Hopp til innhold

Sinne etter påstand om «heime aleine-fest»

Lokalpolitikarar kjenner seg trakka på etter at dei blei samanlikna med festdeltakarar frå Stortingets talarstol.

Debatt mellom Alfred Bjørlo og Erling Sande på Stortinger

HEIME ALEINE: Det er auka spenningsnivå mellom riks- og kommunepolitikarar etter at NRK dokumenterte 44.000 små og store naturinngrep dei siste fem åra.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Kommunalminister Erling Sande (Sp) og fleire lokalpolitikarar reagerer kraftig etter at stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) karakteriserte naturforvaltninga i Kommune-Noreg som ein «heime-aleine-fest» frå Stortingets talarstol.

Bakgrunnen for uttalen var todelt: Den nye rapporten frå Naturrisikoutvalget om at staten må komme med tydelegare føringar for å halde kommunane i øyra i utbyggingsspørsmål.

Og meir konkret: Bremanger kommune sitt ja til å bygge eit steinbrot i nærleiken av Vingen helleristningsfelt – trass protestar frå Statsforvaltaren, Riksantikvaren, Klima- og miljødepartementet og utlandet.

Bjørlo fekk omgåande svar på tiltale frå kommunalminister Erling Sande (Sp).

– Dette er ein respektlaus måte å omtale norske lokalpolitikarar på, sa han, tydeleg opprørt.

Erling Sande og Alfred Bjørlo

– Det er ikkje slik at vi som rikspolitikarar får vitet delt ut i det vi går inn dørene på Stortinget, seier Erling Sande, til venstre. Alfred Bjørlo til høgre.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

– Eg finn meg ikkje i å bli hengd ut på denne måten

Bildet av ungdommen som dansar på borda når foreldre er bortreist, har også provosert fleire kommunestyrerepresentantar.

– Eg finn meg ikkje i å bli hengd ut på denne måten. Dette vitnar meir om utdriting enn eit ønske om dialog, skriv lokalpolitikar for Høgre, Per Røys, på Facebook.

Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde (Ap) meiner uttalen er «flåsete» og eigna til å skade lokaldemokratiet.

Ho viser til at verkelegheita i fleire norske distriktskommunar er alt anna enn ein fest, men ein eksistensiell kamp for tilværet.

I fjor blei det fødd 18 barn i Bremanger. Ny botnrekord.

Vi skal ikkje seie ja til alt, men vi er i ei brytningstid der vi treng vekst, seier ho.

Heime aleine-replikken og oppfordringa frå Naturrisikoutvalget er dei to siste uttrykka for auka spenningsnivå mellom riks- og kommunepolitikarar etter at NRK dokumenterte 44.000 små og store naturinngrep dei siste fem åra.

Gnissingane kjem på toppen av rapportar om at særleg mellomstore kommunar forsterkar naturkrisa.

Bjørlo har eit godt poeng, sjølv om han er litt uparlamentarisk, seier Lars H. Gulbrandsen, som er forskingsleiar ved Fridtjof Nansens Institutt.

Sjå tilsvar frå Alfred Bjørlo og fleire reaksjonar under.

0SjcS4AHbgQ
NTB

Alfred Bjørlo, Venstre

– Eg angrar absolutt ikkje på at eg brukte det uttrykket. Det er tabloid og spist, men får fram poenget. Det er eit faktum at det blir bygd ned for mykje natur i Noreg og resten av verda. Den kampen kjem Venstre til å halde fram med å ta – og då får vi leve med at vi provoserer lokalpolitikarar frå både Ap, Sp og Høgre – som stort sett er den gamle «naturnedbygging-alliansen» i mange norske kommunar. Dette er ein debatt folk må tole, fordi det handlar om vår felles framtid.

Olve Grotle
Håkon Mosvold Larsen / NTB

Olve Grotle, Høgre

– Eg kjenner meg ikkje igjen i påstanden om at kommunane har hatt «heime åleine-fest», verken som ordførar gjennom 10 år eller som stortingsrepresentant. Tvert om opplevde eg som ordførar at det offentlege hadde ei stram hand over alt som hadde med kommunale bygge-, utvikling- og arealplanar. Ofte kunne det vere reelle og forståelege ivaretaking av ideelle interesser knytt til klima, natur og miljø, men eg opplevde altfor ofte at sentrale offentlege organ ikkje hadde god nok lokalt kunnskap eller greidde å skilje mellom det viktige og det uviktige.

