Rekrutteringsproblem og små fagmiljø gjer at særleg mellomstore kommunar gir etter for utbyggingspress.
Det er konklusjonen i rapporten «Størrelsen teller» som Menon Economics har laga på oppdrag frå Akademikerne.
Forklaringa er at mellomstore kommunar opplever sterkt press frå næringslivet, samtidig som fagetatane manglar musklar til «tilstrekkeleg å opplyse folkevalde om konsekvensane av å gi etter for presset».
Små kommunar er til samanlikning ikkje utsett for like stort press; og større kommunar har sterkare fagmiljø til å halde utbyggingsinteressene i øyra.
– Eg spør meg om vi har teke inn over oss kva utfordring manglande kompetanse er i møte med klima- og naturkrisa, seier Morten Wedege, som er Forbundsleiar i Naturviterne.
Han viser til at kommunane har fått eit større ansvar for miljø- og arealforvaltning, men ikkje ressursar til å handtere det.
– Tida går med til enkeltsaker og dispensasjonar, i staden for å få til gode og heilskaplege arealplanar, slik lova føreset. Den store taparen blir naturen, seier han.
– Det er eit sterkt behov for å styrkje fagmiljø i kommunane skal vi lykkast med å handtere natur- og klimakrisa. Det er i stor grad fagmiljøa som får oppgåva med å forklare kommunepolitikarane konsekvensane av arealpolitikken, seier Morten Wedege.
Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK– Eit veldig press på å skape økonomisk verksemd
I februar melde NRK at det vart bygd 18 nye hytter kvar einaste dag i 2022, og at dette er ny rekord.
Fleire gjorde eit poeng av at utbyggingstakten var på «fullstendig kollisjonskurs» med FNs naturavtale om å verne 30 prosent av naturen.
Bjørn P. Kaltenborn, som er seniorforskar ved NINA, identifiserte ursynda med at avgjerdene ligg på kommunalt nivå – «der det er eit veldig press på å skape økonomisk verksemd».
– Sterke marknadskrefter kombinert med eit politisk regime som ikkje ønskjer nasjonal styring gjer at det ser temmeleg mørkt ut, sa han.
Tilsvarande funn vart gjort av Generalistkommuneutvalget, som la fram rapporten sin i april.
I konklusjonen heiter det at kompetanse og kapasitet er ei «hovudutfordring» for kommunesektoren, og at ingen norske kommunar klarer å løyse alle 220 oppgåvene (sjå under) dei er pålagte å yte til innbyggjarane sine.
I februar melde NRK at det vart bygd 18 nye hytter kvar einaste dag i 2022, og at dette er ny rekord.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK– Det er store utfordringar med rekruttering
– Det er ingen tvil om at oppgåver som krev spesialisert fagkompetanse er spesielt utfordrande i mange kommunar, seier statsvitar Jan Erling Klausen, som var medlem i Generalistkommuneutvalget.
Han seier problemet er ekstra prekært i kommunar som ikkje kan tilby heile stillingar eller større fagmiljø.
– Vi tilrådde derfor ein aktiv politikk for samanslåing, og å satse meir på interkommunalt samarbeid.
I 2014 vart det utarbeidd ein liknande rapport om kompetanseutfordringane på bestilling frå KS.
KS-direktør Helge Eide anbefaler meir samarbeid på tvers av kommunane for å hjelpe dei små og mellomstore.
Forslag om å la fylkeskommunen eller staten overta naturansvaret har han mindre til overs for.
– Det er vi grunnleggjande kritisk til. Å flytte ansvaret bort frå den demokratiske aktøren som er nærast innbyggjarane, er ein dårleg ide.
Han legg til at dei fleste innbyggjarane i landet «trass alt» bor i kommunar som er såpass store at dei kan huse eit stort og attraktivt fagmiljø.
– Noreg leidde nyleg an i arbeidet med å forhandle fram Naturavtalen i Montreal. Ambisjonane må derfrå følgjast opp heime, seier Morten Wedege.
Foto: Jon FrognerRegjeringa kjem med distriktsmelding
Dagens handlingsplan for naturmangfald («Natur for livet») vart vedteken av Stortinget i 2015.
I februar annonserte regjeringa at dei startar arbeidet med ein ny nasjonal naturplan.
Arbeidet var tilskunda av FNs naturavtale, som vart signert fjør jul. Ifølgje regjeringa gjer avtalen det presserande å «oppdatere forvaltninga og nedkjempe årsakene til nedbygging og forvitring av økosystem».
Statssekretær i Kommunal- og distriktsdepartementet, Sigrun Wiggen Prestbakmo (Sp), seier til NRK at dei jobbar med å auke kompetansen ute i kommunane og at «god arealplanlegging er heilt avgjerande i møte med klimaendringane og for å forhindre nedbygging av natur».
Ho legg til at «ein offensiv klimapolitikk og ein offensiv distriktspolitikk må gå hand i hand».
– Difor fremjar vi no snart ei eige distriktsmelding for Stortinget. Vi kjem også med ei eige klimamelding og ei melding om klimatilpassing.
Menon har spurt om i kva grad næringsinteresser bestemmer arealbruken. Spesielt mellomstore kommunar kjem noko dårleg ut her, og Menon forklarer dette med at mellomstore kommunar opplever eit sterkare press enn små kommunar, og i mindre grad har ressursar til å opplyse folkevalde om kva konsekvensane av å gi etter for utbyggingspresset.
Foto: Håvard Nyhus