Hopp til innhold

Lokka sjukepleiarar med 150.000 kroner – fekk berre to søkarar

Politikarane slo på stortromma og opna lommeboka for å få fleire sjukepleiarar. I søkarbunken låg det to namn.

Høyanger

VIL HA FLEIRE: Høyanger kommune treng fleire sjukepleiarar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Fem stipend på fleire hundre tusen kroner skulle lokke sjukepleiarstudentar til Høyanger kommune i Sogn.

Politikarane i kraftkommunen bestemte i september i år at dei vil gje 150.000 kroner i stipend til kvar student over tre år. I byte måtte studentane jobbe kvar tredje helg, i feriane, og binde seg til fast jobb i to år etter utdanninga.

– Vi lyste ut fem stipend og fekk to søknadar innan søknadsfristen. Vi er nøgde, sjølv om talet kunne vore høgare, seier personalsjef Arnvid Hovland.

Ber om meir pengar

Over heile landet sender kommunane reine frieri for å få fleire hender i helsetenestene. Stipendordningar, gratis bustad og feite tillegg er noko av det som vert lokka med.

Ekstra press på helsetenestene under koronapandemien gjer at fleire kommunar må konkurrere om dei same sjukepleiarane.

Sjølv om Høyanger kommune har lokka med 150.000 kroner, så har ikkje sjukepleiarstudentane stilt seg i kø for tilbodet. Det var avisa Ytre Sogn som først skreiv om saka.

– Det er kjedeleg for Høyanger, men det viser problemet med sjukepleiarmangelen, seier Lill Sverresdatter Larsen, som er leiar i Sjukepleiarforbundet.

I ei undersøking svara 8 av 10 sisteårsstudentar at dei vil jobbe på sjukehus når dei skal ut i jobb.

– Det trengst ein større pengesum for å få fleire sjukepleiarar ut i kommunane, men mest av alt ynskjer studentane eit fagmiljø og ei leiing som ser dei, seier Larsen.

Lill Sverresdatter Larsen

MEIR PENGAR: Leiar i Sjukepleiarforbundet, Lill Sverresdatter Larsen, vil ha meir pengar til sjukepleiarane.

Foto: SUNNIVA TONSBERG GASKI / SUNNIVA TONSBERG GASKI

– Pengar er ikkje alt

Sjukepleiarmangel gjorde at Høyanger kommune måtte tenke nytt. No vurderer kommunen om dei må utvide søknadsfristen for stipendordninga.

– Vi trur ikkje at krava våre for å få stipend har vore for strenge, seier personalsjef Arnvid Hovland.

– Kan det vere at pengar ikkje er nok?

– Pengar er ikkje alt, men vi kan også tilby eit godt samfunn med gode tilbod til innbyggarane våre, seier han.

Sjukepleiarforbundet kjem med klare råd til både Høyanger og andre kommunar som slit med å lokke til seg sjukepleiarar.

– Løna må bli høgare. Kommunane må også satse på å behalde sjukepleiarane dei allereie har, for å sikre fagmiljøet og kompetansen, seier leiar i Sjukepleiarforbundet, Lill Sverresdatter Larsen.