Hopp til innhold

Stengjer skule og barnehage etter brann

Over 200 born blir råka når Torvmyrane skule og barnehage i Florø må halde stengt. Born og tilsette måtte evakuere då det braut ut brann i skulen sitt fyrrom.

Torvmyrane skule og barnehage

STENGD: 141 elevar og 65 barnehageborn blei sende heim etter brannen i fyrrommet til Torvmyrane skule og barnehage i Florø onsdag morgon.

Foto: Truls Kleiven

– Vi veit at det er ein fyrkjele som er ute av drift, og då klarer vi ikkje få opp temperaturen. Vi har alternative løysingar, men det er noko vi skal vurdere, seier kommunedirektør Terje Heggheim.

Det var i 8-tida onsdag morgon det kom melding om røykutvikling i eit fyr-rom ved sida av Torvmyrane skule i Florø.

Det er også SFO og barnehage i tilknyting til skulen. Brannvesenet fekk kontroll over røykutviklinga i fyrrommet. 141 elevar og 65 barnehageborn blei sende heim.

No blir altså skulen og barnehage stengd ut veka. Heggheim seier det blir gjort ny vurdering fredag. Elevane skal no få digital undervisning.

– Rektor og lærarar har ein beredskapsplan for digital skule dersom situasjon skulle bli slik at skulen blir stengd til etter juleferien. Det er litt større utfordringar når det gjeld barnehagen, for der er det ikkje berre å seie at vi har ei digital løysing. Det er ein del av dei vurderingane vi gjer fram til fredag, seier han.

Det skal no bli gjort målingar av gassar og sjå på kva varme og røyk har ført til av eventuelle skader. Dette skal dei bruke tida fram til fredag å vurdere. Årsaka til brannen er førebels ikkje kjend. Heggheim veit ikkje kor omfattande skader det er på bygget.

– Det viktigaste er at både tilsette og borna har eit trygt læremiljø. Det er mitt ansvar, og då brukar vi tida fram til fredag for å finne ut av det. Eg vil rose både brannvesen og dei tilsette ved skulen for måten dei handterte dette på.