Rasmus Hansson MDG
Heiko Junge / NTB

Rasmus Hansson, MDG

– Sjølvsagt må kommunane vere sentrale i vern av natur og jord, men dei greier det ikkje kvar for seg. Regjeringa må avgjere om ho er mest interessert i norsk natur eller ideologien om kommunalt sjølvstyre. Viss regjeringa fortset å pulverisere naturansvaret ut over 357 kommunar, kjem ho ikkje til å halde naturløfta sine. Regjeringa har gitt svære løfte om å stoppe tapet av natur: Verne 30 prosent og gjenreise 30 prosent innan 2030. Dei siste 50 åra har vist at å overlate dette ansvaret til kommunane av ideologiske grunnar ikkje fungerer.

HAGlu61fD-g
NTB

Karoline Andaur, WWF Verdens naturfond

– For kommunane kan det vere svært krevjande å møte krava om meir utvikling og samtidig ta vare på naturen. Men i møte med naturkrisa og den stadige bit-for-bit nedbygginga av norsk natur må alle bidra til at vi faktisk får meir natur. Det handlar både om vern, berekraftig bruk og ikkje minst naturrestaurering. I staden for å sette lokalpolitikarar og stortingspolitikarar opp mot kvarandre, må partia på Stortinget støtte kommunane og sørge for eit naturløft som gjer kommunane i stand til å vareta natur – enten ho er i Haugesund, Smøla eller Oslo.

Eirik Løkke, Civita
NRK

Eirik Løkke, Civita

– Det er indikasjonar på at det er ei aukande rift mellom lokalpolitikarar og Stortinget. Eg er delvis einig med Naturrisikoutvalget om at vi bør definere tydelegare kva handlingsrom kommunane har i spørsmål om vern og vekst, og kva føresegner som skal vere nasjonale. Men eg tenker at når ein har definert handlingsrommet til lokalpolitikken, så får ein akseptere dei vedtaka kommunane kjem fram til. Elles burde vi ha færre kommunar og fjerne fylkeskommunane.

FvEanD94c2Q
NTB

Truls Gulowsen, Naturvernforbundet

– Vi opplever nå ei mykje høgare forståing for at mantraet om at lokalt sjølvstyre utan nasjonale rammer skulle vere tilstrekkeleg for å sikre norsk natur, ikkje held i praksis. Som Bjørlo påpeikar og Tufte-Johansen har vist, manglar vi eit overordna system som sikrar bevaring av norsk natur. Utan slike nasjonale rammer, som er like for alle, er det altfor vanskeleg for lokale kommunestyre å ta tøffe avgjerder. Da taper naturen, bit for bit. Vi håpar også regjeringa og Erling Sande kan innsjå dette, og ta dei nødvendige konsekvensane.

uNcKBKqHkm0
NTB

Christian Steel, Sabima

– Staten må sørge for at kommunane kan ta betre val. Fasit er at altfor mykje natur er bygd ned, og at det har skjedd på ein lite planlagd måte utan heilskapleg oversikt. Men heile 80 kommunar – ein firedel av alle norske kommunar – jobbar nå med å bli arealnøytrale. Dei treng hjelp frå staten med ein naturrekneskap som verkar på kommune- og prosjektnivå og juridiske verktøy for å styre utbygging til «grå areal» og sikre økologisk kompensasjon. Staten må også gjenreise statsforvaltaren som eit sikringsnett når det fattast galne avgjerder i kommunane, og som ein rettleiar og støtte for kommunane.

Asbjørn Torvanger, Cicero

Asbjørn Torvanger, Cicero

– Det er interessekonfliktar mellom ulike måtar å bruke areal på der mange utkantkommunar slit med tilbakegang i folketal og arbeidsplassar, men også har store arealressursar. Strammare rammar for arealforvaltninga i kommunane er ein mogeleg veg å gå, for eksempel med krav om naturnøytralitet, der eit naturinngrep må kompenserast ved å restaurere eit anna naturområde, eller ved at utbyggjaren må betale ei naturavgift. Ein strategi som kan vere lettare å få politisk oppslutnad om for å redusere forvaltningsgapet og leggje meir vekt på naturvern er å kompensere kommunane for å spare inngrep i verdfull natur.

Helge Eide, KS

Helge Eide, KS

– Å følge opp FNs naturavtale er ein stor og viktig jobb som kommunesektoren vil og må vere med på. Arealpolitikk krev vanskelege avvegingar mellom ulike omsyn. Når naturomsyn skal styrkast i arealforvaltninga, må vi ha med oss innbyggarar og ulike interesser i lokalsamfunnet. Det er viktig for å skape forståing for endringane og for at avgjerdene skal ha legitimitet. Råderett over eigne areal og lokal skattleggingsrett er viktige element i eit lokaldemokrati. Det blir gjort best gjennom gode prosessar i lokaldemokratiet, innanfor nasjonale rammer og mål.

