kunne få verdspremieren på låten, på radio, utan at plateselskapet til Coldplay visste om det.

– Eg sa at Coldplay og teamet garantert kom til å skjøne kor vilt det var, kor spesielt det augeblikket var, at dei kom til å ville ha låten, seier Myles.

Vart gitt ut

Låten fekk verdspremieren på radio, den 9. mai 2014. Då snudde plateselskapet også, og så kom datoen. Den 8. juni blei låten gitt, ein knapp månad etter radiopremieren.

– Eg fekk gode tilbakemeldingar frå både av manageren til Coldplay og av dei sjølv også. Det var ganske stort, seier Kygo.

Og klippet frå verdspremieren, det er så langt spelt over ni millionar gonger på SoundCloud.

– Då eg kom på melodien, så hugsar eg at eg tenkte «der sit den, det er den melodien eg skal gå for», seier Kygo.

Sjå også dokumentaren om Kygo på NRK2 den 12. oktober, klokka 20.45, eller på nett-TV: Nøkkelen til suksess: Kygo.

  • HØYR VERDSPREMIEREN:
    Laster SoundCloud-innhold

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.