Hopp til innhold

– Det er mykje ubehageleg og skittent i musikken hans

Leif Ove Andsnes skal bruke dei tre-fire neste åra på å spele Beethoven-konsertar.

– Eg kan nesten ikkje forstå at musikken er 200 år gammal, den er så aktuell for det som skjer i verda i dag, seier Andsnes.

Leif Ove Andsnes

Leif Ove Andsnes dirigerer frå pianokrakken under øving med Det Norske Kammerorkester i Universitetets Aula.

Foto: Andreas Johnson / NRK

– Det er eit veldig stort prosjekt eg har gitt meg ut på, seier Andsnes til NRK.

Leif Ove Andsnes er i gang med sitt livs Beethoven-maraton. I helga speler han saman med Det Norske Kammerorkester, i Göteborg på laurdag og i Operaen i Oslo på søndag. Det vert ikkje utelukkande behageleg for kunstnaren:

– Det er mykje ubehag, mykje skittent i Beethoven sin musikk – alle desse stadige utbrota. Den er eigentleg veldig uharmonisk. Om ein lyttar til annan musikk frå den tida, høyrest det veldig snilt ut i forhold. Beethoven er så overraskande, heile tida.

Les: Andsnes vil fornye klassiske konsertar

– Dette er musikk som passar i vår tid

Ludvig van Beethoven

Ludvig van Beethoven.

Ludvig van Beethoven levde frå 1770 til 1827 – ei tid med enorme omveltingar i Europa. Det gjer musikken særskilt aktuell i vår tid, meiner Andsnes:

– Det er alltid sjokkerande for meg når eg kjem på at denne musikken er skriven for 200 år sidan, seier han.

– Eg kan nesten ikkje forstå det, for den er så aktuell, når ein tenkjer på det som skjer i verda i dag. Omveltingar og revolusjonar var ein del av Beethoven sin kvardag, av det tankegodset som omga han.

Andsnes trur Beethoven sin musikk kan fylle eit tomrom i vår tid:

– Dette er musikk som passar i vår tid. Eg har lese fleire artiklar som uttrykkjer at det er vanskeleg å finne musikk i vår tid som seier noko viktig om det som føregår no – til dømes dei som står opp mot finansverda, dei som okkuperer Wall Street, kva musikk er det som representerer dei? Beethoven sitt namn blir alltid nemnt.

Les: Speler Mozart for tryggare trafikk

Leif Ove Andsnes og Det Norske Kammerorkester

Leif Ove Andsnes speler Beethoven med Det Norske Kammerorkester. Frå prøvene i Universitetets Aula – med «Solen» i bakgrunnen.

Foto: Andreas Johnson / NRK

– Kjem ikkje til å bli lei han

Denne helga skal Andsnes spele Beethoven sin første og tredje klaverkonsert av totalt fem, både i Oslo og Göteborg.

– Etter å ha spelt konsertane i tre år, skal eg i løpet av eit år spele alle fem i løpet av nokre dagar, i mange ulike byar. Eg har jobba mykje med Beethoven før, men aldri hatt ein lengre periode der eg verkeleg har gått inn i hans musikk. Viss eg først skal spele ein komponist så mykje, kan det like godt vere Beethoven, for eg trur ikkje eg kjem til å bli lei han.

Då han skreiv den første pianokonserten, var Beethoven i siste halvdel av tjueåra. Andsnes meiner komponisten allereie hadde funne fram til sitt uttrykk:

– Det blir sagt at «frå den tredje klaverkonserten er Beethoven sin personlegdom heilt til stades.» Eg er veldig uenig – den første konserten er enormt bra, han har til dei grader funne seg sjølv. Den byrjar som ein pen, formell sak, som ein tidleg Haydn-symfoni, men berre etter sju-åtte takter spring han plutselig ut i ein enorm crescendo (stigande styrke, journ.anm.).

Lytt til opninga av 1. satsen i Beethovens klaverkonsert nr. 1:

Den andre satsen i konsert nr. 1 minner Andsnes om kunstverket i øvingslokalet:

– Andresatsen har liksom eit rom rundt seg – eg sa det til musikarane her i stad: den passar til maleriet over oss, «Solen» av Edvard Munch. Det er eit enormt lys og rom i musikken som var noko heilt nytt, nærast profetisk.

Lytt til 2. satsen i Beethoven sin klaverkonsert nr. 1:

(I desse to kutta er det Lars Vogt som er solist med Birmingham Symfoniorkester, dirigert av Simon Rattle.)

– Du kan ikkje drøyme deg bort

Leif Ove Andsnes

Leif Ove Andsnes.

Foto: Felix Broede

Beethoven-konsertane stiller Andsnes overfor andre typer utfordringar enn musikken til andre komponistar:

– Når du speler Beethoven, skal du vere der i augneblinken. Du kan ikkje drøyme deg bort, slik ein til dømes kan gjere når ein speler Schubert – det høyrer på eit vis med til universet hans. Beethoven krevjer at ein er våken her og no. Musikken hans tek oss i kragen og seier: «Lytt på kva eg har å seie, det er viktige ting!»

Pianisten frå Karmøy er oppteken av å få fram kontrastane i musikken:

– Beethoven har ofte blitt framført så massivt. Eg likar at musikken er eksplosiv, men det må vere bevegelse i han. Den må raskt kunne bevege seg frå det eksplosive til det veldig vare, til det lyttande. Dette er også veldig viktige sider ved Beethvoen – stadane der det står heilt stille, der ein berre lyttar til nokre klangar. Eg er ikkje glad i massiv orkesterklang, så eg speler det gjerne med kammerorkester.

Les: – Pianoet er eit leiketøy for meg

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.