Hopp til innhold

Berre ti søkte på departementsjobbar som var meint for folk frå distrikta

Det kom færre søkarar enn normalt då Næringsdepartementet gjorde det mogleg å søka på departementsjobb, sjølv om ein bur langt frå Oslo. Berre to av dei ti søkarane bur langt frå Oslo.

Iselin Nybø

Søkartalet til dei to desentraliserte departementsjobbane var ikkje heilt som næringsminister Iselin Nybø hadde håpa. Likevel er det ikkje heilt krise, meiner ho.

Det er 10 søkarar som no kjempar om to jobbar. Heile åtte av dei bur nært Oslo. Sjølv om altså ikkje det er eit kriterium.

Søkartalet var ikkje heilt det som næringsministeren håpa på, men det er heller ikkje krise, meiner ho.

– Etter det eg har forstått, er det gode kandidatar som har søkt, så me kjem nok til å få tilsetja i desse engasjementa her, seier næringsminister Iselin Nybø (V) om søkarlista for dei to vikariata som departementet søker juristar i førstekonsulentstillingar til.

Åtte av ti bur nært Oslo

Av dei ti personane som har meldt si interesse, bur seks i Oslo, to i Viken, ei i Kristiansand og ei i Alta. NRK kjenner ikkje til heimstaden til alle søkarane. Men det vil altså seia at interessa ikkje er så stor frå juristar som allereie bur i distriktet.

– For meg så var det viktig å koma i gang. Altså prøva dette. Senda ut ei utlysing, og sjå korleis responsen var. Viss me fekk tilsett nokon utanfor Oslo, så kjem me sikkert til å gjera oss nokre erfaringar med det òg, seier Nybø.

Initiativet til Nybø er eit forsøk på å kunna få kollegaar frå nettopp distriktet, og målet er å gjera det meir attraktivt å bu i distrikta.

Ideen kom inn i Venstre frå distriktsprofilen deira i Vest, og frå ordførar i Stad kommune, Alfred Bjørlo.

Alfred Bjørlo

Ordførar i Stad kommune, Alfred Bjørlo (V), håpar at staten får ein strategi på at ein viss del av alle stillingar i sentrale direktorat skal lysast ut med fleksibel arbeidsstad.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Vil ha meir

– Det viktige no, er at ein kjem i gang og prøver dette ut. Og så er det viktig at dette no blir rulla ut i større skala, og at ein også lyser ut faste stillingar, seier han.

Bjørlo let seg heller ikkje imponera over søkartalet. Han og partikollega Nybø meiner tidspunkt på året og låg arbeidsløyse blant juristar kan vera noko av forklaringa på den låge interessa. To vikariat som førstekonsulentar er ikkje nok, meiner Bjørlo som vil ha meir.

– Ein må ikkje enda opp med at dette er satsinga. Tvert imot. Det viktige no er at staten får ein strategi på at ein viss del av alle stillingar i sentrale direktorat skal lysast ut med fleksibel arbeidsstad rundt om i landet, seier han.

– Burde vore mindre stor i kjeften

Til hausten er det stortingsval. Då må Venstre anten gjera det bra, eller så hastar det å få utført endringa. Bjørlo trur ikkje ei raud-grøn regjering er meir skikka enn Venstre til å få sett ideen hans ut i live.

– Erfaringane frå tidlegare regjeringar har jo vore at Arbeidarpartiet er det mest sentralistiske og statsbyråkratistyrte partiet i landet. Og det er klart at skal ein lukkast så krev det aktiv politisk vilje, seier Bjørlo.

Det får Arbeidarpartiet sin distriktspolitiske talsperson, Stein Erik Lauvås til å reagera.

Stortingsrepresentant Stein Erik Lauvås

Arbeidarpartiet sin distriktspolitiske talsperson, Stein Erik Lauvås, meiner dagens regjering er regjeringa som sentralisert mest i moderne tid.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

– Alfred Bjørlo burde vore mindre stor i kjeften, og så burde han bruka energi på å passa på sitt eige parti Venstre, som no har sete i den regjeringa som vel har sentralisert mest i moderne tid. Tvangssamanslegne fylke og kommunar, seier han.

