Hopp til innhold

Lova om strandsona kan bli endra

Den nye kommunalministeren Sigbjørn Gjelsvik (Sp) vil la kommunane overstyre staten i spørsmål om bygging i strandsona.

Bulandet

BULANDET: Etter mykje om og men får det unge paret Ragna Sofie Stave (30) og André Hillersøy (30) no bygge hus på Bulandet lengst vest i landet.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

På Bulandet ligg eit knippe hus heilt ute i havgapet.

Plan- og bygningslova seier at det ikkje er lov å byggje innanfor eit hundremetersbelte i strandsona, men husa er gamle og ingen nye hus er bygd på fleire tiår.

Og i mellomtida har det vorte færre og færre innbyggarar i det vesle øysamfunnet, som tel like mange skjær og holmar som dagar i året.

Men for to år sidan vart det for fyrste gong på lenge snakk om eit nytt hus på Bulandet.

Det unge paret Ragna Sofie Stave (30) og André Hillersøy (30) hadde funne drøymetomta og var klare til å byggje og bu. Draumen var havutsikt frå kjøkenglaset.

Hundremetersbeltet er ikkje absolutt, så kommunen svarte at dei ville gje dispensasjon for det unge paret.

Men det ville ikkje statsforvaltaren, som sette ned foten. Det er opp til statsforvaltarane å ta vare på dei nasjonale interessene i den norske strandsona.

Andre Hillersøy

VIL BYGGJE HUS: Andre Hillersøy ville byggje seg hus her på denne tomta i Bulandet.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ei oppmjuking av regelverket er viktig

To år seinare har det unge paret likevel fått byggje, om ikkje akkurat der dei drøymde om.

– Vi er godt i gang. Men ei oppmjuking av regelverket er framleis viktig, og vil gjere det lettare for små øysamfunn å overleve, seier Stave til NRK.

Einar Magne Hillersøy, som også bur på øya, er mindre diplomatisk.

Eg vert fly forbanna når folk ikkje får bygge der dei vil. Vi trenger ungdommar her på øya. Dette kan ikkje folk i Oslo sitte og bestemme.

I 2021 vedtok Solberg-regjeringa «mindre rigide» retningslinjer for strandsonene for å gje «større moglegheiter for busetjing i spredtbygde strok langs kysten».

No seier den nye kommunalministeren Sigbjørn Gjelsvik (Sp) at han vil mjuke opp regelverket enda meir.

Vi treng ei differensiering av strandsonevernet, som gjer at kommunane bestemmer meir sjølve, seier han til Klassekampen.

Til same avis forklarar han at «summen av strandsonevern, kulturminnevern og myrvern gjer at det har vorte for vanskeleg å skape utvikling i distrikta».

Sigbjørn Gjelsvik i Redalen

LOKALT SJØLVSTYRE: – Kommunane må få bestemme meir sjølv, seier den nye kommunalministeren Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Dette er ikkje mykje nytt

Dette er ikkje mykje nytt, men ei vidareføring av politikken til Solberg-regjeringa. Vi kan ikkje la ei strandsone som gir meining i Oslofjorden diktere politikken i heile landet, seier Ove Trellevik i Høgre.

Han legg til at han kunne ønskje seg eit «meir konkret» forslag frå Gjelsvik og at «Statsforvalteren har for mykje makt i Noreg».

Det er opp til statsforvaltarane å rettleie kommunane om korleis dei kan halde seg innan rammene i plan- og bygningslova.

I 2021 viste ein rapport frå Sivilombodsmannen at 85 prosent av søknader om å få bygge innanfor det nasjonalpolitisk vedtatte hundremeterbeltet vart innvilga.

Statsminister på valgkamp.

IKKJE NYTT: – Dette er ikkje mykje nytt frå den ferske kommunalministeren, seier Ove Trellevik i Høgre. Her saman med Erna Solberg.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Opnar for å svekke naturvernet

I MDG, Venstre, SV og Rødt vert signala frå regjeringa motteke med uro:

Rasmus Hansson, MDG: Ap har i sitt partiprogram slått fast at vi må stanse tapet av norsk natur, og no har regjeringa altså fått seg ein kommunalminister som seier det stikk motsette. Det verkar som om Støre opererer med to forskjellige regjeringar. Det er full kollisjon mellom kva klimaminister Barth Eide og Gjelsvik seier om norsk naturforvaltning.

Ola Elvestuen, Venstre: – I ein situasjon der vi trenger betre regler for stoppe nedbygginga av norsk natur har vi no fått ein kommunalminister som vil gi kommunane fullt frislipp. Det løyser ingen problem og viser igjen at Ap/Sp-regjeringa er den mest naturfiendtlege regjeringa vi har hatt på mange tiår.

Grete Wold i SV: Vi er uroa for at dette gir meir bit for bit-nedbygging av naturen. Statsforvalteren er veldig viktig for eit heilskapleg vern av naturen over heile landet. Dei som godkjenner bygging i strandsona i Nord-Norge kjenner ikkje til situasjonen i Agder. Det seier seg sjølv at vi treng ein overordna godkjenningsprosess i desse sakene.

Sofie Marhaug, Rødt: Det er urovekkande at den nye ministeren opnar for å svekke naturvernet gjennom å mjuke opp i arealsaker. I tillegg er eg spent på kva dette vil ha å seie for samiske rettar. Å svekke arealvernet er mildt sagt dårleg nytt for desse.

Rasmus Hansson og Sveinung Rotevatn på strandrydding i Lofoten

MED URO: – Det verkar som om Støre opererer med to ulike regjeringar, seier Rasmus Hansson i MDG. Her saman med Sveinung Rotevatn i Venstre.

Foto: John Inge Johansen

Dette er positive signal

Hos Frp, KrF og Ap er responsen meir positiv.

Torbjørn Vereide, Ap: Det her er både bra og fornuftig. Vi skal framleis sikre at strandsona er tilgjengeleg for alle, men det er ein forskjell på bygd og by. Difor meiner eg at vi må få meir skjønn i distrikta.

Trude Brosvik, KrF: – Eg tenkjer dette er bra. Sjølv med ulike soner er det i dag eit svært rigid lovverk i område som ikkje har press. Men då må kommunane også bli tøffare til å seie nei. No trur eg kanskje dei lenar seg for mykje på at staten skal ta den upopulære avgjerda. Så skulle eg ønskje det gjekk an å ha ulik tilnærming for hus og hytte. Men erfaring viser at det lett blir triksa med.

Helge André Njåstad, Frp: Dette er positive signal frå den nye kommunalministeren. Distrikta opplever at reglar som er laga i Oslo er det største hinderet for utvikling og vekst. Eg forventar at statsforvaltarane merker seg signalet og sluttar å sende motsegn mot det lokalpolitikarar ønskjer.

Bulandet

ØYSAMFUNN: Det er svært mykje strandsone i Bulandet.

Foto: Steinar Bauge.