Hopp til innhold

Excelark får skulda etter nedlegging av sjukeheim – vil ha omkamp

Fleire politikarar vil ha omkamp etter at dei først sa ja til å legge ned sjukeheim. Dei hevdar at dei ikkje forstod kva dei stemte på.

Molde rådhus

MOLDE: Fleire politikarar i Molde hevdar dei ikkje forstod at dei var med på å legge ned Skåla omsorgssenter.

Foto: Tore Ellingseter / nrk

Det starta som ei klassisk sak i kommunestyret. Molde kommune må spare pengar.

Eit forslag som vart vedteke, var å legge ned sjukeheimen på Skåla. Dermed måtte 17 bebuarar finne seg ein ny heim, i nabobygda Nesset, som ligg ein halvtime unna med bil.

Flyttinga har vekt sterke reaksjonar – og i etterkant hevdar no fleire politikarar at dei ikkje var klar over kva dei stemte på.

– Når det har så store konsekvensar, så bør det vere krystallklart kva vi vedtek. Og når det ikkje er det, så er det grunnlag for kritikk, seier Edvard Breivik (R), som sit i kommunestyret.

Også tidlegare har det vore uro rundt sjukeheimen på Skåla, med fakkeltog og underskriftsaksjonar.

Kommunestyremøtet Molde

Alle politikarane i Molde var samla då dei skulle gå gjennom ei liste med forslag til kutt, for å spare pengar.

Foto: Mari Aandahl Kippernes / NRK

Hevdar vedtaket er ulovleg

Fleire av politikarane hevdar informasjonen var så uklar at vedtaket er ulovleg, og har klaga til kommunen.

I Romsdals Budstikke, lokalavisa i Molde, har debatten om dei nedlagde sjukeheimsplassane fått mykje merksemd dei siste to vekene.

Der har fleire politikarar gått ut og sagt seg einig med Edvard Breivik: dei visste ikkje kva det var dei stemte på.

Det er eit excelark med 67 punkt som får hovudskulda.

Skjermdump frå dokumentet som skaper strid i Molde

Det er dette dokumentet som skaper strid.

Foto: skjermdump

I forkant av møtet blei arket sendt til politikarane – men ved ein glipp hadde informasjonen om Skåla omsorgssenter forsvunne.

Ordførar i Molde, Trygve Grydeland (H), seier at dei prøvde så godt dei kunne å bøte på dette – ved å opplyse saka i kommunestyret.

Trygve Grydeland

Ordførar i Molde, Trygve Grydeland, seier dei vil ta lærdom av denne hendinga.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Så ser vi at i ettertid har nokre opplevd at dei ikkje forstod heilt kva som var sett til votering. Så har dei levert ein lovlegheitskontroll, og då får vi berre handtere den på ein ordentleg måte, seier ordføraren i Molde.

I den såkalla saksinnstillinga politikarane hadde fått tilsendt, sto det informasjon om Skåla omsorgssenter.

Men i excelarket som dei også fekk tilsendt, så var denne informasjonen ikkje med.

Kommunestyremøte Molde

Her sit ordføraren saman med nokre andre under kommunestyremøtet den 20. juni.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Vil ha ny avstemming

Dermed var det mange som stemte ja, som no ønskjer omkamp. Heile 21 politikarar har klaga inn vedtaket til kommunen, skriv Romsdals Budstikke.

Alle desse er medlem av partia som sit i opposisjon.

– Det er tydeleg her at det var mange som ikkje har forstått at dette betydde å legge ned Skåla, seier David Heggem (Frp), som tok initiativet til å klage inn til kommunen.

Frp var det einaste partiet som stemte mot. Likevel meiner han at vedtaket bør bli tatt opp på nytt, slik ein får gjort det ordentleg.

Ordføraren seier dei vil ta dette som eit læringspunkt, men vil ikkje seie kva resultatet av klagen eventuell blir.

– Då får vi berre handtere den på ein ordentleg måte, seier ordføraren.

Nytt kommunestyremøte i Molde er i september.