Hopp til innhold

Knusande rapport: Rektor mobba og trakasserte tilsette

Fylkeskommunen valde først å definere det som «ein personalsak». No konkluderer dei med at rektoren har drive med «systematisk trakassering og mobbing».

Fylkeskommunen valde først å definere det som «ein personalsak». No konkluderer dei med at rektoren har drive med «systematisk trakassering og mobbing».

UVANLEG: – I mine tolv år har eg vore borti mykje, men dette er uvanleg, seier Jorunn Bakke Johannesen, som er hovudverneombod i fylket.

Foto: Håvard Nyhus

Varslingsutvalet i Vestland fylkeskommune skriv i ein rapport at rektor ved ein vidaregåande skule i Sogn og Fjordane har utsett fleire tilsette for «systematisk trakassering og mobbing». Seks tilsette sende varsel mot rektoren.

– I mine tolv år som fylkeshovudverneombod har eg vore borti mykje, men dette er uvanleg, seier Jorunn Bakke Johannesen, som er hovudverneombod i fylket.

NRK sit på e-postar der tilsette fortel om kva dei har opplevd i møte med rektor:

«Eg vart utsett for løgn, indirekte og direkte truslar og trakassering», skriv ein av varslarane i byrjinga av desember i fjor. E-posten er sendt til ein av leiarane hans i Vestland fylkeskommune.

«Det kjem tydeleg fram at rektor vil prøve å bryte meg ned», skriv han vidare.

«Det kjem tydeleg fram at rektor vil prøve å bryte meg ned og halde meg på plass»

Varslar ved vidaregåande skule i Vestland

Varslingsutvalet gjer også eit poeng av at fylkeskommunen må skjerpe rutinane for å ta imot og handsame varsel.

NRK har vore i kontakt med rektor, som ikkje ønskjer å kommentere saka.

fylkeshuset i Bergen

SYSTEMATISK TRAKASSERING: Vestland fylkeskommune konkluderer med at ein rektor i fylket har utsett kollegaer for «systematisk trakassering og mobbing». Fylkeshuset i Bergen (illustrasjon) vil vere innflyttingsklart i starten av 2023.

Illustrasjon: Vestland fylkeskommune

Definerte det som personalsak

Rapporten kjem åtte månader etter at ein avdelingsleiar ved skulen fyrst varsla om forholda ved skulen.

Det vart også sendt ei «uromelding», underskrive av 17 tilsette ved skulen.

Likevel vart saka klassifisert som «ei personalsak».

– Fylkeskommunen mistolka både innhaldet i og omfanget av saka, seier Hilde Kvamsås Aa, som er hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet i Vestland.

Hilde Kvamsås Aa, hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet Vestland.

KRITISK: Hilde Kvamsås Aa, som er hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet i Vestland, meiner fylkeskommunen si handtering av varslingssaka er svært kritikkverdig.

Foto: Bård Siem / NRK

På toppen vart det oppretta personalsak mot avdelingsleiaren som varsla om forholda.

Bjørn Erik Linde er leiar i varslingsutvalet i Vestland fylkeskommune.

– Når ein tilsett varslar om det han meiner er kritikkverdige forhold, skal dette handsamast som varslingssak og ikkje som ei personalsak, seier han.

Først etter at lokalavisa Fjordenes Tidende byrja å skrive om saka, konkluderte fylkeskommunen med at det dreidde seg om eit varsel i juridisk forstand.

Men på vegen til varslingsutvalet i fylket vart «essensiell informasjon» borte, seier Hilde Kvamsås Aa.

Ho kallar det «eit forventningsbrot» at varselet ikkje vart handsama slik HR-avdelinga i fylkeskommunen er forplikta til.

Først etter ei ny runde i varslingsutvalet kom konklusjonen om «systematisk mobbing og trakassering».

Det vart også konkludert med at det har vore brot på fylkeskommunen sine etiske retningsliner om tillit, openheit og takhøg.

I september vart rektoren overført til ei anna stilling i fylkeskommunen.

Fylkeskommunen valde først å definere det som «ein personalsak». No konkluderer dei med at rektoren har drive med «systematisk trakassering og mobbing».

RAPPORT: Fylkeskommunen konkluderer med at rektoren har drive med «systematisk trakassering og mobbing».

Foto: Håvard Nyhus

– Fylkeskommunen har gått i dei velkjende fallgruvene

Birthe M. Eriksen er ein av Noregs fremste ekspertar på varslingssaker.

Det er ikkje uvanleg at varslingssaker vert handterte dårleg, seier ho.

– Eg har dessverre sett altfor mange dårlege døme på dette.

Ho peiker på tre vanlege feil:

  • Det vert ikkje nytta tid nok til å hente inn synspunkt frå tilsette, og til å vurdere desse
  • Varselet vert omdefinert til ei personalsak
  • Negativ behandling av dei som har varsla

– Her ser det ut til at dei har gått i dei velkjende fallgruvene, seier ho.

Ho legg til at Vestland fylkeskommune bør bruke saka til «organisasjonsmessig læring».

– Du skal ikkje undervurdere effekten av signala som då vert sende ut til kommunesektoren, seier ho.

Lovar evaluering

Fylkeskommunedirektør i Vestland, Rune Haugsdal, svarer slik på kritikken:

– Vi skal evaluere, men vårt fokus er no å følgje opp og avslutte denne saka på ein god måte.

– Varslaren gav beskjed om kritikkverdige forhold i desember i fjor. Men i staden for å gå i gang med ei varslingssak, oppretta fylkeskommunen personalsak mot varslaren. Korleis kan slikt skje?

– Eg ønskjer ikkje å konkludere, men dette er ei sak vi heilt sikkert kan lære noko av. Vi skal ha ei eiga vurdering av denne varslingsprosessen, seier Haugsdal.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal

VIL EVALUERE: Fylkeskommunedirektør Rune Haugsdal lovar at varslingssaka skal evaluerast skikkeleg. Per i dag tek han ikkje særleg sjølvkritikk.

Foto: Sølve Rydland / NRK