Hopp til innhold

– Pianoet er eit leiketøy for meg

Denne veka er kinesiske Yuja Wang solist med Oslo-Filharmonien i Béla Bartóks klaverkonsert nr. 2. – Ein fest å høyre på, sa Håvard Gimse etter generalprøven.

Video Yuja Wang med Oslo-Filharmonien

Sjå Yuja Wang spele i lag med Oslo-Filharmonien under generalprøven torsdag. (Foto: Fred Olav Vatne)

Når ein pianist etablerer seg i verdstoppen allereie tidleg i tjueåra, forventar ein å høyre historier om blodslit og endelause timar med øving. 24-årige Yuja Wang har eit langt meir lystbetont forhold til musikken enn som så:

– For meg er pianoet som eit leiketøy, seier Yuja Wang til NRK etter onsdagens prøve med Oslo-Filharmonien og deira sjefdirigent Jukka-Pekka Saraste.

– Eg byrja å spele som seksåring, med eit avslappa forhold til instrumentet. For meg har det handla mest om å leike med leiketøyet mitt og finne ut kva eg kan gjere med det, ikkje så mykje om arbeid og øving. Dette fokuset på spontanitet og moro har nok hjelpt meg til å behalde gleda over musikken.

– Ein fest å høyre på

Pianist Håvard Gimse

Håvard Gimse.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

Den norske pianisten Håvard Gimse var mellom tilhøyrarane under torsdagens generalprøve i Oslo Konserthus. Han var full av lovord om Wangs spel etterpå:

– Det var himmelstormande – ein fest å høyre på, sa Gimse til NRK.

Gimse har ikkje spelt Bartóks andre klaverkonsert sjølv, men vurderer den som ein av dei vanskelegaste på repertoaret. Han var imponert over korleis Wang takla utfordringane:

– Ho er veldig «lett på foten» og speler med ein uvanleg presisjon. Det verkar som om det kostar henne veldig lite å spele klaver. Det finst eit overskot i spelet hennar som merkast, og det smittar over på publikum.

Yuja Wang

Mote er ei av Yuja Wangs hovudinteresser ved sidan av musikken.

Foto: © Felix Broede / Deutsche Grammophon

– Minner om Andsnes

Ragnhild Veire

Ragnhild Veire.

Foto: Ole Kaland / NRK

NRKs klassisk-meldar Ragnhild Veire ser fram til å høyre den unge pianisten i Oslo Konserthus, og er imponert over det ho har høyrt og sett på plate og videoklipp.

– Fingrane hennar er ikkje berre fabelaktig raske, dei er også utruleg presise, seier Ragnhild Veire.

Veire ser likskapar mellom Yuja Wang og Leif Ove Andsnes:

– Ho har ein klarleik i spelet som kan få ein til å gispe. Leif Ove Andsnes har noko av den same kombinasjonen av klarleik og temperament. Denne kombinasjonen skaper ei heilt spesiell angrepsoppleving når dei spelar teknisk vanskelege ting.

«Eit arbeid under utvikling»

– Ho har også ein tøff aggresivitet som kler musikken ho skal spele i Oslo denne veka veldig godt. Bartóks andre klaverkonsert er rytmisk, perkussiv musikk.

Yuja Wang spelte nyleg den same konserten under The Proms, og fekk strålande kritikkar.

The Guardians strenge meldar Andrew Clements var imponert over hennar talent og syntest konserten var fantastisk. Men han kallar henne også «eit arbeid under utvikling», og påpeikar at ho ikkje har fått alt i denne musikken under huda enno.

Speler med dei beste

Yuja Wang har gitt ut to album på det prestisjetunge platemerket Deutsche Grammophon, og er solist med kremen av dirigentar og orkester verda over. Førre sesong debuterte ho mellom anna med Concertgebouw-orkesteret i Amsterdam.

– Eg likar veldig godt å jobbe med unge dirigentar, dei er kjappe og stiller med eit ope sinn, seier ho.

Men når ho skal trekkje fram enkeltpersonar som har betydd mykje for karrieren, vel ho to «gamle ringrevar», Charles Dutoit (74) og Claudio Abbado (78):

– Eg har jobba veldig mykje med Charles Dutoit, han har betydd mykje. Og det var fantastisk å spele inn konsertar av Rakhmaninov og Prokofjev på plate saman med Claudio Abbado. Abbado er ei legende og dirigerer på ein magisk måte. Han jobbar ikkje mykje med solistar, så det var ei ære å få spele med han.

– Norsk laks er favorittmaten min!

Wang er fødd og oppvaksen i Beijing, men flytta til Calgary i Canada som 14-åring – åleine, utan familien. Det var ein tøff overgang:

– Eg kunne ikkje engelsk, og hata maten. Men å kome til eit heilt annleis miljø med ein annan innfallsvinkel til musikken, opna nye måtar å lytte til musikk på. Og opplevinga var veldig bra for karakteren. Når karrieren er i gang med reising og alt det andre, er det eit utruleg viktig fundament å vere sterk og uavhengig.

Wang bur i New York, men reiser mykje og har, som ho seier, «vener overalt.» Denne veka er ho i Noreg for første gong, og norsk mat har ho eit godt forhold til:

– Eg kjenner først og fremst til norsk laks – det er favorittmaten min! Eg skal i Nasjonalmuseet for å sjå bilete av Edvard Munch – og viss det er fint vèr skal eg ta ein tur i den parken alle snakkar om!

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.