Hopp til innhold

Risikerer bøter for feil i læremiddel

Fem kommunar risikerer dagbøter for feil i digitale læremiddel. Digdir har gjennomført tilsyn med elleve digitale læremiddel som Bergen, Stavanger, Sunnfjord, Trondheim, Bodø og Tromsø.

Løysingane som er kontrollert er i bruk i stort omfang i skuleverket og er levert av aktørar som Cappelen Damm, Aschehoug, Gyldendal og Schibsted.

Fem av kommunane har no fått endeleg rapport og pålegg om retting innan august.

Tilsyn med Sunnfjord kommune og løysinga Multi Smart Øving er sett på vent til over sommaren på grunn av lansering av ny teknologisk plattform.

Alle kontrollane avdekka feil som går utover elevar.

– I praksis betyr det at elevar med for eksempel dysleksi, nedsett syn eller motorikk har ein skulekvardag der dei ikkje får bruke dei digitale læremiddela slik som dei andre i klassen. Det fører til utanforskap, men utgjer også fare for at ein får dårlegare resultat eller læringsutbytte, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.

Digdir meiner dei fleste feila ikkje er særskilt kostnadskrevjande eller vanskelege å korrigere.