Hopp til innhold

Barnehagetilsett lagar eigen barne-tv

GLOPPEN (NRK): Barn saknar kvardagen i barnehagen og barnehagetilsette saknar ungane. Men nokre får barnehagen sin rett heim i stova.

SJÅ VIDEO: Wie gjer mykje artig i dei ulike episodane. Mellom anna eksperimenterer han med kva som skjer når han puttar mentos i ei brusflaske.

Det handlar om å gje noko tilbake til dei som betyr mykje for meg, fortel Mads Wie.

Til vanleg er Wie pedagogisk leiar i Rygg barnehage i Gloppen. Plutseleg vart kvardagen snudd opp ned då skular og barnehagar stengde.

No jobbar han i ein barnehage der ungane til dei med samfunnskritiske yrke er. Men Wie saknar dei han bruker å dele kvardagen med.

Då kom ideen.

– Det tek litt tid, men det er så kjekt å glede ungane. Det er absolutt verdt det, seier den pedagogiske leiaren.

For det er ikkje sofaen som lokkar når Wie kjem heim frå jobb.

Lagar barne-tv på fritida

Ein kan finne mange tips til ulike aktivitetar ein kan gjere med ungane i heimen men den energiske barnehagetilsette ville lage noko sjølv.

Mads Wie

IKKJE FRAMAND FOR Å KLE SEG UT: Wie likar å bruke ulike kostyme når han skal filme "Karantene-TV"

Foto: Guro Brattespe Lahus / NRK

Dei siste vekene har han brukt mangfaldige timar av fritida si på å lage eiga barne-tv til ungane i barnehagen, han kallar det «Karantene TV».

– Det er mest for å fenge ungane. Få dei til å le, seier Wie.

Det er ikkje tvil om at det er fengande.

I kvar episode gjer han ulike spennande aktivitetar. Gjennom kameraet snakkar han til ungane, som om dei skulle vore der med han.

Filminga gjer han heilt sjølv, men utan redigeringa til Erlend Eide hadde det ikkje blitt noko av, fortel Wie.

Det er ikkje berre ungane i Rygg barnehage som synest det er kjekt å sjå på.

Den fyrste episoden er sett over 2500 gongar.

– Responsen er veldig hyggeleg, fortel ein audmjuk Wie.

Tilbakemeldingane har ikkje latt vente på seg. Dei kjem frå fjernt og nær. Nokre klarar nesten ikkje vente på neste episode.

Dagens høgdepunkt

– Det er det første Olav spør om når han står opp, seier mor Marte Øyan-Hestenes.

Olav (4) går vanlegvis i barnehagen der Wie jobbar, søstera Liv (6) gjekk der i fjor. Marte Øyan-Hestenes fortel at ho kosar seg like mykje som ungane.

Dei sat alle og såg på då innslaget med Liv, Olav og Mads Wie blei sendt på Vestlandsrevyen tidlegare i veka.

– No treng dei ikkje sakne oss for no har dei sett oss på TV, seier Liv (6).

Mor til Liv er einig med dottera.

Saknet etter barnehagen blir ikkje like stort når ungane kan le og ha det gøy med Karantene TV kvar dag, fortel Øyan-Hestenes.

Barn heime, vil sjå ny episode, snakker til kamera,

DEI SOM VENTAR PÅ NOKO GODT: Liv (6) og veslebroren Olav (4) klarar nesten ikkje vente.

Det er tydeleg at Wie set stor pris på dei positive tilbakemeldingane frå kollegaer og kjende.

– Det gjev meg motivasjon og energi til å halde fram så lenge det er stengt.

Det er for ungane

Likevel har ikkje alt av respons vore positiv.

Wie fortel at kompisane har gitt litt varierande tilbakemeldingar. Dei er meir vane med å sjå han på fotballbanen, ikkje i ein jobbsituasjon.

– Han eine synest det var litt vondt, seier Wie med eit lurt smil.

Det verkar som det går lite inn på den kreative pedagogiske leiaren.

– Herlighet, dei kan berre vere stille. Eg gjer det ikkje for dei, men for ungane, seier den pedagogiske leiaren og ler.

Så lenge barnehagane er stengde, blir det lagt ut nye episodar frå måndag til fredag.