Hopp til innhold

Verds­stjerner til kamp for utdannings­institusjonen sin: – Forfallet er ein skandale

Pianist Leif Ove Andsnes og operasongar Lise Davidsen blir triste av å sjå forfallet på Griegakademiet i Bergen.

Leif Ove Andsnes på et øvingsrom på Griegakademiet i Bergen.

Øvingsrommet er ikkje mange kvadratmeter. – Lyden slår mot meg. Her kan eg ikkje jobbe, seier Leif Ove Andsnes.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Han går gjennom gangar han har gått gjennom hundrevis av gonger tidlegare. Leif Ove Andsnes var mellom dei første som fekk utdanninga si her, i det gamle bygget midt i Bergen sentrum.

Lyd frå ulike instrument gjev eit lydteppe til marsjen gjennom dei tronge korridorane. Her er det nesten ikkje lydisolering.

Studentane må veksle på kva øvingsrom som skal brukast for å ikkje forstyrre kvarandre for mykje.

– Desse lokala toler ikkje samanlikning med liknande utdanningsinstitusjonar i Noreg eller i utlandet, meiner stjernepianisten.

– Det er trongt, for lite plass, for dårleg lydisolert. Rett og slett for provisoriske lokale.

Eksteriørt, Griegakademiet

Griegakademiet er ein del av Universitetet i Bergen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Verdsstjerner og helsefare

Andsnes starta her i 1987. 20 år seinare starta ei anna stjerne musikkutdanninga si på Griegakademiet.

Operasongaren Lise Davidsen gjer no felles kamp med Andsnes. Dei meiner noko må gjerast med bygget i Lars Hilles gate.

– Eg hadde jo kollegaer på akademiet som sleit med pustevanskar og lungekapasitet når dei øvde for mykje på Griegakademiet. Og det vert berre dårlegare og dårlegare for kvart år som går.

Davidsen snakkar med NRK frå eit hotellrom i Chicago.

– Eg synest det som skjer er trist. Det er rart at eit land som Noreg kan ha ein utdanningsinstitusjon med så høgt fagleg nivå, men så kummerlege forhold.

Leif Ove Andsnes og Lise Davidsen poserer i forbindelse med albumet Edvard Grieg

Leif Ove Andsnes og Lise Davidsen har fleire musikalske samarbeid bak seg. No slår dei eit slag for Griegakademiet.

Foto: Universal Music Group

Davidsen er ikkje berre redd for at studentar vel andre stader å ta ei musikkutdanning, men òg for at kvalifiserte lærarar vel vekk Bergen og Noreg. Andsnes er samd.

– Inneklimaet er elendig.

Dette er rett og slett ikkje verdig ein by som Bergen og eit land som Noreg.

Lise Davidsen Operasanger

Ingen pengar på statsbudsjettet

Vindu på Griegakademiet i Bergen

Bygget er eigentleg ein over eitt hundre år gamal barneskule.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Vi er redde for at vindauga rett og slett skal falle ut.

Det er ikkje ein stolt instituttleiar som viser oss rundt i det som eigentleg er ein gamal barneskule. Randi Rolvsjord trudde dei eigentleg skulle vere på flyttefot no.

Tomt og teikningar til eit nybygg er på plass. Berre pengar manglar før spaden kan settast i jorda. Men overraskande for mange kom det ikkje pengar på statsbudsjettet.

– Vi synest det var veldig merkeleg og veldig skuffande. Det nye bygget var jo ferdig planlagt saman med Statsbygg. Situasjonen er kjempealvorleg.

Slik såg det ut då musikkstudentane demonstrerte for nytt bygg i oktober:

Regjeringa set ikkje av pengar til nytt bygg for Griegakademiet til neste år. Musikkstudentane er lei av elendig inneklima og dårleg lydisolering

Regjeringa set ikkje av pengar til nytt bygg for Griegakademiet til neste år. Musikkstudentane er lei av elendig inneklima og dårleg lydisolering

Rolvsjord fryktar det blir vanskeleg å få fram fleire kunstnarar som har dei største scenene i verda som sin arbeidsplass.

– Det blir utfordrande. Generelt sett er det ein utfordring å vere musikkstudent hos oss.

– Skandale

Andsnes har – til ære for NRK – spelt litt på eit piano i eit trongt øvingslokale i fjerde etasje. Han er ikkje imponert.

– Lyden slår mot deg når det er så lite plass. Eg kjenner at her kunne ikkje eg ha jobba.

Han seier han vart provosert av at det ikkje var rom til eit nytt bygg på regjeringa sitt framlegg til budsjett for neste år.

Eg synest det er skandaløst. Det er overraskande. Plutseleg står alt i stampe. Det er ubehjelpeleg og uforståeleg.

Leif Ove Andsnes Pianist

Davidsen stemmer i frå Chicago.

– Eg veit det er mange ting som skal med på statsbudsjettet. Men det er overraskande at eit universitetsbygg som dette ikkje kan prioriterast. Eg håper dei vil revurdere.

Men regjeringa og forskings- og utdanningsminister Sandra Borch (Sp) meiner det ikkje bør overraske at det ikkje kom pengar i år.

– Planane frå Universitetet i Bergen kom så seint at det ikkje har vore tid til å kvalitetssikre dei. Dessutan har jo regjeringa stoppa fleire store byggeprosjekt i det siste, sa Borch ved framlegginga av budsjettet i oktober.

Eit eventuelt nytt Griegakademi kjem til å koste i underkant av ein milliard kroner. Etter planen skulle det stått klart i 2026.

Skisse av nybygg for Griegakademiet

Ei skisse av nybygget som skal ligge på Møllendal i Bergen.

Foto: Nordic Office of Architecture/Turzen