Hopp til innhold

Malene må framleis ha heimeskule – skulebussen er full

NAUSTDAL (NRK): Sjuandeklassingen Malene Grimseth Halbrend må framleis ha heimeskule fleire dagar i veka. Skulebussen er full.

Tilbake til heimeskule.

TILBAKE: Malene Grimseth Halbrend tykkjer det er leit at ho ikkje får gå på skulen og sjå dei ho har sakna igjen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg tykkjer det er litt kjedeleg fordi det var gøy å komme tilbake i skulekvardagen, seier Malene Grimseth Halbrend, som er elev ved Naustdal skule.

For dei fleste elevar er skulekvardagen meir tilbake til normalen, men framleis er det mange som blir undervist gjennom heimeskular nokre dagar i veka.

Etter meir enn to månadar, skulle det vere slutt på heimeskule, men i Naustdal i Sunnfjord fører bussmangel til at kvar femte elev må vere heime kvar dag.

– Det er frustrerande

Smitteverntiltak gjer at det er avgrensa kor mange elevar bussane kan ta, og mangelen på bussar, gjer at to klassetrinn framleis må ha heimeskule kvar dag.

Dette til trass for at det i Sunnfjord og over heile landet er mange bussar som står dønn i ro og som kunne ha vore brukt til skuleskyss.

For rektor på Naustdal skule, Gunn Marit Haugsbø, er det frustrerande at det ikkje finst pengar til å leige inn fleire skulebussar.

– Vi har brukt ganske mykje tid på å telje opp elevar og finne ut kor mange som kan kome seg trygt til skulen på dei ulike rutene. Det synest eg er litt frustrerande, seier Haugsbø.

Over heile landet er dette situasjonen, særleg på mindre stadar der det er lang avstand mellom heimen og skulen.

Rektor ved Naustdal skule, Gunn Marit Haugsbø.

FRUSTRERT: Rektor Gunn Marit Haugsbø ville gjerne unngått at to trinn kvar dag må ha heimeskule.

Foto: Steinar Lote / NRK

Ba staten om meir pengar

Men kven skal betale for å setje inn sette inn ledige bussar? Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, peiker på staten.

I førre veke var han i møte med Samferdsledepartementet, men utan å få dei økonomiske garantiane han ønska seg.

– Problemet er at dersom staten ikkje vil kompensere, så svir me av pengar me ikkje har. Dei må spele på lag med fylkeskommunane, seier han.

Fylkesrådsleiar Thomas Norvoll i Nordland var på det same møtet. I likskap med Askeland er han uroa over at staten ikkje kunne komme med tydelegare signal enn dei gjorde.

– Det hadde vore tryggande om me fekk nokre løfter på at ekstra utgifter vert dekt, seier han.

lærar Sissel Kvellestad Jensen fortvila over situasjonen med skuleskyss.

FORTVILA: Sissel Kvellestad Jensen skulle gjerne sett at alle elevane hennar fekk kome på skulen kvar dag.

– Vi må vurdere behova

Statssekretær Ingelin Noresjø (KrF) i Samferdsledepartementet, seier at det er for tidleg å seie noko om staten vil dekkje ekstrakostnadane.

– Me har ikkje hatt skulegang så lenge enno, så me har ikkje heilt oversikt over kva behovet er. Vi må vurdere behova utifrå korleis me ser utviklinga blir, seier ho.

Men i Naustdal er lærar Sissel Kvellestad Jensen fortvila over situasjonen.

– Eg tykkjer det er dumt at det er skyss-kapasiteten som skal avgrense den vanlege skulegangen, seier ho.