Regjeringa annonserer at ho vernar 27 skogområde fordelt på åtte fylke.
Sjå oversiktskart over områda lengre ned.
Blant dei nye verneområda er Kudalen naturreservat i Stad kommune, som er kjenneteikna av liggjande døde tre med lungenever og hengelav.
Slike habitat er avgjerande for fleire artar på den norske raudlista.
– Eg vil auka tempoet i skogvernet. Det er nødvendig for å sikra det rike mangfaldet i norske skogar, seier klima- og miljøminister Andras Bjelland Eriksen.
– Dette gjer meg glad og stolt
Med det nye vedtaket er i alt 5,3 prosent av skogen i Noreg verna. Det offisielle målet er 10 prosent.
Framdrifta har derfor vore omstridd, og vart sist sett på dagsorden då regjeringa foreslo å kutte i skogvern-potten i statsbudsjettet.
Etter massive protestar gjorde regjeringa retrett i det endelege budsjettframlegget og «fann» ein milliard kroner til å kompensera skogeigarar som tilbyr å verne skog.
På toppen vil regjeringa kjøpe seg ut av ei «EØS-floke» ved å leggje 3 milliardar kroner på bordet til skogkreditt i Europa.
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) var tidlegare ordførar i kommunen som no får sitt eige naturreservat.
– Dette gjer meg glad og stolt på vegner av Stad og Nordfjord! Naturen er under sterkt press, og det er viktig at dei urøyrde skogområda blir tekne vare på, seier han.
Onsdag la han og fleire Venstre-kollegaer fram eit representantforslag om gamalskog for Stortinget.
I Noreg er gamalskog definert som skog med tre som er eldre enn 160 år, og som er lite prega av tidlegare inngrep.
EU vedtok å forby all hogst i attverande gamalskog i 2021, og i forslaget etterlyser Venstre eit tilsvarande forbod i Noreg.
NRK har gjennom fleire saker fokusert på svakheiter i forvaltninga, og i oktober ropte Økokrim varsku om ulovleg hogst i ein ny rapport.
– Kan ikkje forventa at skogeigarar frivillig set fyr på skogen
Verneområdet i Aurskog-Høland blir det første området i Noreg som blir verna med sikte på kontrollert naturvernbrenning.
– Vi kan ikkje forventa at skogeigarar frivillig set fyr på skogen sin utan å få kompensasjon for det. Men i eit verneområde som er tilpassa slik skjøtsel, kan det vera aktuelt, seier rådgivar i Noregs Skogeierforbund, Ida Aarø.
Det nye vernet omfattar også edellauvskog på Sørlandet, nordlege bjørkeskogar i Troms, og fleire barskogar på Austlandet.
Grunneigarar vil framleis ha rett til jakt og fangst, og ålmenta vil framleis kunna nytte området til enkelt friluftsliv, plukka matsopp og bær.
Generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet, Karoline Andaur kallar skogvern «det viktigaste verkemiddelet vi har for å bevara unike skogtypar og leveområde».
– Om vi skal klara å stansa det pågåande naturtapet, må vi ta vare på dei eldre og meir varierte skogane. For at artar skal overleva er slike nettverk med mange samanknytte område heilt avgjerande.
Alt er ikke i sin grønneste orden
Folk varslet om oversette verdier i skog. NRK dro for å sjekke.
Kampen for de unike skogene
Slik kjemper næring og miljøorganisasjoner om skog i Follsjå
Anmeldelsene som forsvant i skogen
Etterforsker i politiet og Naturvernforbundet mener skogbruksloven ikke beskytter norsk skog.
Skogsbilveiene som forsvinner i tåka
Vi tråkket ut på en gjørmete norsk skogsbilvei. Der dukket stadig nye overraskelser opp.
Skog er skog, tror du? Slik er det ikke.
Slik ser du forskjell på skog som er plantet og skog som nærmest er urørt.
PEFC: Skogbruket bryter egne regler og beholder den grønne sertifikatet
Laget gjørmebad - godtar ikke millionbot
Tusenvis av elvemuslinger – en art Norge har særlig ansvar for å beskytte – ble rammet.