Hopp til innhold

Jakta suksess - fann det i utlandet

Ein operasongar, ein dansar, ein musikkteater-diva, og ein som vart verdskjend over internett. Dei er norske, har slått gjennom i utlandet, men har også gitt alt når dei måtte.

Nøkkelen til suksess

SUKSESS: Dei er alle nordmenn, og dei gjer alle suksess i utlandet. Frå venstre oppe: Operasongar Mari Eriksmoen, EDM-musikar (elektronisk musikk) KYGO, mezzosopran Tora Augestad, og dansar Guro Nagelhus Schia.

Foto: montasje

Mari Eriksmoen

OPERASUKSESS: Mari Eriksmoen har gjort stor suksess som operasongar i utlandet.

Foto: Renate Torseth

– Eg visste ikkje om eg turte, men eg gjorde det iallfall. Eg berre hoppa i det, seier operasongar Mari Eriksmoen.

Drøymerolla fekk Mari som 26-åring. Ho var akkurat var ferdig med å studere, og heltinna hennar Diana Damrau skulle synge Zerbinetta i operaen Ariadne på Naxos i Wien. Damrau vart gravid, og Mari fekk tilbod om å prøvesynge for rolla som Zerbinetta.

Ho satsa alt, og fekk rolla.

– Eg er utruleg ambisiøs, og har alltid hatt ei veldig drivkraft for det eg driv med. Det må vera noko medfødt, at du har lyst til å opptre, seier Mari.

Kom ikkje inn

Mari Eriksmoen som 11-åring

SPELTE FIOLIN: Då Mari Eriksmoen var 11 år, så var det fiolin ho spelte.

Foto: Privat

Mari har alltid hatt lyst til å opptre, og då ho vaks opp i Ski byrja det med kornett i korps, og deretter blei det fiolin. At ho først ikkje kom inn på musikklinja på vidaregåande skule, stoppa henne ikkje.

– Det kunne gjort eitt eller anna med meg, dytta meg ned, men eg følte at det var feil. Eg skal inn der, tenkte eg, og eg hugsar mamma sat i telefonen omtrent kvar dag. Me fekk folk til å skrive attestar, me gav ikkje opp, seier Mari.

Mari ville inn, og ho kom inn.

Vart oppdaga

Solveig Kringlebotten synger Aagots fjellsang

OPPDAGA: Det var sopran Solveig Kringlebotn som oppdaga at Mari Eriksmoen hadde talent for opera.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Det var då venninna til Mari, Ina Kringlebotn, introduserte Mari for tanta si, den kjende operasongaren Solveig Kringlebotn, at det snudde for Mari.

– Solveig oppdaga at eg hadde talent for det lyse registeret som er i opera, seier Mari.

Saman med Ina valde Mari å studere klassisk song på Norges musikkhøgskole. og for Mari vart det også studiar på musikk-konservatoriet i Paris, og på operaakademiet i København.

– Opera fall naturleg for meg, for eg var litt skodespelar, eg var songar, seier Mari.

Alt som 23-åring debuterte Mari på Den Norske Opera & Ballet, og i dag opptrer Mari på prestisjefulle festivalar som Glyndebourne i England, og for Festival 'Aix en Provence. Ho har gjort det stort, men ho har også måtta tole kritikk.

– Det er ikkje alltid like lett, for du er så sårbar og sjølvkritisk. Det er ein tøff bransje på den måten, at du må tole kritikk, seier Mari og fortel noko som kanskje er noko av årsaka til at ho har lykkast.

– Eg er alltid godt førebudd, seier ho.

(Saka held fram under videoen)

SJÅ OGSÅ: ​

Mari Eriksmoen og Ina Kringlebotn i Kjempesjansen på NRK i 2003.

Mari Eriksmoen og Ina Kringlebotn i Kjempesjansen på NRK i 2003.

