Hopp til innhold

Elevane får ikkje møtast til bøn inne på skulen

Ungdomsskuleelevane i Balestrand får ikkje lenger møtast til bøn i langfri. «Kan vere støytande og krenkjande for andre», forklarer kommunen.

Etter elevgruppa fekk nei til å samlast inne i matfriminuttet, har dei møttest ute.

SAGATUN: – Vi snakkar om skule og andre ting. Så er det ein som held andakt, og dei som vil, kan be, seier Malin til Sogn Avis.

Foto: Privat

Eit knippe ungdomsskuleelevar ved Sagatun skule i Balestrand har dei siste åra møtst til andakt og kristent fellesskap i matfriminuttet på onsdagar.

No har rektor sett ned foten for samlingane med tilvising til at skulen skal vere livssynsnøytral og at det ikkje skal vere religiøse samkomer innanfor skuletida.

Eg er frustrert over skuleleiinga, seier Eva Bente Ohma, som har to døtrer i det kristne skulelaget.

Saka var først omtala i Sogn Avis.

NRK har vore i kontakt med rektor ved skulen, som viser til kommunedirektøren i Sogndal kommune.

I ei grunngjeving for vedtaket skriv han at kristne møte i skuletida kan «opplevast som støytande og krenkjande for dei som høyrer til andre trussamfunn».

Sagatun skule i Balestrand

Eit knippe ungdomsskuleelevar ved Sagatun skule i Balestrand har dei siste åra møtst til andakt og kristent fellesskap i matfriminuttet på onsdagar. No har rektor sett ned foten.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Her har kommunen bomma

Med tilvising til Opplæringslova (paragraf 2-3, 2–4 og 9-6) skriv direktøren vidare at religiøse samlingar i skuletida «kan føra til eit diskriminerande skulemiljø og hindra leik og sosial læring på tvers av religiøs orientering».

Brevet er adressert til gruppeleiar i Sogndal KrF, Frode Bøthun, som har klaga på avgjerda.

Her har kommunen bomma. Noreg skal vere eit livssynsope samfunn der menneske med ulike livssyn kan praktisere trua si, side om side, seier han.

«Det livssynsopne samfunn» er tittelen på rapporten til Stålsettutvalet, som gjekk gjennom den norske trus- og livssynspolitikken. Arbeidet munna ut i den nye trussamfunnslova, som tredde i kraft i fjor.

I sine tilrådingar skriv Stålsettutvalet at skulane bør vise «romslegheit i forhold til skuleelevars eiga frivillige organisering av religiøse eller livssynsbaserte grupper og samlingar».

Leiar for utvalet, Sturla Stålsett, seier til NRK at avgjerda ved Sagatun skule «ikkje berre er unødig restriktiv», men også «i direkte utakt» med prinsippet om livssynsopenheit i den nye trussamfunnslova.

– I kor stor grad elevar skal ha tilgang til rom for eigeninitierte aktivitetar på skulen blir regulert av den einskilde kommune, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Ho legg til:

– Når det er sagt, vil eg oppfordre kommunane til å lytte til Stålsett-utvalget. Eit livssynsnøytralt samfunn er ikkje det samme som eit livsynstomt samfunn. Eg håpar at rektor og andre forstår forskjellen.

Sturla Stålsett

Kulturminister Hadia Tajik (Ap) tok imot innstillinga frå Sturla Stålsett i 2013.

Foto: Berit Roald / NTB

Skulen skal vere ein stad for åndsfridom

I 2018 sende kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) brev til alle kommunar der han oppmoda skulane til å opne klasseromma for elevinitierte møte i skuletida.

Brevet vart sendt etter at eit samrøystes Storting bad regjeringa om å sikre at barne- og ungdomsorganisasjonar har tilgang til skular og andre offentlege bygningar.

Tilsvarande signal kom frå Kristin Halvorsen (SV), då ho var kunnskapsminister. På skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Dagrun Eriksen (KrF) viste ho til at skulen skal vere «ein stad for åndsfridom» og at «det bør vere opning for at skuleelevar organiserer eiga religiøs verksemd, til dømes i friminutt.»

Biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, seier han er «skuffa og svært overraska» over vedtaket ved Sagatun skule. Han er ikkje kjend med andre skular som praktiserer ei like streng linje.

Denne linja bidreg til å fremje ei haldning der tru og livssyn blir rekna som potensielt skadeleg for unge menneske, fordi ein tenkjer og trur ulikt. Ho vil ikkje fremje eit samfunn der vi kan leve saman i openheit og toleranse.

Halvor Nordhaug

– Mange elver kan oppleve seg ekskludert frå å delta i andre aktivitetar som finn stad i skoletida, som fotball, karate og sjakk. Men dei blir ikkje forbode av den grunn, seier Biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB

Det må vere nokre avgrensingar

Leiar i Human-Etisk Forbund, Christian Lomsdalen, er for ein gongs skuld heilt samd med biskopen:

Det kan ikkje vere slik at skulen tillèt sportslege, politiske, litterære eller demokratiske aktivitetar, og så nektar elevar som ønskjer å drive trus- eller livssynsaktivitetar i det same tidsrommet. Så lenge initiativet kjem frå elevane, så må vi tillate at elevane samlar seg i grupper i enkelte friminutt.

Han tek likevel eit lite atterhald:

Det må likevel vere nokre avgrensingar på slik møteverksemd. Det er viktig at ho ikkje er til plage og bry for dei andre elevane.