Hopp til innhold

Andsnes vil fornye klassiske konsertar

Leif Ove Andsnes trur fleire vil oppsøke klassiske konsertar dersom det blir gjort meir for at dei skal føle seg vel i konsertsalen. Her kan du sjå han spele i Grieghallen torsdag kveld!

Video Leif Ove Andsnes spelar frå Hvoslefs klaverkonsert

Her kan du høyre eit utdrag frå Ketil Hvoslefs klaverkonsert, spelt i Grieghallen torsdag kveld av Leif Ove Andsnes og Bergen Filharmoniske Orkester.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det er i ein kommentar på nettsidene til den amerikanske radionettverket NPR (National Public Radio) Andsnes reflekterer over klassiske konsertar. NPR lanserte nyleg ein debattserie med tittelen «Symfoniske forsett», og har invitert fleire berømte musikarar til å bidra.

Andsnes har tidlegare vekt oppsikt med uvanlege prosjekt som å spele på eit druknande flygel og på ein fjelltopp, og hausta ros frå rapparen Kanye West med prosjektet Pictures Reframed.

Les: Mektig rapper digger Andsnes

Her kan du høyre Andsnes kommentere utspelet i går (intervju ved Arild Erikstad):

Video Leif Ove Andsnes om klassiske konsertar

Kontakt med publikum avgjerande

Leif Ove Andsnes erkjenner at mange likar rituala som omgir ein klassisk konsert, men spør seg kvifor mange opplever rammene som stive og gammaldagse. Sjølv likar Andsnes at gode musikarar snakkar til publikum frå scenen:

– Det kan vere pinleg dersom utøvaren ikkje er særleg god til å snakke, og det gjeld mange av oss, skriv Andsnes.

– Men ein bør opprette kontakt likevel. Det viser folk at utøvaren er eit menneske som dei. Dei kan kjenne seg att både i det du gjer og det du seier.

Les: Flygel til fjells

Konform innpakning på veg ut

Per Erik Kise Larsen

Per Erik Kise Larsen støttar Leif Ove Andsnes' ønske om å fornye den klassiske konsertoppplevinga.

Foto: DNK

Andsnes får støtte frå Per Erik Kise Larsen, som er direktør i Det Norske Kammerorkester og festivalsjef i Risør Kammermusikkfest. Han trur den konforme innpakninga av konsertane er på veg ut, og at klassiske konsertpublikummet allereie har endra sine forventningar.

– Folk vil ha meir av opplevingar, og forventar meir enn berre musikk, seier Kise Larsen.

– Kammerorkesterets konsertar inneheld nesten alltid verbale innslag, og publikum elskar det. Det er veldig viktig at det er musikarane sjølv som snakkar, for det er dei som skal formidle musikken, og dei kan gi publikum nøklar til tolkinga.

Kise Larsen trur det visuelle blir meir og meir viktig for konsertopplevinga:

– Unge snakkar gjerne om å «ha sett» ein konsert, ikkje om å ha høyrt den. Vi har eigen lysmann på konsertane våre som til dømes kan endre lysfargane mellom satsane. For fire-fem år sidan fekk vi enkelte negative reaksjonar på dette, men no er folk vant til det.

Les: Hva gjør Andsnes her?

– Prat kan også verke ekskluderande

Ragnhild Veire

Ragnhild Veire vil ikkje ha prat i konsertsalen for einkvar pris.

Foto: Fred-Olav Vatne

NRKs kommentator Ragnhild Veire ønskjer velkomen alle grep som kan mjuke opp den klassiske konsertforma, men trur ikkje musikarpresentasjonar alltid verkar inkluderande overfor publikum:

– I Noreg har vi hatt lang tradisjon for å gripe til det biografiske, både når det skal skrivast konsertprogram og i presentasjonar frå scenen, seier Veire.

– Slike oppramsingar av årstal og hendingar i komponistens liv kan like godt verke lukkande og eksluderande i forhold til den musikken vi faktisk skal høyre.

Veire synest fungerer betre når nokon tek tak i sjølve lyttaropplevinga og tilbyr publikum inngangar til musikken:

– Det kan vere ulike lyttemåtar eller ulike tolkningar. Slikt er meir vanleg i kunstmuseum enn i konsertsalen. Skal vi ha mer prat på konsertar, krevjast det dessutan god tolkings- og formidlingkompetanse.

Ketil Hvoslef og Leif Ove Andsnes

Komponist Ketil Hvoslef og Leif Ove Andsnes under førebuingane til vekas konsertar i Bergen.

Foto: Nina Skurtveit / NRK

Spelar i Bergen i kveld

Torsdag og fredag denne veka er Leif Ove Andsnes solist i Grieghallen med Bergen Filharmoniske Orkester, der han skal spele Ketil Hvoslefs klaverkonsert. Hvoslef skreiv konserten for Andsnes, som urframførte den i 1993.

Sjå i nett-tv: Høyt spill - med Leif Ove Andsnes


Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober