Hopp til innhold

Dei fleste bygdeungdom er som Truls. Dei vil bu, leve og døy på bygda.

Det er ikkje slik at alle bygdeungdommar vil flytte til byen. Fleirtalet vil helst bli buande på bygda, viser ei fersk undersøking. Men dei stiller nokre krav.

Truls Bernhardsen vil helst bli buande i Kariel i Finnmark

Truls Bernhardsen har vore i byen, og han likar det ikkje. Han er blant fleirtalet av norsk bygdeungdom som vil busette seg i heimbygda.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

– Viss eg finn ei jente som vil bu i byen, så trur eg det blir vanskeleg, seier 17 år gamle Truls Bernhardsen.

Han har nettopp blitt spurt om korleis det blir om ein framtidig partnar ikkje vil bu i Kariel i Aust-Finnmark.

Truls har nemleg ein klar plan. Han ønsker å leve livet sitt i heimbygda, langs Varangerfjorden, litt utanfor Vadsø.

Truls Bernhardsen har kjøpt seg fiskebår og vil aller helst bu i Kariel i Finnmark.

17 år gamle Truls har allereie sin eigen fiskebåt. No flytter han bort i eit år for å ta maritim utdanning, men han trur han berre blir borte frå Kariel i eit år.

Foto: Privat

Bygda er attraktiv for mange unge

Truls tilhøyrer fleirtalet av norsk bygdeungdom: Dei som gjerne vil bli buande på bygda. Det kjem fram i ei undersøking som Distriktssenteret står bak.

1.464 norske ungdommar er spurt om kva dei tenker om eit liv på bygda.

  • 65 prosent av dei som i dag bur i norske distriktskommunar seier at dei ønskjer eller planlegg å bli buande på bygda.
  • 40 prosent av dei som i dag bur i meir sentrale strøk seier seg «einige» eller «litt einige» når dei skal svare på om eit liv på bygda er aktuelt.

For ein del av dei minste distriktskommunane er det viktig å få den lokale ungdommen heim igjen. I fleire bygder opplever dei kvart år at heile årskull med ungdom flytter bort frå kommunen for å få seg utdanning eller skaffe seg jobberfaring. Langt frå alle kjem heim att.

NRK har snakka med Truls og andre bygdeungdom rundt om i landet om kva dei tenker om å bli gamal på bygda.

Partnar, barn og jobb

Truls bruker ein del tid på «Tonje». Det er fiskebåten som han har kjøpt, og som kan bli arbeidsplassen hans i åra som kjem.

Men som alle andre tenåringar veit han at livet kan ta nye og store vendingar i åra sin kjem. Ein partnar og barn kan bli aktuelt ein dag, og difor er det viktig å vite at han bur på ein stad kor det er fint å vekse opp. Slik som i Kariel.

– Eg trivest her og vil at mine ungar skal oppleve det same som meg, seier Bernhardsen.

Å bu i ein by kjem ikkje på tale for Truls.

– Eg har vore i byen, og eg vert sliten av det, seier tenåringen som likar godt å vere ute i naturen, fiske og gå på jakt.

Truls passar godt overeins med det som kjem fram i undersøkinga. Dei som er mest positive til å leve på bygda hever fram enkelte sider ved bygdelivet som er viktige for dei:

  • Oppvekstmiljøet for framtidige barn.
  • Det er lettare å kjenne lokalsamfunnet godt.
  • Større sjanse for å kunne bygge sitt eige hus.
  • Lett tilgang til naturen.

Når bygda vert for lita

Men, bygda leverer ikkje på alle frontar. Blant dei som er skeptiske til å bli gamle på bygda er det nokre minus som ofte vert framheva:

  • Færre jobbmoglegheiter
  • Mangelen på eit levande sentrum
  • Dårleg kollektivtilbod

14 år gamle Camilla Dahl er frå Sel kommune i Gudbrandsdalen, og synest heimbygda er litt for liten om ho skal ville bu der når ho blir gamal.

– Det bør bli litt fleire ting å gjere. At det ikkje er ein litt trist plass, seier Dahl.

Camilla Dahl frå Otta

Camilla Dahl synest heimstaden er litt liten og trist. Det må fleire aktivitetar på plass for at ho skal flytte heim.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Butikkar og fleire aktivitetstilbod til ungdommar er noko ho tenker kunne gjere heimstaden meir attraktiv.

Og dette er også noko som vert tydeleg i undersøkinga. Når ungdommane vert spurde om kva dei tenker er negativt ved å bu på bygda, så er mangelen på sosiale møteplassar eit sentralt punkt.

Det er også ein tendens til at dei som ikkje er heterofile, eller dei som har foreldre frå eit anna land, er mindre positive til å busette seg på bygda.

Forventningane frå vener og familie

Kva seier vener og familie om du ikkje vil bu i heimbygda? Det er også eit tema i undersøkinga.

  • 33 prosent av dei spurte seier at dei bryr seg om kva familien meiner når dei skal bestemme seg for kor dei skal bu.
  • Cirka 17 prosent seier at dei bryr seg om kva venene meiner.

LES OGSÅ: «Om eg ikkje flyttar heim, er det mi skyld at bygda døyr?»

Hanne Abusland

Hanne Abusland synest fråflytting kan vere eit sårt tema, men skjønner godt at folk flytter bort for utdanning og jobb.

Foto: Anders Hustveit Gerhardsen / NRK

Det å snakke om å flytte frå bygda er eit litt sårt tema, seier ungdom som NRK møter på Byremo i Agder.

– Eg trur ikkje foreldra mine hadde sagt så mykje på det, fordi dei skjønner det med tanke på jobb og slikt. Men eg trur jo samtidig at dei vil ha meg nær dei, så det er jo litt trist også, seier 17 år gamle Hanne Abusland.

Ho og venene er i ein fase av livet kor dei etter kvart må bestemme seg for kva dei skal gjere vidare. Ein av dei som har bestemt seg for å bli att på Byremo er Jonas Flottorp.

– Det er jo litt trist å sjå at det er ein del som flytter bort frå bygda. Det har jo ein sjarm ved seg. At dei heller vil inn til byane, det skjønner eg meg ikkje heilt på personleg, seier Flottorp, som allereie har busett seg på Byremo, og som ikkje har nokon plan om å flytte på seg.

Jonas Flottorp skjønner seg ikkje på dei som vil bu i byane.

Jonas Flottorp trur verken familie eller vener ville stansa han frå å flytte. Men han vil ikkje flytte. Han vil bu på Byremo.

Foto: Anders Hustveit Gerhardsen / NRK

Ti ungdomsråd til regjeringa

Undersøkinga er ein del av arbeidet til Ungdommens Distriktspanel, og målet har vore å gje regjeringa ti gode råd til korleis ein kan gjere distriktet meir attraktivt for fleire ungdommar.

Måndag denne veka vart dei ti råda gitt til statsminister Erna Solberg og distriktsminister Linda Hofstad Helleland.

– Me har allereie starta å jobbe med forslaga. Det er eit veldig grundig arbeid ungdommane har gjort. Dei er optimistiske på vegner av distriktet si framtid, og det er også vi i regjeringa, seier distriktsminister Linda Hofstad Helleland.

Skoleklasse med bare seks elever igjen

Tanja er den einaste jenta på biletet som har flytta heim

Nær ein av tre norske kommunar hadde 20 eller færre fødslar i fjor.

Les saken

Familien Selvaag flyttet fra Oslo til Lillehammer.

Forskning viser at koronalivet er bedre i distriktet: – Det ble kvelende å være i Oslo

De drømte om mer luft og natur, og mindre nedstengt by. En ny studie slår fast at folk i storbyen har slitt mest.

Les saken

Truls Bernhardsen vil helst bli buande i Kariel i Finnmark

Dei fleste bygdeungdom er som Truls. Dei vil bu, leve og døy på bygda.

Det er ikkje slik at alle bygdeungdommar vil flytte til byen. Fleirtalet vil helst bli buande på bygda, viser ei fersk undersøking. Men dei stiller nokre krav.

Les saken

Marja-Elina Ballovara Varsi

Legestudenten Marja er like viktig for helsen som for et truet språk

Marja-Elina Varsi har gjort som tusenvis av andre samer: Flyttet fra bygda til byen. Nå håper ordføreren i hjemkommunen at hun kommer tilbake.

Les saken

Sunniva Antonsen Remmen (26) er finansanalytiker og jobber fra Træna, hvor hun er fra.

Sunniva jobber med finans for San Francisco-selskap fra øy med 400 innbyggere

Hun begynte med hjemmekontor hos foreldrene da pandemien brøt ut. Nå har Sunniva Antonsen Remmen (26) kjøpt seg hus på Træna.

Les saken

Mathilde Leivseth, den store folkevandringa, hamarøy, befolkningsfremskriving, telemarksforskning, ssb.

SSB mener Mathildes (20) hjemkommune skal vokse – forsker mener det er en grov bom

SSB spår vekst i folketallet i Hamarøy og mange andre kommuner i distriktene de neste 20 årene. Forsker mener SSB tar systematisk feil og mener de vil få en mye større nedgang.

Les saken

innvandring-vang-040321

Anna og Piotr har vore med på å berge folketalet på bygda, men no snur det

No stansar innvandringa opp, og det kan få alvorlege følgjer for distriktskommunar.

Les saken

Sara Mathisen og samboeren Joachim gikk mot strømmen da de satset all tid og penger på å pusse opp et gammelt hus på Værøy i Lofoten.

Sara og Joachim måtte gi opp å bygge nytt: – Har pusset opp for 5 millioner

I en av kommunene der det bygges færrest boliger, fikk Sara og Joachim knapt lån til å kjøpe et gammelt, forfallent hus.

Les saken

Iselin Nybø

Berre ti søkte på departementsjobbar som var meint for folk frå distrikta

Det kom færre søkarar enn normalt då Næringsdepartementet gjorde det mogleg å søka på departementsjobb,

Les saken

AKTUELT NÅ