Fekk tilbod frå favoritt-koreografen

Nøkkelen til suksess

DANSESUKSESS: Guro Nagelhus Schia er dansar og reiser verda rundt for å opptre.

Foto: NRK

Guro Nagelhus Schia frå Bærum er ein av svært få som har slått igjennom på den internasjonale ballettscenen, men ho har også dansa heilt frå ho var seks år gamal.

– Eg elskar det eg held på med, og eg trur eigentleg at det er noko ein må gjere, seier Guro.

Ho dansa i kompaniet Carte Blanche i Noreg, men på ein Frankrike-ferie med kjærasten og dansekollegaen Vebjørn Sundby skulle mykje endre seg.

Saman såg dei ei førestilling av favoritt-koreografen Sidi Larbi Chakaoui, og fekk tilbod om å danse for han.

Forlét jobben for draumen

Killer Pig med Carte Blanche

DANSEKOMPANI: Guro Nagelshus Schia med dansekompaniet Carte Blanche.

Foto: Erik Berg

Dei kasta seg rundt og søkte permisjon frå jobben i Noreg.

Eit halvt år permisjon fekk dei, men trengde eit heilt, og begge valde å slutte i jobben i kompaniet.

No reiser dei verda rundt med Sidi Larbi sitt dansekompani Eastman.

Guro definerer suksess som einstydig med å ha det bra.

– Det handlar om å vera lykkeleg med det ein driv med, med korleis ein lever, og med menneska ein har rundt seg. Det handlar ikkje så mykje om draumane, og om å oppnå ting lenger, men om å berre ha det fint, seier Guro.

Dansar, modell, og skodespelar

Guro Nagelhus Schia

UNG DANSAR: Guro Nagelhus Schia har dansa frå ho var seks år gamal.

Foto: Privat

Guro har også ein duo saman med kjærasten, og tar oppdrag som modell. Då Sidi Larbi hadde koreografien under innspelinga av filmen Anna Karenina var Guro assistenten hans, og fekk også vera skodespelar. Ho spelte kammertenaren til Keira Knightley.

Som artist er det fint å vera mentalt sterk, noko Guro innrømmer at ho er.

– Eg er både sterk og skjør, kanskje. Vebjørn seier sikkert at eg har ein kapasitet til å halde på veldig lenge, at eg er veldig uthaldande, seier Guro.

(Saka held fram under videoen)

SJÅ OGSÅ:

Guro Nagelhus Schia dansar saman med ektemannen og dansaren Vebjørn Sundby.

Guro Nagelhus Schia dansar saman med kjærasten og dansaren Vebjørn Sundby. Musikk: Olga Wojciechowska.

Tora gjer karriere i Berlin

Tora Augestad

TEATERDIVA: Tora Augestad er songar, og spelar gjerne teater så vel som å synge jazz eller klassisk.

Foto: Åsa Maria Mikkelsen

Då bergensjenta Tora Augestad var 17 år gamal oppdaga ho den tyske komponisten Kurt Weill. Ho sa: «viss alt går til helvete, så skal eg flytte til Berlin og bli kabaret-songarinne».

Det gjekk ikkje gale, men det vart Berlin, og det vart kabaret. I dag bur Tora i Berlin og får utfalde seg både som allsidig songar og som skodespelar.

Før Tora flytta til Berlin studerte ho klassisk musikk og jazz, og det gjorde ho både i Oslo, Stockholm, Berlin og i München. Ho har også mastergrad med fordjuping i kabaret-song ved Norges Musikkhøgskole.

– Eg flytta til Tyskland for å lære meg tysk, men også fordi eg ville ha ei europeisk karriere. Det har eg faktisk også klart, seier Tora.

Musikken inn i oppveksten

Tora Augestad og lillesøster

TIDLEG: Musikk var ein stor del av oppveksten til Tora. Her syng ho for veslesyster.

Foto: Privat

Det har alltid vore musikk for Tora. Med både foreldre og ste-foreldre som er musikarar, så vart det mykje musikk i oppveksten hennar.

