Hopp til innhold

Tre kommunar gav fleire hundre ulovlege strandsone-ja

Mandal, Askøy og Kragerø gav totalt gav 750 dispensasjonar til bygging i strandsona på fire år. No får dei kraftig kritikk frå Sivilombodsmannen.

Kragerø sentrum fra Blindtarmen

KYSTIDYLL: Kragerø kommune gav på fire år 450 dispensasjonar frå forbodet mot bygging i strandsona (Illustrasjonsfoto).

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

− Funna er urovekkande, og gir grunn til å tvila på om kommunane har gjort den vurderinga lova krev, og om kommunane har forstått lova korrekt, seier sivilombodsmann Hanne Harlem.

Ho har fått undersøkt alle søknadar og dispensasjonsvedtak om tiltak i strandsona i perioden 2016–2019 i Mandal (no er del av Lindesnes kommune), Kragerø og Askøy.

Strandsona er i lova definert som 0–100 meter frå havet.

85 prosent fekk «ja»

Av totalt litt over 900 byggesøknadar i strandsona til dei tre kommunane, fekk 750 dispensasjon, altså 85 prosent.

Fleirtalet av dei 750 positive vedtaka var mangelfulle, grunngjevne med ulovlege omsyn, eller grunngjevne med omsyn som har lita vekt, ifølge den ferske rapporten.

Mellom anna påpeikar Sivilombodsmannen at

  • Vurderingane av betydning, fordelar og ulemper er ofte mangelfulle.
  • Kommunane undersøker sjeldan om dispensasjonen er i tråd med statlege og regionale rammer og mål.
Hanne Harlem

LOVBROT: Sivilombodsmann Hanne Harlem kallar funna urovekkande og seier kommunane ofte tar ulovlege omsyn når dei tillèt strandsonebygging.

Foto: Heiko Junge / NTB scan

– Tek det på alvor

Ordførar i Askøy, Siv Høgtun frå Høgre, har ikkje lese rapporten enno, men vil studera den nøye.

– Dette må me ta alvorleg. Dersom det er tilfelle der lova ikkje er følgt, må me rydda opp i det.

Ho kan ikkje seia om Askøy si urørte strandsone blir mindre og mindre i raskt eller sakte tempo.

– Eg har ikkje noko klart svar, men det blir jo bygt i strandsona alle stader. Me skal vera medvitne på å ikkje byggja ned strandsona, seier Høgtun.

Men det er ikkje ei nedbygging viss ein får setja inn eit vindauge i eit eksisterande naust eller laga ei brygge der.

Skal vera unntaket

Sivilombodsmannen viser til at dispensasjonar skal brukast med varsemd og vera unntaka.

Likevel stadfestar undersøkinga at det blir gitt mange dispensasjonar i 100-metersbeltet.

  • Mandal gav dispensasjon i 174 av 181 tilfelle (96 prosent).
  • Askøy gav dispensasjon i 129 av 137 tilfelle (94 prosent).
  • Kragerø gav dispensasjon i rundt 450 av 600 tilfelle (75 prosent).

− Ønskjer kommunane å tillata bygging i strandsona, skal det som hovudregel skje på grunnlag av vedtekne arealplanar, ikkje som enkeltvise dispensasjonar. Hensikta er å unngå ei uheldig utvikling der strandsona blir bygd ned bit for bit og utan heilskapleg plan, seier Harlem.

Vil stramma inn

Varaordførar Svein Jarle Haugland (KrF) i Lindesnes kommune seier at dåverande Mandal kommune hadde eit meir liberalt fleirtal for bygging i strandsona.

– Det politiske fleirtalet i den nye storkommunen vil nok stramma inn på dispensasjonar og vera meir restriktiv i dei sakene som kjem til politisk behandling. Så den høge prosentandelen som har fått ja vil nok bli mindre.

Både han og Askøy-ordføraren meiner mange av dispensasjonane er gitt administrativt og ikkje behandla politisk.

Siv Høgtun

ALVORLEG, MEN: Å setja inn eit vindauge eller laga ei brygge ved eit eksisterande naust er ikkje nedbygging av strandsona, meiner Askøy-ordførar Siv Høgtun.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Små tiltak er ikkje nedbygging

– Dessutan gjeld mange av sakene små tiltak som ikkje inneber nedbygging av strandsona, seier Høgtun.

– Og dermed ikkje så viktig?

– Jau då, og no arbeider me med oppdatering av arealplanen for Askøy, og den må vera meir i samsvar.

– Betyr det at de i staden for å byggja mindre i strandsona, vil justera arealplanen så den passar til dagens praksis?

– Det er viktig at folk får høve til å ta vare på eigedommane sine også i strandsona.

– De er jo ei øy der folk stort sett bur ved havet. Er det urettferdig at de blir kritisert for å byggja og bu langs sjøkanten?

– Nei, ikkje urettferdig. Me må finna ut kva me har gjort, og eventuelt retta opp i det som trengst.

Askøybrua

ASKØY: Øykommunen ligg nordvest for Bergen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Trassa Statsforvaltaren

Mandal og Askøy innvilga dispensasjon i høvesvis 29 og 16 saker der Fylkesmannen (som no heiter Statsforvaltaren) hadde gitt negativ uttale eller råda frå å gi dispensasjon. Tilsvarande tal for Kragerø manglar.

Dei fleste vedtaka som var i strid med Statsforvaltarens haldning, mangla ei relevant grunngjeving for kvifor dispensasjonssøknaden likevel blei innvilga, ifølge Sivilombodsmannen.

Høgtun meiner at dei som styrer kommunen veit best korleis Askøy er.

– Eg er veldig for lokalt sjølvstyre. Men samstundes er det alvorlege konklusjonar i rapporten som me må sjå på.

Sivilombodsmann Harlem trur praksisen vil bli skjerpa i dei tre kommunane.

– Det er positivt, og no håpar me at også andre kommunar som forvaltar strandsoneområde kan få nytte av undersøkingane.