Hopp til innhold
aker Stord skot
Foto: Olav Røli / NRK

Krim og hendingar i Vestland

  • Bil med fem i hamna på taket i Øygarden

    Ein bil har køyrd utfor vegen og hamna på taket i ein krapp sving på Tofterøyvegen (Fv 5222) i Øygarden. Det var fem personar i bilen. Vegen er stengd på staden, melder Vest politidistrikt. Brannvesenet kom først til staden. Alle fem er ute av bilen – tre er uskadde, og to skal ha smerter i nakke og rygg, i følge politiet.

  • Mindreårig gut kolliderte på Bømlo

    Politiet fekk i 2030-tida melding om at det stod ein kollisjonsskadd bil ved Rolvsnes på Bømlo. Ein mindreårig gut som hadde køyrd bilen vart køyrd til legevakta. Foreldra hans er informert. Bilen vart henta av bilbergar. Politiet oppretter sak på køyring utan gyldig førarkort, melder Sør-Vest politidistrikt.

  • Brann i søppelkasse i Kinn

    Brannvesenet rykker ut til Sørstrand Folkepark utanfor Florø der det skal brenne i ei søppelkasse. Det skal ikkje vere fare for spreiing og 110 Vest omtaler det som udramatisk. Brannårsaka er ukjent.

  • Køyrde IKKJE ned feil rampe ved IKEA

    Vest politidistrikt melder at trafikkulukka ved IKEA i Bergen i ettermiddag ikkje skuldast at ein av bilane hadde køyrd mot køyreretninga, slik dei først melde. – Det riktige er at ein bil vart påkøyrd og snurra rundt slik at den stod med fronten mot køyreretninga, skriv politiet.

  • To fritidsbåtar hadde trøbbel

    Ein fritidsbåt i Herdlefjorden sende ut naudmelding klokka 16.30. Kystvakta og ein Røde Kors-båt gjekk mot staden, og havaristen vart slept til kai.

    Klokka 17.30 kom det melding om at ein annan fritidsbåt i Austevoll tok inn store mengder vatn. Ein brann- og ambulansebåt vart varsla og slepte båten til kai.

    Personane om bord evakuerte til ein tilfeldig forbipasserande båt, og havaristen blir lensa, melder Hovudredningssentralen.