Elevar frå helse- og oppvekstfaget på Mo og Øyrane vidaregåande skule har pause i kantina
Foto: Bente Kjøllesdal / NRK

Skule og utdanning Sogn og Fjordane

Oppsummert

Her får du siste nytt om skule og utdanning i Sogn og Fjordane. Har du tips kan du sende dei til oss på sf@nrk.no eller på vår tipsportal.

  • Reagerer etter mobbesak

    Fylkestingsrepresentant Terje Kolbotn (Raudt) meiner Vestland fylkeskommune har gjort alvorlege feil i ei varslingssak som gjaldt mobbing og trakassering på ein vidaregåande skule i fylket. I eit brev til fylkesordføraren spør han kva som vil bli gjort for å sikre at framtidige varslarar blir tekne på alvor.

  • Fleirtal for bokmål

    I ei folkerøysting i Kinn kommune har 55,5 prosent av dei spurde svart at dei at det framleis skal vere bokmål som målform ved Skram skole i Måløy. Av dei vel 1900 røysteføre i Måløy krins, er det 40.4 prosent som har røysta.

    Skram skole i Måløy
    Foto: BJARNE ELDEVIK
  • Avlyser fadderveke-arrangement

    Studentane i Førde har valt å avlyse alle alkoholrelaterte arrangement knytt til fadderveka. – Smittevernreglane blei vanskelege å følgje, då såg vi at det ikkje blei forsvarleg å halde fram, seier leiar i studentarsamfunnet i Førde, Sivert Hagelin Benjaminsen.

    Sivert Hagelin Benjaminsen, leiar i studentersamfunnet i Førde
    Foto: Ola Weel Skram / NRK
  • Meir pengar til fagskule

    Fagskulen i Sogn og Fjordane er blant skulane som får mest pengar når regjeringa no skal satse stort på nettbaserte kurs. Målet med satsinga er å gi utdanningstilbod til dei som har mista jobben eller blitt permitterte under koronakrisa.

  • Utsette bassengsak i Selje

    Kommunestyret i Stad har med 20 mot 13 røyster vedteke å utsetje rehabiliteringa av svømmebassenget ved Selje skule. I fleirtalsvedtaket ligg det likevel eit mål om å få symjeopplæring som stettar lova alt frå komande skuleår.