Hopp til innhold

Koronakrisa gjer at «alle» vil bli sjukepleiar

Rekordsøknad til sjukepleiarutdanninga. – Dei står fram som kvardagsheltar, som er der for alt og alle.

Ho har sjukepleien på førsteplass

GLER SEG: Maja Helle Opperud byrjar å studere til hausten. Ho er blant dei mange som har sjukepleiarutdanning øvst på søkjarlista.

Foto: Guro Brattespe Lahus / NRK

– Vi har gjennom denne krisa sett innsatsen til sjukepleiarane. Det å kunne bidra og hjelpe til er noko som motiverer meg, seier Maja Helle Opperud, som har sjukepleie som førsteval.

På nasjonalt nivå har talet på søkjarar auka med seks prosent. For Høgskulen på Vestlandet er auken på heile 21 prosent. Ifølgje tal frå Samordna opptak har 1 av 10 søkjarar sjukepleiarutdanning på topp.

– Dette er draumen

Ved eit vatn i Florø sit Maja Opperud og ser gjennom søkjartala frå Samordna opptak. Florøværingen har aldri vore i tvil om kva som skulle bli hennar førsteval.

– Eg har lenge vore bestemt på at det er dette eg vil. Men eg har nok aldri vore meir motivert enn eg er no, seier ho.

Opperud trur mange er inspirerte av helsesektoren sin innsats den siste tida.

– Dei står fram som kvardagsheltar, som er der for alt og alle.

– Må vere budd

Også i Rogaland er det høge søkjartal til sjukepleiestudiet. Susanne Stolt-Nielsen seier ho har blanda kjensler når ho ser bilete frå sjukehus i ulike land som er hardt råka av koronakrisa. Likevel er klar på kva ho vil.

– Det er jo skummelt å sjå. Ingen hadde nok trudd det skulle bli som dette. Men eg er klar for å ta utfordringa som følgjer med dette yrket.

Susanne Stolt-Nielsen gler seg til å begynne på sjukepleiarstudie.

IKKJE I TVIL: Susanne Stolt-Nielsen er klar for å ta utfordringa. Interessa for sjukepleiarlinjene Stavanger og Haugesund er høg.

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

Sjølv om ho også trur at koronakrisa har påverka søkjartala, så håpar Nielsen at folk har tenkt nøye gjennom valet sitt.

– Det kan vere ein svært krevjande jobb. Eg tenkjer at det er nok ikkje ein jobb for alle, seier ho.

Auka yrkesstoltheit

For berre eitt år sidan var det færre som søkte sjukepleiarstudiet. Leiar Lill Sverresdatter Larsen i Norsk Sykepleierforbund er glad for at søkjartala går rette vegen igjen.

– Mange opplever at jobben er viktig. Du anar ikkje kor mange bilete og «memes» eg har fått tilsendt, der sjukepleiarar er illustrert med superhelt-klede under den kvite uniforma.

Larsen trur også at høgare arbeidsløyse i landet akkurat no også påverkar søkjartala.

– Det er nok eit tryggare jobbmarknad enn elles. Som sjukepleiar vert ein ikkje fri for arbeid, og ein kan jobbe kvar som helst. Klart det spelar inn, seier ho.

Leder i Norsk Sykepleierforbund, Lill Sverresdatter Larsen foran Universitetssykehuset Nord-Norge.

NØGD: Leiar i sjukepleiarforbundet, Lill Sverresdatter Larsen, er svært nøgd med at så mange har valt å søkje på sjukepleieutdanningane.

Foto: Jørn Inge Johansen / NRK