– Hos pappa spelte dei klassisk musikk, og levde eit liv med samtidsmusikken. Hos mamma var det popmusikk og rock, seier ho.

Det kan ha påverka Tora, for som allsidig songar ynskjer ho å spreie seg utover fleire sjangrar.

– Eg er først og fremst opptatt av musikken. Eg har ikkje lyst å velje mellom Schubert eller Berio. Eg har ikkje lyst å velje mellom Kurt Weill, eller å tolke ein song av Jenny Hval, seier Tora.

– Dette passar eg til

Tora Augestad

TEATER: Då Tora Augestad byrja å spele teater kjende ho at ho passa til det. Tora har spelt mange førestillingar for musikkteaterlegenden Christoph Marthaler.

Foto: Ninja Benneche / NRK

Allsidig som Tora er, så har det gjort at ho har jobba som skodespelar for tyske Christoph Marthaler som er ein legende innan musikkteater.

– Heilt sidan eg var liten og opplevde mor mi på teater, så har eg hatt lyst til å jobbe med teater eller musikkteater, og Christoph Marthaler er kjent for å ha lage ein heilt eigen musikkteaterform, seier Tora.

– Det å få lov til å byrje å jobbe med han, var ei stor oppleving for meg fordi eg kjente at «dette her, dette passar eg til», seier ho.

Tora har pågangsmot, og når ho vil noko, så får ho også andre med seg. Då ho starta sitt eige ensemble, Music for a while, så fekk ho med seg musikarane ho sjølv synest er best. Med dei beste, så har Tora også gjort det bra.

– Det har gått ti år, og me held framleis saman, seier Tora.

(Saka held fram under videoen)

SJÅ OGSÅ:

Tora Augestad opptrer ofte i The Source of Christmas sin julekonsert. Her frå i 2014.

Tora Augestad opptrer ofte i The Source of Christmas sin julekonsert. Her frå 2014.

Byrja med piano

Kygo

LÆRTE PIANO: KYGO lærte piano frå han var liten, men det var elektronisk musikk han vart kjend for. Han sit helst framføre pianoet eller keyboardet når han lagar musikk.

KYGO, eller Kyrre Gørvell-Dahll som han eigentleg heiter, vaks opp i Fana i Bergen, i ein heim der faren spelte piano, gitar, og song for ungane.

Piano vart det også for KYGO, som seinare skulle bli verdskjent gjennom SoundCloud og Youtube. Han byrja å spele som seksåring.

– Det var mor mi som «pusha» på, for ho likte veldig godt lyden av piano. Det var veldig greitt for far min lærte meg det, og me spelte saman, seier KYGO.

– Det har absolutt påverka meg.

Ville bli betre

Då Kyrre byrja i tiandeklasse slutta han på pianotimane, og fotballen tok over. Det gjekk over i at Kyrre spelte piano på eiga hand, utan notar, og han byrja å komponere og mikse songar på datamaskina.

Då han skulle studere vart det ikkje musikk, men økonomistudium i Skotland.

– Eg tenkte det var umogeleg å lykkast med musikk, for det var så mange som heldt på med nøyaktig det same som eg heldt på med. Eg tenkte at eg ikkje hadde noko å stille opp med mot alle dei, seier KYGO.

Han samanlikna seg med andre som hadde laga musikk lenger enn han, og Avicii var førebiletet.

– Eg tenkte at eg ikkje hadde sjanse til å lage det han laga, for det var så bra kvalitet på alt han laga. Men, eg hadde eit håp, og eg hugsar at eg heile tida tenkte at «eg skal bli betre, eg skal bli betre», seier han.

Oppdaga av bloggarar

Kygo

PÅ SCENEN: KYGO speler konsertar over heile verda, og han har tatt både USA og Europa med storm.

