Hopp til innhold

Riksrevisjonen kritiserer at matjord blir bygd ned

Riksrevisoren slår alarm om nedbygginga av jordbruksareal. Men eit nytt verktøy gir håp til dei som vil redde jorda.

Gravemaskin i Tingvellier nasjonalpark

GRAVEMASKIN: I fjor vart det opna for å bygga ned rundt 3650 dekar med dyrka jord i Noreg. Rogaland åleine stod for 900 dekar.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / Sindre Thoresen Lønnes NRK

Den nye rapporten frå Riksrevisjonen viser til «omfattande omdisponeringar» av dyrka og dyrkbar jord, som i staden blir brukt til anna enn matproduksjon.

«Det er ofte den beste jorda som blir omdisponert til andre formål», skriv Riksrevisjonen.

Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen kallar det «kritikkverdig» at arealressursane i jordbruket ikkje blir forvalta på ein meir berekraftig måte.

– Det totale jordbruksarealet i Noreg har halde seg relativt stabilt dei siste 20 åra, men den beste jorda for matproduksjon har vorte redusert, seier han.

Sidan 1949 har 1,2 millionar dekar dyrka og dyrkbar jord vorte omdisponert til ulike utbyggingsformål i Noreg.

Forholdet mellom mattryggleik, naturvern og arealplanlegging har vore på dagsorden etter at regjeringa la fram ein ny jordvernstrategi i mai.

Ein månad seinare fekk dei med seg Stortinget på eit nytt mål om at maksimalt 2000 dekar dyrka mark kan bli omdisponert til andre formål kvart år. Det førre taket var 4000 dekar.

Hytter hyttefelt Øyer Hafjell

I februar melde NRK at det vart bygd 18 nye hytter kvar einaste dag i 2022, og at dette er ny rekord. Fleire gjorde eit poeng av at utbyggingstakten var på «fullstendig kollisjonskurs» med FNs naturavtale om å verne 30 prosent av naturen.

Foto: NRK

Svarer til eit areal på storleik med Vestfold

På same tid freistar eitt av det største teknologiselskapet i verda med at dei vil investera 50 milliardar kroner «midt i matfatet» på Jæren.

Om kommunestyret gir dispensasjon for planane i november, har Green Mountain garantert for 850 årsverk ved datasenteret.

Også fleire andre stader i landet blir lokale politikarar stilt overfor dilemmaet mellom vern og utvikling.

Arealet som er sett av til bustad, fritidsbustad og næring svarer til eit areal på storleik med Vestfold fylke.

For å hjelpe norske kommunar å navigere i dragkampen mellom fritidsbygging, næringsverksemd, vern og mattryggleik har Agder fylkeskommune utarbeidd ein ny metode for arealrekneskap.

Det gjorde vi fordi det ikkje fanst ein nasjonal metode, seier Gunnar Ogwin Lindaas i fylkeskommunen.

Formålet er å gi kommunar og andre fylkeskommunar ei samla oversikt over det planlagde utbyggingsarealet, og gjere kommunane meir medvite på kostnaden.

Så langt har det mangla ei slik samla oversikt over arealreservar for utbygging.

Arealplan

80 kommunar vil bli arealnøytrale. Det betyr at dersom dei skal byggje noko i eit naturområde, må eit anna område restaurerast, slik at dei står igjen med like mykje natur etter utbygginga.

Foto: NINA

Kommunane har ei nøkkelrolle

– Vi håpar at dette kan vere eit nyttig og at kommunane tek ein debatt om kor mykje utbygging som samla sett er ønskjeleg, seier Trond Simensen.

Han er forskar i NINA og har vore med på å utvikle verktøyet.

Blant kommunane som alt har teke ein «planvask» er Bygland.

Her var det tidlegare sett av 3300 fotballbanar til ny fritidsbusetnad (23 kvadratkilometer). I forslag til revisjon har kommunen teke bort 90 prosent av dette.

Les også Noreg skal verne meir av Noreg

Ringstind i Hurrungane

Kommunane har ei nøkkelrolle med å leggje til rette for ei berekraftig arealforvaltning, seier seksjonsleiar hos Miljødirektoratet, Steinulf Hoel.

Han karakteriserer det som «veldig positivt» at Agder Fylkeskommune har utarbeidd eit verktøy som «bevisstgjer kommunane og løftar diskusjonen om arealbruk»

Miljødirektoratet lanserte i september ei handbok (rettleiar) for konsekvensutgreiingar «for å bidra til meir berekraftig arealplanlegging».

På same tid har 80 norske kommunar varsla at dei har planar om å bli «arealnøytrale».

Målet er at alle skal ha nytte av dette arbeidet

I alt viser tal frå Statistisk sentralbyrå at 83.000 dekar med jordbruksjord som ligg inne i kommuneplanar og som kan bli bygde ned på sikt.

I Vestland har kommunane Aurland, Sunnfjord, Vik og Voss fått 920.000 kroner i klimasatsmidlar frå staten for å utvikle ein metodikk for kommunale arealrekneskap.

Målet er at alle kommunane skal ha nytte av dette arbeidet, seier Synnøve Stalheim, som er seksjonssjef i Vestland fylkeskommune.

Ho seier Agder-metoden er «eit godt utgangspunkt for utarbeiding av arealrekneskap også for Vestland».

Vi er i oppstartsfasen av eit slikt arbeid, og ønskjer å vidareutvikle og tilpasse verktøyet til bruk hos oss.

I Noreg er det 11,3 millionar dekar jordbruksareal, noko som utgjer om lag 3,5 prosent av arealet i landet.

Les også Der ingen skulle tru at nokon ville byggje på ny

Store vannmengder oversvømmer deler av Leirsund i Romerike