Hopp til innhold

Unge vil løyse omsorgskrisa, men får ikkje studieplass: – Skremmer meg

Noreg kan mangle 28.000 sjukepleiarar om få år. Fleire unge vil trå til for å løyse krisa, men langt under halvparten får studieplass.

Elever

KLARE TIL INNSATS: Helsefagelevane i Stryn har trua på eit arbeidsliv i helsestellet.

Foto: ASGEIR HEIMDAL REKSNES / NRK

– Det er det eg har lyst til, å hjelpe andre menneske, seier Andrea Kristine Refvik Volle.

Saman med to klassevenninner øver ho på å måle blodtrykk og oksygennivå i blodet. Dei vil inn i eit yrke samfunnet har svært stor bruk for.

Noreg vil mangle rundt 28.000 sjukepleiarar i 2035, varslar Statistisk sentralbyrå (SSB).

Årsaka er at vi blir stadig fleire eldre som treng helsehjelp og omsorg.

Det er ikkje norsk ungdom det står på. 13.370 personar har sjukepleiarutdanninga som fyrsteval til hausten, viser tal frå Samordna opptak.

Problemet er at det berre finst 5100 studieplassar.

– Det er jo trist om vi ikkje får utdanna oss fordi det manglar plass. Då vil jo halde fram med å mangle sjukepleiarar, seier Refvik Volle.

Elevar ved Stryn vgs-

SKULEELEVAR: Frå venstre, Mathilde Flo Heggen, Malin Grothaug Myklebust, Andre Kristine Refvik Volle

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Alvorleg og dramatisk samfunnsproblem

Ein av tre kommunar tvilar på at dei kan gi heimebasert omsorg til alle som vil i framtida.

Det viser ei undersøking NRK har gjort blant toppleiarane i norske kommunar.

Leiar i Sjukepleiarforbundet, Lill Sverresdatter Larsen, kallar situasjonen «alvorleg og dramatisk».

– Alt i dag merkar pasientar, pårørande og helsearbeidarar konsekvensane av at det manglar livsnaudsynt kompetanse, seier ho.

Befolkning over 70 år:

Kart over kommuner med prosentvis aldersfordeling over 70 år

Ifylgje forbundet er det fleire ting som må gjerast: Altfor mange sjukepleiarar jobbar deltid, avgangsalderen er i snitt på 58 år, og nær halvparten fullfører ikkje studiet.

I tillegg viser tal frå SSB at stadig fleire sjukepleiarar sluttar i jobben. Høgt arbeidspress og låg bemanning får skulda.

– Ein må styrke utdanninga slik at ein får folk gjennom, seier Larsen.

Ho legg til at utkantane vil merke det fyrst, men at også storbyane vil kjenne konsekvensane.

NRK har tidlegare fortalt om korleis kommunar i distrikta tilbyr «frynsegode» for å skaffe sjukepleiarar.

Utan at det nødvendigvis hjelp.

Høie: Vi må jobbe på alle frontar

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) gler seg over at dei unge vil inn i helse- og omsorgsyrka. Han meiner det er den samla utdanningskapasiteten som er eit problem.

– Det er ikkje berre å auke talet studieplassar, helsestellet må ha gode nok praksisplassar som ein del av studia, seier Høie.

I dag sluttar ein av fem sjukepleiarar i løpet av dei fyrste ti åra etter at dei er ferdig utdanna.

– Vi må halde på mange av desse i yrket, redusere bruken av deltid, og jobbe på alle frontar for å unngå ein dramatisk sjukepleiarmangel, seier Høie.

Bent Høie

KREV PRAKSISPLASSAR: Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) meiner at det ikkje berre er å auke talet på studieplassar, fordi studentane også må ha gode nok praksisplassar.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Skremmande med så få studieplassar

I Stryn er elevane i gang med å teste blodtrykket til kvarandre.

– Ei interessant øving midt i russetida, ler dei.

To av dei har alt hatt deltidsjobb på omsorgssenter, og har med eigne auge sett at det er bruk for meir arbeidskraft.

– Det verkar som eit variert yrke, men det skremmer meg at det er så få studieplassar, seier Malin Grothaug Myklebust.

Denne saka er ein del av «Den store folkevandringa», eit samarbeidsprosjekt mellom lokalaviser organisert i Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK.

Skoleklasse med bare seks elever igjen

Tanja er den einaste jenta på biletet som har flytta heim

Nær ein av tre norske kommunar hadde 20 eller færre fødslar i fjor.

Les saken

Familien Selvaag flyttet fra Oslo til Lillehammer.

Forskning viser at koronalivet er bedre i distriktet: – Det ble kvelende å være i Oslo

De drømte om mer luft og natur, og mindre nedstengt by. En ny studie slår fast at folk i storbyen har slitt mest.

Les saken

Truls Bernhardsen vil helst bli buande i Kariel i Finnmark

Dei fleste bygdeungdom er som Truls. Dei vil bu, leve og døy på bygda.

Det er ikkje slik at alle bygdeungdommar vil flytte til byen. Fleirtalet vil helst bli buande på bygda, viser ei fersk undersøking. Men dei stiller nokre krav.

Les saken

Marja-Elina Ballovara Varsi

Legestudenten Marja er like viktig for helsen som for et truet språk

Marja-Elina Varsi har gjort som tusenvis av andre samer: Flyttet fra bygda til byen. Nå håper ordføreren i hjemkommunen at hun kommer tilbake.

Les saken

Sunniva Antonsen Remmen (26) er finansanalytiker og jobber fra Træna, hvor hun er fra.

Sunniva jobber med finans for San Francisco-selskap fra øy med 400 innbyggere

Hun begynte med hjemmekontor hos foreldrene da pandemien brøt ut. Nå har Sunniva Antonsen Remmen (26) kjøpt seg hus på Træna.

Les saken

Mathilde Leivseth, den store folkevandringa, hamarøy, befolkningsfremskriving, telemarksforskning, ssb.

SSB mener Mathildes (20) hjemkommune skal vokse – forsker mener det er en grov bom

SSB spår vekst i folketallet i Hamarøy og mange andre kommuner i distriktene de neste 20 årene. Forsker mener SSB tar systematisk feil og mener de vil få en mye større nedgang.

Les saken

innvandring-vang-040321

Anna og Piotr har vore med på å berge folketalet på bygda, men no snur det

No stansar innvandringa opp, og det kan få alvorlege følgjer for distriktskommunar.

Les saken

Sara Mathisen og samboeren Joachim gikk mot strømmen da de satset all tid og penger på å pusse opp et gammelt hus på Værøy i Lofoten.

Sara og Joachim måtte gi opp å bygge nytt: – Har pusset opp for 5 millioner

I en av kommunene der det bygges færrest boliger, fikk Sara og Joachim knapt lån til å kjøpe et gammelt, forfallent hus.

Les saken

Iselin Nybø

Berre ti søkte på departementsjobbar som var meint for folk frå distrikta

Det kom færre søkarar enn normalt då Næringsdepartementet gjorde det mogleg å søka på departementsjobb,

Les saken