Foto: Kim Erlandsen / NRK P3

Sjølv om KYGO var student la han ikkje vekk musikken. Han brukte mange timar i døgnet åleine framføre pianoet og keyboardet, og han vart oppmuntra av vener til å lage meir musikk. Då han la ut musikken på SoundCloud kom også gode tilbakemeldingar i kommentarfeltet og på musikkbloggar.

Då KYGO var med i ein konkurranse om å remikse ein song tok det ein dag før plateselskapet til helten Avicii kontakt. Remiksen blei tatt ut av konkurransen og vart gitt ut.

– Det tok litt av. Etter kvart byrja det å gå fortare og fortare, og eg fekk kontakt med Myles som er manageren min no. Han hjelpte meg med å få songane ut til endå fleire folk, seier KYGO.

Vil halde fram

Stemning på Koengen

FANSKARE: KYGO har ofte utselde konsertar, og den visuelle opplevinga er viktig. Her frå Koengen i Bergen.

Foto: Roy Bjørge

Fleire bloggarar skreiv om den nye artisten, og låtane fekk fleire avspelingar. Deretter har det berre gått oppover for KYGO som no satsar for fullt på musikken og spelar konsertar over heile verda.

– Det er heile tida noko nytt som skjer, og det er vanskeleg for meg å henge med i svingane innimellom også, seier KYGO.

– Eigentleg drøymer eg berre om å kunne halde på med dette resten av livet, eller så lenge det er mogeleg. Eg synest det er ufatteleg gøy å lage musikk, seier han.

SJÅ OGSÅ:

Kulturstrøm

  • Samisk Netflix-film på topp ti i 71 land

    Loga sámegillii.

    Den samiske Netflix-filmen «Stjålet» er allerede etter få dager blitt tidenes samiske kommersielle filmsuksess.

    Filmen er på topp ti-lista over mest sette filmer i 71 land, blant annet i USA, Canada, Storbritannia, Norge og Sverige.

    Det opplyser regissør Elle Marja Eira på sin Facebook-side.

    Handlingen i thrillerfilmen er i et reindriftsmiljø i Nord-Sverige. Filmen ble sluppet internasjonalt på fredag.

    Filmen er laget etter Ann-Helén Laestadius sin kritikerroste roman «Stjålet».

    Spent gjeng på tur til førvisning av Netflix-filmen "Stjålet" i Kiruna, april 2024
    Foto: Wenche Marie Hætta / NRK
  • «Ringenes Herre» blir 15 timar lang opera

    Fantasyklassikaren «Ringenes Herre» av J.R.R. Tolkien blir opera for første gong. Det melder Sveriges Radio.

    Det er den britiske komponisten Paul Corfield Godfrey som skriv musikken. Innspelinga av musikken har allereie starta av nasjonaloperaen i Wales, og skal sleppast i 2025.

    Operaen blir delt inn i fleire framsyningar, på til saman 15 timar og 30 kapittel.

  • Kadetten avlyser også 2024-festivalen

    Festivalen Kadetten i Sandvika, som kaller seg Norges største hiphopfestival, avlyser årets utgave.

    «Det er med tungt hjerte at vi må meddele at Kadetten 2024 er avlyst», står det på festivalens Instagram-side , og gjengitt av YLTV.

    «Det er utrolig leit, vi var overbevist da vi relanserte festivalen i år at situasjonen og markedet hadde snudd – sånn ble det ikke. Kombinasjonen av vesentlig høyere priser på alt av artister i sjangeren, usikre og innstilte turnéplaner, høyere kostnader og mindre kjøpekraft blant vårt publikum gjør at vi ikke ser det mulig å gjennomføre festivalen i år», står det om årsaken til avlysningen.

    Ifølge Instagram-posten vil kjøpte billetter refunderes automatisk.

    Kadettenfestivalen ble avlyst også i 2023.

    Cezinando på Kadetten 2022
    Foto: Eskil Olaf Vestre / NRK P3