Hopp til innhold

Speler Mozart for tryggare trafikk

Den tyske samferdselsministeren Peter Ramsauer speler Mozart på cd-en «Adagio im Auto», og trur klassisk musikk i bilen vil gi færre ulykker. – Bilen er som ein dansepartner for unge sjåførar, seier trafikkforskar Dagfinn Moe.

Peter Ramsauer

Peter Ramsauer ved flygelet under innspelinga av cd-en «Adagio im Auto» – «Adagio/langsamt i bilen».

Foto: Presse

Peter Ramsauer skriv i ei helsing på «Adagio im Auto»-nettsidene at trafikkpsykologar har påvist korleis høg, aggressiv musikk har negativ innverknad på korleis ein køyrer. Klassisk musikk kan på si side dempe aggresjon og bidra til avspenning, meiner Ramsauer.

Peter Ramsauer

Peter Ramsauer.

Foto: Ralph Orlowski / Reuters

Ramsauer er utdanna bedriftsøkonom og møllemeister, og vart utnemnd til samferdselsminister i Angela Merkel si andre regjering hausten 2009.

I tillegg er han ivrig amatørmusiker, og på den nye cd-en «Adagio im Auto» – «Adagio/langsamt i bilen» – speler han andresatsen frå Mozart sin berømte klaverkonsert nr. 21. Med på cd-en er også dei berømte tyske pianistane Christoph Eschenbach og Lars Vogt.

Sjå video frå innspelinga av cd-en, og høyr Ramsauer spele:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Bilen er som ein dansepartner for unge

Dagfinn Moe, seniorforskar innan transportforsking ved SINTEF, er ikkje i tvil om at musikk kan påverke køyringa, særleg for unge sjåførar.

– Vaksne har generelt lettare enn ungdom for å skilje mellom det dei høyrer og det dei gjer, difor er dei flinkare til å handtere musikk i bilen, seier Moe til NRK.no.

– Musikken er først og fremst ein del av den opplevinga mange unge sjåførar er ute etter. Dei elskar å blande bilkøyring, gode vener og høg musikk, særleg med heftig bass. Dei tunge rytmane gir ei dansekjensle der bilen er dansepartneren. Det fører igjen til at sjåføren vert villig til å køyre fortare.

Les: – Tøffe tiltak kan stoppe verstingene

Sjå Brennpunkt i nett-tv: Råest bak rattet

– Kjem an på om ein likar musikken

Dagfinn Moe viser til ein svensk rapport om musikk og bilkøyring, der det mellom anna kjem fram at klassisk musikk kan ha ein avslappande effekt på sjåføren. Det mest avgjerande er likevel den individuelle musikksmaken, og Moe er ikkje sikker på om klassisk musikk vil vere til nytte for unge sjåførar:

– Kva effekt musikken har, kjem jo veldig an på om ein likar den eller ikkje, seier Moe.

– Dessutan er jo klassisk musikk veldig forskjellig – den kan til dømes vere veldig rytmisk og intens. Musikk som er oppkvikkande og set sjåføren i god stemning, vil sikkert fungere bra. Og Mozart vil nok ikkje ha same effekt på dei unge sjåførane som tunge rytmar.

Les: Blandar Mozart og Michael Jackson

Stephan Frucht

Dirigenten Stephan Frucht tok initiativet til «Adagio im Auto». Her dirigerer han orkesteret ved Deutsche Oper i Berlin under innspelinga. Ramsauer ved flygelet.

Foto: Presse

Vil undersøkje om musikk kan forstyrre

SINTEF-forskaren vil ikkje anbefale folk å bruke musikk som er altfor avslappande i bilen:

– Viss du er trøytt, kan du sovne til kva som helst. Musikk som er er laga for å vere særskilt beroligande, til meditasjon og liknande, er nok likevel ikkje å anbefale.

Ein ting seniorforskar Moe gjerne skulle undersøkt nærare, er om musikk i bilen også kan forstyrre og gjere sjåføren mindre merksam på kva som skjer rundt seg.

– Forsking har tydeleg påvist at ein engasjerande samtale kan ta bort merksemda frå køyringa og påverke dei visuospatiale ferdigheitene – evna til å vurdere avstandar, vinklar, retning og så vidare. Det hadde vore veldig interessant å finne ut om musikk kan ha same verknad. Vi har køyresimulatorar og utstyret som skal til, men vi treng i så fall sponsorar!

Les: Musikk er smertestillende medisin

Høyrer gjerne Brahms eller Beatles i bilen

Dagfinn Moe likar også å høyre musikk i bilen, men det er ikkje like viktig for han som før:

– Før var eg svært oppteken av å ha eit gigantanlegg i bilen, men no er det først og fremst heime eg lyttar til musikk, seier trafikkforskaren, som nyleg fylte 60.

– I bilen går det mest i gode, harmoniske låtar med stødig og grei pop og rock, tidleg Beatles er til dømes utmerka. Klassisk musikk blir det helst på lengre bilturar der eg køyrer åleine. Årstidene av Vivaldi, til dømes, eller ein klaverkonsert – Grieg sin i a-moll eller klaverkonsert nr. 2 av Brahms.

Høyr andresatsen frå Johannes Brahms sin klaverkonsert nr. 2:

(Nelson Freire er solist på klaver, Leipzig Gewandhaus-orkester vert dirigert av Riccardo Chailly.)

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.