Hopp til innhold

Rekordmange nye hytter i 2022

I fjor vart det bygd 18 nye hytter kvar einaste dag. Strengare krav til naturvern gjer at utbyggingstakten kan vere på retur.

Hyttefelt på Hovden i Bykle

NY HYTTEREKORD I 2022: – Naturavtalen krev ei kursendring, og må få konsekvensar for hyttebygginga, seier Ingeborg Wessel Finstad, som er leiar for natur og berekraft i Den Norske Turistforening.

Foto: Håkon Mosvold Larsen

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Tal frå SSB viser at det i fjor vart ferdigstilt 6690 nye fritidsbustader i Noreg.

Det er ny rekord, og ein oppgang på 26,1 prosent frå året før.

Høge byggjekostnadar har i lita grad knust hyttedraumane, seier Jens Mathiesen i SSB.

Strengare krav til naturvern gjer likevel at trenden kan ha snudd.

Symbolisert ved at talet på igangsetjingsløyve til fritidsbustader gjekk noko ned i 2022.

2022 må vere høgvassmerket for hytteutbygging i Noreg, seier leiar i miljøorganisasjonen Sabima, Christian Steel.

Han seier at utbyggingstakten er på «fullstendig kollisjonskurs» med FNs naturavtale om å verne 30 prosent av naturen.

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) underteikna den nye avtalen i Montreal før jul, og har sidan varsla ein nasjonal handlingsplan for natur.

Myrkdalen, Vestland

Hyttesalet i Myrkdalen i Vestland tok seg kraftig opp under pandemien. På starten av 1900-talet var halvparten av Noreg villmarkspreget. I dag er denne delen 11,5 prosent.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Løfte på internasjonale toppmøte er i seg sjølv ingenting verd

Eg håpar og trur at hyttebygginga i norsk natur har passert toppen, seier leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen.

Tal frå SSB viser at det er ein halv million fritidsbustader i hyttelandet Noreg, og at norske kommunar har sett av plass til ytterlegare ein halv million hytter.

Ifølgje ei utgreiing frå NINA vil desse hytteplanane tredoble arealet som i dag blir brukt, og i ei viss grad (8 prosent) overlappe med leveområda til villreinen.

Det speler ingen rolle kva eg håper eller trur. Hyttebygginga ned, seier Ola Elvestuen (V).

Les også Oversikten ingen har: Hvor mange hytter skal bygges i Norge i framtida?

Luftfoto av hyttefelt på toppen av Holtardalen på Rauland i Vinje kommune.

Naturvernforbundet seier kommunevalet i haust vil gi «ein viktig peikepinne» på om lokaldemokratiet evnar å regulere utbygginga, eller om det blir behov for meir statleg styring.

Den nye naturavtalen forsterkar behovet for at kommunane vurderer gamle planar på nytt, seier Kjersti Bjørnstad (Sp), som er statssekretær i kommunal- og distriktsdepartementet (sjå under).

I eit forslag frå MDG blir naturavtalen tolka som ein marsjordre til regjeringa om å gjennomføre ein «full gjennomgang» av planlagde hytteprosjekt.

Liknande forslag om «meir skånsam hyttebygging» har komme frå Raudt og Venstre.

Løfte på internasjonale toppmøte er i seg sjølv ingenting verd for naturen, om vi ikkje følgjer det opp, seier Sofie Marhaug i Raudt.

Eg trur ikkje vi har sett toppen

NRK har også vore i kontakt med ekspertar som ikkje trur at toppen er nådd. Forklaringane varierer:

  • Ingen forpliktande nasjonal hyttepolitikk
  • Næringsinteresser og lokalt press på å skape økonomisk vekst
  • Manglande politisk vilje
  • Gamle reguleringsplanar som «ikkje er à jour med den nye røyndommen»

Bjørn P. Kaltenborn, som er seniorforskar ved NINA, identifiserer problemet med at areal- og utbyggingsavgjerdene ligg på kommunalt nivå – «der det er eit veldig press på å skape økonomisk verksemd».

Sterke marknadskrefter kombinert med eit politisk regime som ikkje ønskjer nasjonal styring gjer at det ser temmeleg mørkt ut. Eg trur ikkje vi har sett toppen, seier han.

Avisa Hallingdølen har i vinter retta søkjelys mot eit omstridd hyttefelt i eit urørt naturområde i Gol – basert på ein reguleringsplan frå 2005.

Om 2022 blir høgvassmerket for hytteutbygging i Noreg? Tja, det er lov å håpe, seier Andrew Kroglund, som er generalsekretær i Besteforeldrenes klimaaksjon (BKA).

Han presiserer at det er forskjell på kva han håpar, og kva han trur:

Det er berre nokre dagar sidan miljøministeren køyrde over faglege råd og opna for ny E6 gjennom eit naturreservat.

Viktigare å snakke om bruk enn om bygging og lokalisering

Det største hyttefylket i Noreg – Innlandet – sende for kort tid sidan ut eit forslag der det heiter at:

«Fritidsbustader bør fortrinnsvis lokaliserast i tilknyting til eksisterande strukturar som serviceområde, transportårer og annan infrastruktur. Då blir fritidsbebuarane mindre avhengig av bil ved reise og opphald, og naturtapet, energibruken og klimagassutsleppa blir reduserte».

Les også Regjeringen åpner for E6 gjennom Lågendeltaet

Lågendeltaet blir bygd

Carlo Aall, som er professor i berekraftig utvikling ved Vestlandsforsking, meiner det er viktigare å snakke om «bruk» enn om «lokalisering».

Vi må endre forståinga av hytteutvikling frå å vere «fleire hytter per kommune» til «fleire hyttedøgn per hytte», seier han.

Resepten er å veksle «ingeniør-tilnærminga» (korleis byggje miljøvennlege hytter) inn i ei meir økonomisk tilnærming (korleis dele og bruke hyttene som alt finst).

I praksis handlar det om å hjelpe hytteeigarar med å leggje til rette for deleordningar og vaktmeisterordningar.

Lastebil kjører foran utsikten fra Holtardalen på Rauland.

Nye hytter under oppføring i Holtardalen på Rauland.

Foto: Håkon Eliassen / NRK
Gravemaskin i hytteområdet i Holtardalen
Hyttebygging i Holtardalen på Rauland