Hopp til innhold
Øygarden, fregatt med slagside
Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Fregatten KNM «Helge Ingstad»

Oppsummert

Fregatten KNM «Helge Ingstad» kolliderte med tankskipet «Sola TS» i 2018. Ingen personer omkom, men fregatten ble totalskadet og til slutt hogget opp. Mandag 16. januar 2023 startet rettssaken mot vaktsjefen som var på jobb.

  • Vaktsjefassistent under opplæring såg verken skip eller lys

    Mannen som var under opplæring som vaktsjefassistent på brua på KNM «Helge Ingstad» hadde ein kort vitneforklaring i retten onsdag. Han var 19 år då kollisjon skjedde og hadde vore knappe 14 dagar om bord.

    Etter planen skulle han vera ferdig klarert som vaktsjefassistent etter at vakta hans var ferdig ulukkesnatta. Han sto ved sida av vaktsjefassistenten og «lærte av ho», medan ho sat i stolen framfor sin radarskjerm.

    Til retten fortalde den no 23 år gamle mannen at han verken såg eit skip eller noko særleg med lys før «30 sekund» før kollisjonen. Då var det uansett for seint.

    – Eg såg eigentleg ingenting, forklarte vitnet til retten.

    Den tiltalte vaktsjefen sin forsvarar, Christian Lundin, las opp eit politiavhøyr av mannen som vart gjort same dag som ulukka. Der fortalde vitnet at han «observerte ingen feil som blei gjort på brua».

    Broen på Helge Ingstad
    Foto: Havarikommisjonen
  • – Kunne vore løyst på ti sekund

    Vaktsjefen som sat i operasjonsrommet på KNM «Helge Ingstad» meiner trafikksentralen på Fedje kunne ha forhindra kollisjonen med eit raskt oppkall på radioen.

    Han forklarte seg i retten i dag, og sa at trafikksentralen burde ha sagt tydeleg frå til fregatten om at dei var på kollisjonskurs med eit tankskip.

    Det kunne vore løyst på ti sekund, meinte vitnet.

  • Vaktsjefen skal ha sagt «hjelp meg» etter kollisjonen

    Mannen som var vaktsjef i operasjonsrommet på KNM «Helge Ingstad» opplevde kollisjonen som ein «plutseleg, brå bevegelse» i fartøyet.

    Han vart utdanna navigatør på Sjøkrigsskulen i 2013 og seinare krigføringsoffiser. Onsdag vitna han i Hordaland tingrett.

    Han forklarte at han etter kollisjonen sprang opp på brua for å hjelpe til. Han gjekk bort til den no tiltalte vaktsjefen på brua og tok han i overarmen.

    – Eg spurte han om det gjekk bra. I ettertid var det eit tåpeleg spørsmål med tanke på at det verste marerittet for ein navigatør nettopp hadde skjedd. Eg hugsar han svarte «hjelp meg».

    Operasjonsrommet ligg ein anna stad på fregatten enn brua, og derifrå blir mellom anna militære operasjonar gjort. I operasjonsrommet er det storskjermar som viser det same som radarskjermane oppe på brua.

    Mannen hadde ikkje som hovudoppgåve å hjelpe til eller følge med på seglasen, men fortalde retten at han «nærare eitt kvarter» før kollisjonen såg på skjermane utan at han heller såg tankskipet «Sola TS».

    Fregatten Helge Ingstad om natten
    Foto: Jakob Østheim / Forsvaret
  • Skipssjefen: – Burde satt meg på tiltalebenken

    Skipssjefen på KNM «Helge Ingstad» sier til NRK at han selv burde ha sittet på tiltalebenken.

    – Jeg mener at dersom det er så viktig å tiltale noen for denne kollisjonen, så burde de satt meg der istedenfor. Om de hadde hatt noe å ta meg på, det vet jeg ikke, sier Preben Ottesen (54), som i dag er sjef operasjonsavdelingen i sjøforsvaret.

    Han mener det ikke gir noen effekt å eventuelt straffe vaktsjefen, som er den som sitter på tiltalebenken.

    – Det er tøft å sitte i retten og se at en av mine besetningsmedlemmer er tiltalt. Alt ansvaret ombord om den båten er mitt uansett hva det gjelder, sier han.

  • Skipssjefen: – Alt som skjer på den båten, er mitt ansvar

    Nær to timar inn i vitneforklaringa si om skipskollisjonen i 2018, ønska skipssjef Preben Ottesen (54) å presisere ein ting for retten. Han viste til at aktor Magne Kvamme Sylta hadde spurt fleire spørsmål om kven som hadde ansvar for «det og det» på fregatten.

    – Dette vil eg berre få sagt høgt og tydeleg: Eg har ansvaret for alt som skjer på den båten der. Om nokon søler diesel på fjorden, om kokken kuttar seg i fingeren, eller om vi seglar på eit tankskip. Det er mitt ansvar. Skal eg vera heilt ærleg, eg slit med å akseptere at det er vaktsjefen som sit der (på tiltalebenken, journ. anm.) og eg sit her i vitneboksen, sa han til retten.

     
Rettsaken mot vaktsjefen om bord på fregatten KNM Helge Ingstad
    Foto: Marit Hommedal / NTB
Forsvaret viste mandag frem skadene på KNM Helge Ingstad.