Utkantkommunar legg mindre vekt på naturvern

Det er eit forvaltningsgap mellom nasjonal og lokal arealforvaltning, seier Cicero-forskar Asbjørn Torvanger, som er fødd og oppvaksen i Bremanger.

Han viser til at Noreg har nasjonale mål for naturvern, blant anna gjennom den nye Naturavtalen som blei signert i Montreal; men at det er kommunane som har hendene på rattet i utbyggingsspørsmål.

Og at desse kommunane ofte har andre og meir «prekære» problem å løyse.

Mange utkantkommunar slit med tilbakegang i folketal. Desse ynskjer difor meir aktivitet, næringsutvikling og arbeidsplassar, og legg mindre vekt på naturvern og klima, seier han.

Ønsket om meir smidigheit og fleksibilitet i strandsonevernet er ein annan «klassikar» som på rituelt vis set forholdet mellom lokalt sjølvstyre og nasjonal vernepolitikk på prøve.

Politisk redaktør i Nationen, Anne Ekornholmen, seier at talet på vanskelege arealkonfliktar vil auke ettersom nasjonale mål og lokale omsyn ofte er direkte motstridande.

Kommunane vil ha vekst, utbygging og innflyttarar. Det kan vere vanskeleg å kombinere med vern av naturområde, strandsoner og matjord.

Alfred Bjørlo kjenner jo denne spagaten godt, som tidlegare ordførar.

vingen helleristningsfelt

Bakgrunnen for «fest-uttalen» var Bremanger kommune sitt ja til å bygge eit steinbrot i nærleiken av Vingen helleristningsfelt – trass protestar frå Statsforvaltaren, Riksantikvaren, Klima- og miljødepartementet og utlandet.

Foto: Visit Nordfjord

Kommunane har fått større ansvar for arealforvaltninga

Trass påstandar om at «hyttekommunane» er ein «akilleshæl» i arbeidet med naturvern, har norske kommunar fått større ansvar for miljø- og arealforvaltninga dei siste åra.

Og så seint som i januar presiserte Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen at det ikkje var aktuelt å «vengeklippe» det lokale sjølvstyret.

Presiseringa kom etter auka press om å løfte meir av arealplanlegginga over på høgare plasserte forvaltningsnivå som kan ha eit meir overordna blikk på naturvern.

Det er ikkje berre ei rift. Eg vil snarare kalle det ein avgrunn, seier Harald Birkevold, som er politisk redaktør i Stavanger Aftenblad.

Han viser til avstanden mellom nasjonale vernestrategiar og «dei som har skoa på» ute i distrikt-Noreg.

Kommunar landet rundt konkurrerer mot kvarandre om å vere næringsvennlege. Det fører til endelause rundar med unntak og dispensasjonar som i små steg fører til unødvendige tap av naturverdiar, seier han.

Dei siste par åra har SSB ført statistikk over korleis kommunane handterer nydyrking på myr.

Nydyrking på myr blei forboden i 2020, og har meir eller mindre vore det sidan.

Statistikken viser at det i 2022 (som er dei nyaste tala å få tak i) kom inn 34 søknader om dyrking på myr.

I 25 av tilfella blei søknaden innvilga.

Det svarer til 73,5 prosent, sjølv om Nydyrkingsforskriften seier at unntaksregelen berre skal brukast i «særlege tilfelle».

Les også Tursti vart til tofeltsveg

Tursti ble til tofeltsveg

Unntaka blir regelen

Statistikken viser at det går med myra som med strandsona: Unntaka blir regelen, seier generalsekretær i Sabima, Christian Steel.

Han meiner tala viser at regjeringa må flytte dispensasjonsmyndigheita til statsforvaltarane ettersom kommunane «eingong ikkje klarer å seie nei til øydelegging av det som blir omtalt som den viktigaste naturen».

Sivilombodsmannen har tidlegare undersøkt korleis kommunane handterer søknader om dispensasjon til bygging i strandsona.

− Funna er urovekkande, og gir grunn til å tvile på om kommunane har gjennomført den vurderinga lova krev, og om kommunane har forstått lova korrekt, uttalte sivilombodsmann Hanne Harlem.

Les også Bergen droppar mål om å stanse naturtap

Bergen