– Dette er berre starten

Likevel meiner han at sjølve ideen ikkje er så dum.

– Eg reknar jo med at me kan få regjeringsmakt, og då kjem me til å satsa sterkt på distriktspolitikken. Me la fram 60 punkt for ein ny og betre distriktspolitikk for ikkje så lenge sidan i Stortinget, og det skal me sjølvsagt følgja opp dersom me kjem inn i regjering.

Næringsminister Nybø har derimot ingen planar om å gje opposisjonen ansvaret for at ideen blir sett ut i live.

– Eg skal vera i Nærings- og fiskeridepartementet også etter valet til hausten, så dette er ein start frå mi, Venstre og regjeringa si side.

Henter 50 personer fra asylleiren Moria

Næringsminister Nybø meiner initiativet berre har sett starten.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Denne saka er ein del av «Den store folkevandringa», eit samarbeidsprosjekt mellom lokalaviser organisert i Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK.

Skoleklasse med bare seks elever igjen

Tanja er den einaste jenta på biletet som har flytta heim

Nær ein av tre norske kommunar hadde 20 eller færre fødslar i fjor.

Les saken

Familien Selvaag flyttet fra Oslo til Lillehammer.

Forskning viser at koronalivet er bedre i distriktet: – Det ble kvelende å være i Oslo

De drømte om mer luft og natur, og mindre nedstengt by. En ny studie slår fast at folk i storbyen har slitt mest.

Les saken

Truls Bernhardsen vil helst bli buande i Kariel i Finnmark

Dei fleste bygdeungdom er som Truls. Dei vil bu, leve og døy på bygda.

Det er ikkje slik at alle bygdeungdommar vil flytte til byen. Fleirtalet vil helst bli buande på bygda, viser ei fersk undersøking. Men dei stiller nokre krav.

Les saken

Marja-Elina Ballovara Varsi

Legestudenten Marja er like viktig for helsen som for et truet språk

Marja-Elina Varsi har gjort som tusenvis av andre samer: Flyttet fra bygda til byen. Nå håper ordføreren i hjemkommunen at hun kommer tilbake.

Les saken

Sunniva Antonsen Remmen (26) er finansanalytiker og jobber fra Træna, hvor hun er fra.

Sunniva jobber med finans for San Francisco-selskap fra øy med 400 innbyggere

Hun begynte med hjemmekontor hos foreldrene da pandemien brøt ut. Nå har Sunniva Antonsen Remmen (26) kjøpt seg hus på Træna.

Les saken

Mathilde Leivseth, den store folkevandringa, hamarøy, befolkningsfremskriving, telemarksforskning, ssb.

SSB mener Mathildes (20) hjemkommune skal vokse – forsker mener det er en grov bom

SSB spår vekst i folketallet i Hamarøy og mange andre kommuner i distriktene de neste 20 årene. Forsker mener SSB tar systematisk feil og mener de vil få en mye større nedgang.

Les saken

innvandring-vang-040321

Anna og Piotr har vore med på å berge folketalet på bygda, men no snur det

No stansar innvandringa opp, og det kan få alvorlege følgjer for distriktskommunar.

Les saken

Sara Mathisen og samboeren Joachim gikk mot strømmen da de satset all tid og penger på å pusse opp et gammelt hus på Værøy i Lofoten.

Sara og Joachim måtte gi opp å bygge nytt: – Har pusset opp for 5 millioner

I en av kommunene der det bygges færrest boliger, fikk Sara og Joachim knapt lån til å kjøpe et gammelt, forfallent hus.

Les saken

Iselin Nybø

Berre ti søkte på departementsjobbar som var meint for folk frå distrikta

Det kom færre søkarar enn normalt då Næringsdepartementet gjorde det mogleg å søka på departementsjobb,

Les saken

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger