Hopp til innhold

Utlandet reagerer på norske naturvedtak

Internasjonal merksemd om fleire omstridde naturvedtak utfordrar det nasjonale omdømmet.

vingen helleristningsfelt

VINGEN, BREMANGER: Vingenfeltet er det nest største helleristningsfeltet i Noreg med vel 2000 figurar.

Foto: Visit Nordfjord

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Den internasjonale organisasjonen for vern av kulturminne, Icomos, har sendt brev til regjeringa der dei «på sterkast mogleg vis» («in the strongest possible terms») protesterer mot at norske myndigheiter set «uvurderleg verdsarv» i spel.

Bakgrunnen er staten sitt ja til å bygge eit steinbrot i nærleiken av Vingen helleristningsområde.

Brevet er adressert til kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp), som gav grønt lys til prosjektet, trass protestar frå Riksantikvaren og Statsforvaltaren.

«Kjære Sande. Dette er ikkje val mellom eit uvurderleg kulturminne og eit steinbrot. Du kan få begge delar, men ikkje på same stad», skriv Icomos-president Benjamin Smith.

I brevet minner han om at portugisiske myndigheiter sa ja til eit tilsvarande utbyggingsprosjekt, før veljarane straffa dei og sette inn ei grønare regjering.

Onsdag er kommunalministeren innkalla til spørjetimen i Stortinget for å gjere greie for steinbrotet, som inngår i ei rekke naturvedtak som har fått internasjonal merksemd den siste tida.

  • I januar skreiv den britiske avisa The Guardian om Noregs «go-ahead» til å deponere 170 millionar gruveavfall i Førdefjorden. Naturvernforbundet tapte det såkalla fjordsøksmålet i Oslo tingrett i januar, etter nesten 20 års kamp.
  • Same månad vedtok EU-parlamentet ein resolusjon mot at Noreg – som første land i verda opnar for leiting etter mineraler på havbotnen.
gp1emlSodxA

Internasjonal merksemd om fleire norske naturvedtak gjer at kommunalministeren må til Stortinget for å forsvare seg.

Foto: NTB

Noreg er i ferd med å bli steinrøysa i nord

– Dette kan skade både økosystemet i havet og fiskeressursane i området, sa EUs landbrukskommissær Janusz Wojciechowski i talen sin til EU-parlamentet.

Han fekk støtte frå fleire norske stortingspolitikarar, som meinte at vedtaket om marin gruvedrift var til sjenanse og forlegenheit for nasjonen.

«Noreg er i ferd med å bli steinrøysa i nord som resten av Europa ristar på hovudet av», skriv stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo, i ein kronikk hos Altinget.

Han viser til «ei lang rekke av naturfiendtlege vedtak», sist demonstrert ved kommunalministeren sitt «jublande ja» til steinbrot «i eit unikt natur- og kulturlandskapsområde».

NRK har vore i kontakt med kommunaldepartementet, men har så langt ikkje fått svar.

Stortinget har nå sagt at selskaper kan lete etter mineraler på havbunnen utenfor Norge, og mener mineralene kan være viktige for selvforsyningen og for det grønne skiftet. Motstandere mener dette åpner for gruvedrift på havbunnen, og at det kan få katastrofale konsekvenser for dyreliv og natur i havet.

Det norske omdømmet har fått fleire store skraper

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, seier det norske omdømmet «har fått fleire store skraper i det siste» og at det går utover gjennomslagskrafta på den internasjonale scena.

Gjennomslag i andre saker blir svekt når norske politikarar og diplomatar må bruke verdifull tid på å forklare eller forsvare uakseptable miljøavgjerder, framfor å fremje norske interesser, seier han.

Han legg til at det er «flott at Icomos reagerer, og at dei gjer det så raskt».

Eg håpar regjeringa lyttar og innser at det ikkje er noka skam å snu.

Une Bastholm MDG
Frederik Ringnes / NTB

Une Bastholm, MDG

– Noregs miljørykte har levd lenge på jobben Gro Harlem Brundtland gjorde for berekraftig utvikling på 80-talet, men nå er det slutt. Det er umogleg å oversjå at både raude og blå norske regjeringar fører svake og lite kunnskapsbasert miljøpolitikk som køyrer over natur, dyreliv, fiskeri og klima. Dette blir stadig meir openbert for nabolanda våre og det vekker stadig sterkare reaksjonar, særleg når det rammar økosystem som vi deler med naboane våre.

yiNar43irKI
NTB

Frode Pleym, Greenpeace-leiar

– Norske politikarar gir blaffen i miljøfaglege råd til fordel for kortsiktig vinning. Dette er stikk i strid med ansvaret vårt for å stoppe natur- og klimakrisa. Den ramsalte kritikken frå Europaparlamentet er enda eit eksempel på at Noreg er i utakt med våre næraste europeiske allierte og partnarar. Støtta av Kommisjonen, vil kritikken ramme Noregs forhold til EU i lang tid framover. Det svekker Noregs omdømme og er noko regjeringa må ta på største alvor.

E3z5KA5yFk4
NTB

Alfred Bjørlo, Venstre

– Ap/Sp-regjeringa øydelegg Noregs truverd som miljønasjon. Dei hevdar at natur og klima skal vere rammeverket for all politikk, samstundes som dei går inn for å sprengja eit fjell nær eit av dei største helleristningsfelta i Nord-Europa, tillèt dumping av gruveavfall i fjordane og opnar for utvinning av mineral på havbotnen – mot råda frå fagekspertar. Verda lyttar ikkje berre til kva regjeringa siger; dei ser på kva dei gjer, og handlingane stemmer absolutt ikkje overeins.

Måndag overleverte Naturrisikoutvalget (sjå under) ein rapport til regjeringa der dei ber om fleire grep mot det norske naturtapet.

Blant råda var tydelegare føringar frå statlege myndigheiter, som potensielt kan svekke det som er karakterisert som «ei heilag ku» og ein «heime-aleine-fest» i Distrikts-Noreg – det lokale sjølvstyret.

– Det er mange diskusjonar om kommunalt sjølvstyre. Vi trur at ei litt større grad av statlege føringar er nødvendig, uttalte utvalsleiar Aksel Mjøs ved framlegginga.

NRK forklarer

Hva er naturrisiko?

Hva er naturrisiko?

Naturrisiko er faren for negative konsekvenser for aktører og samfunn ved tap og forringelse av natur og naturmangfold.

Hva er naturrisiko?

Man deler gjerne naturrisiko inn i tre ulike typer:

1) Fysisk naturrisiko

2) Omstillingsrisiko

3) Ansvarsrisiko.

Hva er naturrisiko?

Fysisk naturrisiko

Risikoen knyttet til konsekvensene av fysiske endringer i naturen som følger av menneskelig påvirkning.

Dette inkluderer menneskeskapte klimaendringer.

Hva er naturrisiko?

Omstillingsrisiko

Risikoen som kommer i perioden man endrer praksis slik at man bruker natur innenfor jordens tålegrenser.

Her foreslår utvalget å styrke tiltak for videreutdanning og omskolering for god omstilling og reduksjon av naturrisiko.

Hva er naturrisiko?

Ansvarsrisiko

Risiko knyttet til at tap av natur kan gi grunnlag for søksmål, som følge av at man har skadet natur.

Hva er naturrisiko?

Naturutvalget skal vurdere hvordan norske næringer og sektorer er og kan bli berørt av tap av natur og naturmangfold.

I tillegg skal de se på hvordan berørte aktører i Norge kan analysere og håndtere naturrisiko på best mulig måte.

Vi får den merksemda vi fortener

I tillegg drøftar utvalet om det er nødvendig å ta ein ny kikk på lovverket.

Klima- og miljødepartementet «mista» hovudansvaret for norsk arealforvaltning til Kommunal- og moderniseringsdepartementet då Solberg-regjeringa tiltredde i 2013.

Grepet blei akkompagnert av to rundskriv der Solberg-regjeringa presiserte at statsforvaltarane skulle «avgrense bruken av innvendingar» og vektleggje lokaldemokratiet sterkare.

Gytis Blaževičius overtok leiarvervet i Natur og Ungdom etter Gina Gylver tidlegare i år. Han meiner Noregs renommé som føregangsnasjon har fått seg ein knekk, og at anna ikkje er å forvente:

Den internasjonale merksemda Noreg får nå, er den merksemda Noreg fortener.

Les også Regjeringa skjermar lokalstyret – trass naturtap

Myrkdalen, Vestland

Vingen helleristningsområde

Den internasjonale organisasjonen for vern av kulturminne har sendt brev til regjeringa der dei «på sterkast mogleg vis» protesterer mot staten sitt ja til å bygge eit steinbrot i nærleiken av Vingen helleristningsområde.

Foto: Eva Walderhaug