Hopp til innhold

Tursti vart til tofeltsveg

Då kommunen skulle inspisere den nye turstien i Sogndal, fann dei ein veg der to bilar kan køyre i breidda.

Tursti ble til tofeltsveg

TIL Å GRINE AV: – Inngrep som dette er så fæle at det er til å grine av, seier Ola Njå Bertelsen i friluftsorganisasjon Snu i tide.

Foto: Sogn brann og redning IKS

I søknaden om rammeløyve til ein tursti i Hodlekve i Sogndal heiter det at inngrepet skal vere «varsamt» og at stien «ikkje skal kunne fungere som køyreveg».

oppmoding frå Statsforvaltaren i Vestland inspiserte kommunen den ferdige stien før jul.

Det dei fant var ein tre kilometer lang, «fullt farbar grusveg».

I tilsynsrapporten heiter det vidare at vegen i mange tilfelle var «i overkant av fem meter brei», og at det «stort sett» er mogleg å køyre to i breidda heile vegen til topps.

Til sist dokumenterer tilsynet det dei karakteriserer som øydelagde myrområde i tilknyting til vegen.

Konklusjonen er at utbyggjaren (Sogndal Skisenter) «markant» har endra tiltaket frå det som kommunen godkjende, og at tiltaket er i strid med Plan- og bygningsloven.

Rapporten legg til at vegen også kan vere i strid med Naturmangfoldsloven.

Saken vart fyrst omtala i Sogn Avis.

Tursti ble til tofeltsveg

Turstien «Grøn løype» i Sogndal går frå heishuset ved Kalvavatnitrekket opp til toppen av trekket.

Foto: Sogndal kommune

Det er alltid nokon som ikkje vil at noko skal skje

Til Sogn Avis varslar styreleiar i Sogndal Skisenter Drift AS, Rolf Navarsete, at dei jobbar med eit svar til rapporten.

Det meste me har gjort her oppe sidan 1974 har det vore debatt om. Det er alltid nokon som ikkje vil at noko skal skje, seier han til avisa.

Til NRK presiserer han at dei er «løysingsorienterte» og at dei «vil ta omsyn til kva kommunen vedtek».

Men no er det snø overalt, så det kan ta litt tid, seier han.

Spenninga mellom natur og tilrettelegging – vere seg stiar, løypestrenger, klatreløyper eller «sherpatrapp-bonanza» – er ei tilbakevendande problemstilling for kommunar som er sette til å forvalte lovverket, og navigere mellom ulike interesser.

I 2020 sette Statsforvaltaren i Vestland foten ned for ein liknande tursti i Djupedalen i Deknepollen.

Tursti ble til tofeltsveg

I tilsynsrapporten heiter det at Sogndal-stien i mange tilfelle var «i overkant av fem meter brei», og at det er mogleg å køyre to i breidda.

Foto: Sogn brann og redning IKS

Om nokre år vil vi forstå kor ille det er

Fleire inngrep er så fæle at det er til å grine av, seier Ola Njå Bertelsen i friluftsorganisasjon Snu i tide.

Han nemner tilrettelegging på Gullingen og stien til Himakånå som «dei to styggaste døma» han har sett den siste tida.

Himakånå har vekselvis vorte omtalt som «Lille Trolltunga» og den «Nye Trolltunga» på grunn av utsikta og overhenget over fjorden.

Når vi om nokre år ser tilbake på desse sakene, vil vi forstå kor ille det er og lure på kvifor vi ikkje gjorde noko, seier han.

Nå har den nye turstien til Himakånå åpnet

Himakånå i Rogaland har blitt eit populært turmål med mykje tråkk dei siste åra.

Foto: Tysvær kommune

Bertelsen legg til at ordet «reiselivsstrategi» har vorte eit honnørord som trumfar andre omsyn.

Naive kommunar trur dei skal få den neste Preikestolen, og gir løyve til nær sagt alt mogleg for å få nokre turistar ekstra.

Dag Olav Hessen er professor i biologi ved UiO. På generelt grunnlag seier han at det er enklare å få tilgiving enn løyve, og at fleire utbyggjarar spekulerer i dette.

Ideen om at naturen stadig må leggjast til rette for å trekkje turistar gir stadige små inngrep som i sum minskar naturverdiane. Klatreløyper og sherpatrapper er ikkje nødvendigvis så ille, men stiar som blir til vegar, gondolbanar og andre tekniske inngrep er svært uheldig, seier han.

Les også «Sherpatrappbonanza» i Norge: Mener de skader naturen mer enn de beskytter

Professor i økologi ved UiB, Vigdis Vandvik, seier det er «problematisk for den alminnelege rettskjensla» når tiltakshavarar ikkje tek omsyn til avgrensingane som er gitt.

I tillegg til skade på naturen handlar dette om respekt for offentleg regulering, og den kunnskapen og dei avvegingane som faktisk er lagde inn i planprosessane, seier ho.

Dag Olav Hessen

– Stiar som blir til vegar, gondolbanar og andre tekniske inngrep er svært uheldig, seier Dag Olav Hessen.

Foto: Egmont Publishing

Tida er ute for å ta litt og litt av naturområde

Torill Anita Segtnan er leiar i Sogn brann og redning IKS, som utførte tilsynet på vegner av Sogndal kommune.

Det ligg til kommunen å vurdere alvorsgrada og eventuell reaksjon i etterkant av tilsynet, seier ho.

Ordførar i Sogndal, Arnstein Menes (Sp) har ikkje svart på NRKs førespurnader.

Les også Naturavtale vedtatt: – Naturen fikk endelig sitt Parisøyeblikk

I 2019 vedtok Flakstad kommune i Lofoten at dei ville bli «arealnøytrale».

I praksis betyr det at kvar utbygging må kvitterast ut ved at ein tilsvarande mengd areal vert ført tilbake til naturen.

Professor i berekraftig utvikling ved Høgskulen på Vestlandet, Carlo Aall, seier denne modellen kan vere til inspirasjon for Sogndal kommune.

Prinsippet om arealnøytralitet er eit viktig bidrag om det blir handheva strengt. Tida er ute for å ta litt og litt av naturområde om vi skal unngå klima- og naturkrise.

Himakånå