Hopp til innhold

Ny milliardsatsing på skogvern

Regjeringa gjer retrett på skogvern. I staden for kutt vert satsinga historisk høg.

Skog på Gran

ALLE GODE TING ER TRE: Ifølgje Klimakur 2030 er det mogleg å auka opptaket i skogen gjennom tettare planting med rett treslag, ungskogpleie, gjødsling, ròteførebygging og rett hogsttidspunkt.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Regjeringa snur og satsar i overkant av 1 milliard kroner på frivillig skogvern.

Retretten kjem etter massive protestar frå skogeigarar, miljøorganisasjonar og delar av opposisjonen.

Skog som aldri har vore utsett for flatehogst har over halvparten av dei trua artane. Difor er det strålande at løyvingane til skogvern blir dobla, seier Sabima-leiar Christian Steel.

I forslag til statsbudsjett kutta regjeringa skogvern-potten ned til 351 millionar kroner.

Etter budsjettavtalen mellom regjeringa og SV er løyvinga til frivillig skogvern oppe i 800,4 millionar kroner.

I tillegg er budsjettet for inneverande år auka med 200 millionar kroner gjennom salderinga.

Den nye «skog-milliarden» går til å betala erstatning til skogeigarar som tilbyr å verne skog.

– SV har gjort eit utmerkt arbeid. Utan innsatsen deira ville vi ikkje fått til dette, seier Per Skorge, som er administrerande direktør for Noregs Skogeierforbund.

Kvisting av tre etter at det er blitt felt

EU har vedteke at skog og landsareal skal auka opptaket av CO₂ til 310 millionar tonn fram til 2030.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Desto meir viktig at verneverdig skog blir meld inn

Sidan ordninga med frivillig skogvern vart oppretta har nesten 870 område vorte verna.

På same tid viser nye tal frå Klima- og miljødepartementet at det vore ein nedgang på 77 prosent i skog som grunneigarar tilbyr til skogvern.

Vi er glade for at det endeleg er meir pengar til skogvern. No blir det desto meir viktig at verneverdig skog blir meld inn. Gammal skog med god bonitet utgjer den største mangelen i skogvernet, seier Truls Gulowsen, som er leiar i Naturvernforbundet.

Han legg til:

Men det er trist at SV måtte bruka krefter på å slost for noko alle er for.

I oktober ropte Økokrim varsku om ulovleg hogst i ein ny rapport.

MIS - Follsjå - Orthotomicus longicollis #3

Billen «Orthotomicus longicollis» trives i gamle furuer og er truet av hogst.

Bilde av en rimnål tatt med makrofotografi. En liten pinne med en mørk hatt på en drøymillimeter.

Rimnål er en lavart som trives i fuktig, eldre naturskog.

Nedbrutt død ved i skogen

Et nedbrutt, dødt tre. Slike er livsviktige bosted for for mange arter.

MIS - Follsjå solnedgang #8

Mengden av døde trær i skogen sier mye om miljøtilstanden.

MIS - Follsjå solnedgang #1

Naturskog er lite påvirket av mennesker.

Stortingsrepresentant for Venstre, Ola Elvestuen, var opprørt då regjeringa foreslo å kutta i vernet.

No karakteriserer han snuoperasjonen som «bra», men med atterhald.

Han viser til at Noreg har forplikta seg til å få utsleppa i netto null innan arealbruk i 2030, men at regjeringa kjøper seg ut av problema med «avlat».

Vi er svært kritiske til kjøp av skogkredittar frå land som klarer å ta vare på naturen, samtidig som vi ikkje gjer noko for å ta vare på naturen her heime, seier han.

Noreg vil bruke 3 milliardar på skogkredittar

Etter motstand frå Senterpartiet vart det i haust klart at Noreg sluttar seg til det nye og oppgraderte målet i EUs klimakrav til skog og arealbruk (LULUCF).

Senterpartiet har protestert mot ordninga fordi ho bruker CO₂-verdiane frå perioden 2000–2009 som referanse for berekningane sine.

Perioden er «problematisk» for Noreg fordi han fell saman med «velmaktsdagane» til store mengder skog som vart planta i etterkrigstida, og slik leggjar lista «kunstig høgt».

I tillegg var hogsten noko lågare enn normalt på grunn av finanskrisa.

I november vart det klart at regjeringa kjøper seg ut av «EØS-floken» ved å leggja 3 milliardar kroner på bordet til skogkredittar i Europa.

Dermed blir kutta på heimebane litt mindre.

CO₂ i atmosfæren målt i deler per million partikler (ppm)
Kilde:
Gå til NRKs Klimastatus

Fredag annonserte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) at Noreg gir 1,1 milliardar kroner til Indonesia for å styrkja innsatsen for regnskogen.

Det er det største enkeltbeløpet Noreg nokosinne har betalt ut i samband med satsinga på regnskogen, og kjem på toppen av tilsvarande satsingar i Brasil og Colombia.

– Moglegheitene for regnskogbevaring er betre enn nokon gong med politisk vilje i Brasil, Colombia og Indonesia, seier Tørris Jæger, generalsekretær i Regnskogfondet, i ei pressemelding.

Les også Drømmen om eventyrskogen

En hånd skjermer to små granspirer som vokser opp av fyldig, gulgrønn mose.