Hopp til innhold

Regjeringa skjermar lokalstyret – trass naturtap

Kommunane vert kalla «ein akilleshæl» i arbeidet med naturvern. Men statsråden vil ikkje innskrenke det lokale sjølvstyret.

Myrkdalen, Vestland

MYRKDALEN, VESTLAND: Sjølv om enkeltvedtak isolert sett er forsvarleg, blir totalbelastninga stor på makronivå. Det er bakgrunnen for at fleire vil forløysa kommunane frå ansvaret med å vekte vekst mot vern.

Foto: Marit Hommedal / NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen vil ikkje «vengeklippa» kommunane for å bremsa naturtapet.

Eg har ikkje tru på at løysinga er å ta frå kommunane styresmakt, seier han til NRK.

Han legg til at det lokale sjølvstyret er «avgjerande for at politikken står seg over tid» og at lokale krefter «i mange tilfelle har sterkast eigarskap til eigen natur».

Presiseringa kjem etter auka press om å løfta meir av arealplanlegginga over på høgare plasserte forvaltningsnivå som kan ha eit meir heilskapleg og overordna blikk på naturvern.

Resonnementet byggjer på at særleg mellomstore kommunar manglar «musklar» til å stå imot press frå vekst- og næringsinteresser, og at naturen taper.

Statsråden vil i staden ha eit strammare regelverk og rettleia kommunane innanfor dette.

Resepten er «støtte til planvask» og «forsterka forventningar» om å avgrensa særleg to forhold: hyttebygginga og nedbygginga av myr.

Ikkje nok, kvitterer Rasmus Hansson (MDG).

Noreg har blytung erfaring med at kommunane ikkje greier å ta vare på naturen. Dette er ein stor spikar i kista til oppfølginga av Naturavtalen, seier han.

I ein Aftenposten-kronikk skriv professor Bård Harstad at Noreg fører ein «utdatert desentralisert naturpolitikk» og at vi bør sjå til Costa Rica.

– I Costa Rica er det naturlegvis ikkje kommunane som bestemmer over nasjonale verdiar. Tida er inne for å inndra kommunane si rett til å byggja ut og ned det som fellesskapen verdset, skriv Harstad.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) på Nyhetsmorgen.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen vil ikkje innskrenke det lokale sjølvstyret.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Kommune byggjer ny brannstasjon i myrområde

I eit skriftleg spørsmål til klimaministeren spør stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) om statsråden har ei helsing til heimkommunen Stad som nettopp har vedteke å byggja ein ny brannstasjon i eit myrområde.

Til svar viser statsråden til at Miljødirektoratet har foreslått eit forbod mot nedbygging av myr, og at forslaget er til behandling hos departementet.

Sterkare signal om at Stad kommune bør skyggja unna myra, er nesten ikkje mogleg å gi, seier Bjørlo til NRK.

I fjor tok han til orde for å overføra meir makt til fylka.

Bakgrunnen var eit race mellom Lyngdal og Lindesnes om å sikra havvindindustri på land, der begge kommunane tilbaud seg å stilla areal i skjergarden til disposisjon.

Vi treng meir koordinering, for alle kommunane kan ikkje berre springa av garde for å byggja ned natur, sa Bjørlo til Klassekampen.

På denne myra i Selje vil kommunen bygge brannstasjon.

På denne myra i Selje vil kommunen bygge brannstasjon.

Rasmus Hansson, MDG

I januar publiserte NRK ei kartlegging av naturøydeleggingar i Noreg. Ved hjelp av kunstig intelligens og satellittbilete fann vi 44.000 inngrep i naturen på fem år. På bilete: Rasmus Hansson (MDG)

rWzuXnhpKJs

Etter NRKs avsløringar om naturinngrep har deler av opposisjonen uttalt at dei vil ta frå kommunane ansvar for byggjesaker i verdifull natur. På bilete: Alfred Bjørlo (V).

Fredrik Holth, jurist

Miljødirektoratet har fått i oppdrag å etablera ein naturrekneskap som skal syna kor mykje og kva slags natur vi har. Rekneskapen skal vere klar i 2026. På bilete: Fredrik Holth, dosent i juridiske fag ved NMBU.

Jenny Følling

I desember sende Miljødirektoratet eit notat til Klima- og miljødepartementet der dei tilrådde å stansa all nedbygging av myr. På bilete: Sunnfjord-ordførar Jenny Følling (Sp).

Tidsavgrensa forbod mot bilbaserte kjøpesenter

Det norske lokaldemokratiet har solide tradisjonar, og statleg overstyring av arealforvaltninga sit langt inne.

I 2008 vart det likevel innført eit tidsavgrensa forbod mot etablering av bilbaserte kjøpesenter utanfor byar og tettstader.

I dag finst ein «sikringsventil» der regionale og statlege organ kan protestera mot kommuneplanar i spørsmål av «vesentleg betydning».

I Hurdalsplattforma uttaler regjeringa at det er eit mål at talet på slike innvendingar skal ned.

Det er absurd. Skal fagstyresmaktene slutta å bringa kunnskap inn dei kommunale planprosessane? spør Fredrik Holth, som er dosent i juridiske fag ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

Holth meiner lokalpolitikarar «i det store og heile ønsker å treffa gode og korrekte avgjerder», men at det av og til skortar på kunnskapen. Då er ein fagleg sparringspartnar i heilt avgjerande.

Ein god start på styrking av naturinteressene i planlegging ville ganske enkelt vera å handheva det systemet vi har på korrekt måte, seier Holth.

Då kan vi som borgarar halda regjeringa ansvarleg. I eit slikt lys blir det også meir interessant å diskutera behovet for lovendringar.

Naturtap i Norge

Departementet vedtok i fjor å byggja ein ny firefelts E6 gjennom eit naturreservat i Gudbrandsdalen – mot Miljødirektoratets vilje. – Om staten tildeler seg større makt i delar av arealforvaltninga, er det ingen garanti for at utfallet blir ei meir berekraftig arealforvaltning, seier Carlo Aall, som er professor i berekraftig utvikling ved Høgskulen på Vestlandet.

Foto: NRK

– Vil ha større lokalt handlingsrom, ikkje mindre

Generalistkommuneutvalet konkluderte i fjor med at små fagmiljø er ei «hovudutfordring» for kommunesektoren.

I 2014 vart det utarbeidd ein liknande rapport om kompetanseutfordringane på bestilling frå KS.

Nye E39 på Sørlandet

Nye E39 på Sørlandet

Nytt dobbeltspor forbi Eidsvoll

Nytt dobbeltspor forbi Eidsvoll

Utvidelse av Evenes flyplass

Utvidelse av Evenes flyplass

Fosen vindkraftverk

Fosen vindkraftverk

Nytt dobbeltspor for Vestfoldbanen

Nytt dobbeltspor for Vestfoldbanen

Ny E16 over Sollihøgda

Ny E16 over Sollihøgda

Grenlandsporten

Grenlandsporten

Ordførar i Sunnfjord, Jenny Følling (Sp), åtvarar mot å innskrenka det lokalet sjølvstyret i arealplanlegginga.

Staten kan på ingen måte overta dette ansvaret med hell, seier ho.

Ho viser til at summen av motsegn og andre statlege tentaklar alt i dag «grip tungt inn i arealforvaltinga til kommunane».

– Vi etterlyser større lokalt handlingsrom i arealforvaltninga, ikkje mindre.

Tapt natur mens du har lest denne saken:
0m2
Bård blir kastet ut på en reise i et land med skog som ikke er skog og fjord som ikke er fjord. Forstå det den som kan.

Les også Ny rapport: mellomstore kommunar forsterkar naturkrisa

Her skulle dei bygge eit vindkraftanlegg på fast fjell. Det ingen hadde tenkt på var å undersøke grunnen på førehand.