Fregatten KNM Helge Ingstad står på land.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Foto: Marit Hommedal / NTB

21 minutt

Dette er feilvurderingane som gjer at påtalemakta meiner vaktsjefen (33) på KNM «Helge Ingstad» kan straffast.

Det har gått over fire år. Ei av dei mest omtalte skipsulukkene nokon gong skal få eit nytt punktum.

Gjennom 30 dagar skal Hordaland tingrett få høyre kvifor ein 33 år gamal mann, med åtte månadars erfaring som vaktsjef, kan straffast for kollisjonen mellom KNM «Helge Ingstad» og «Sola TS».

Dei skal også for første gong høyre korleis vaktsjefen sjølv opplevde dei dramatiske minutta i Hjeltefjorden, som enda med at eitt av Forsvarets viktigaste skip gjekk tapt.

Overvakingskamera på «Sola TS»

Natt til 8. november 2018, klokka 04:01:15.

Sjøforsvarets fregatt KNM «Helge Ingstad» kolliderer med den fullasta oljetankaren «Sola TS».

Grafikk: Havarikommisjonen

Fregatten fekk ei enorm flenge i skroget.

Nesten reine tilfeldigheiter gjorde at ingen av dei 137 personane om bord i fregatten omkom.

– Ei rekkje unge menneske heldt på å miste livet sitt den natta. Det seier noko om alvoret i saka, som kanskje ikkje er komen tydeleg nok fram tidlegare, seier statsadvokat Magne Kvamme Sylta.

Rettssaka er det siste kapittelet i etterspelet etter det som skjedde i Hjeltefjorden.

– Han vedgår at han har eit ansvar og at han gjorde ei feilvurdering. Men ikkje i den grad at han kan straffast for det. Han er hengt ut som syndebukk for eit system som har svikta, seier forsvarar Christian Lundin.

NRK forklarer

Konsekvensane av skipskollisjonen

Konsekvensane av skipskollisjonen

10 millionar kroner i bot

Forsvarsdepartementet fekk ei føretaksstraff på ti millionar kroner, for å ha forårsaka sjøskade som lett kunne medført tap av menneskeliv.

Departementet godtok bota. Den blei gitt samstundes som det vart tatt ut tiltale mot vaktsjefen (33) for brot på same paragraf i straffelova.

Konsekvensane av skipskollisjonen

Forlik på 235 millionar kroner

Tankskiprederiet Twitt Navigation og staten blei samde om eit forlik. Partane saksøkte kvarandre etter kollisjonen, men einigheita gjorde at ei omfattande rettssak vart avlyst.

Forliket gjekk ut på at tankskiprederiet betalte staten 235 millionar kroner. Det utgjorde 4–5 prosent av kva fregatten og bergingsaksjonen faktisk kosta.

Konsekvensane av skipskollisjonen

Saker lagde vekk

Både losen og kapteinen på «Sola TS», og trafikkoperatøren på Fedje sjøtrafikksentral, hadde status som mistenkte under politietterforskinga av ulukka. Men Riksadvokaten la vekk sakene mot alle tre som ingen straffbare forhold bevist.

Konsekvensane av skipskollisjonen

Kystverket slapp bot

I utgangspunktet ville statsadvokaten også gi Kystverket føretaksstraff for grovt aktlaus tenestefeil, men Riksadvokaten bestemte at det ikkje var hensiktsmessig.

Konsekvensane av skipskollisjonen

Meiner fregatten kunne vore berga

Havarikommisjonen har levert to delrapportar på ulukka (ein om kollisjonen og ein om grunnstøytinga). Delrapport 1 peika på ei rekke med feil og omstende, både på fregatten, tankskipet og sjøtrafikksentralen, som årsaka til at kollisjonen skjedde. Delrapport 2 konkluderte med at fregatten kunne vore berga.

Konsekvensane av skipskollisjonen

Blei berga og plukka frå kvarandre

I ein spektakulær bergingsaksjon vart fregatten heva frå Hjeltefjorden og frakta heim igjen til Haakonsvern. Regjeringa bestemte seinare at fregatten ikkje ville bli reparert og til slutt enda den som skrapmetall.

21 avgjerande minutt i Hjeltefjorden

Påtalemakta har tatt ut tiltale mot vaktsjefen fordi det var han som hadde ansvar for navigasjonen av skipet då kollisjonen skjedde.

Dei meiner navigasjonen var aktlaus og at den manglande oversikta og den fastlåste forståinga av situasjonen var «den klart dominerande årsaka til samanstøyten».

Straffeloven § 356, jf. § 355

for ved uaktsomhet å ha forårsaket sjøskade, som lett kunne medføre tap av menneskeliv.

Uaktsom fremkalling av fare for allmennheten straffes med bot eller fengsel inntil 3 år.

Militær straffelov § 78 første ledd og tredje ledd

for som befalingsmann å ha gjort seg skyldig i forsømmelighet eller skjødesløshet ved utførelse av sine tjenesteplikter, og det er voldt betydelig skade, [...].

«Er ved Befalingsmandens Forsømmelighed, Skjødesløshed eller Uforstand betydelig Skade voldt, kan Fængsel indtil 2 Aar anvendes, [...]».

Dramatikken skjedde i eit svært kort tidsrom natt til 8. november 2018.

KNM «Helge Ingstad», som hadde vore med på Nato-øvinga «Trident Juncture», kom sørover i Hjeltefjorden i 17–18 knops fart.

Klokka 03.40, 21 minutt før kollisjonen, kom den påtroppande vaktsjefen på brua.

Ifølge Havarikommisjonen gjekk han først inn på kartrommet for å sjekke posisjon og seglingsrute.

Det er i all hovudsak tre feilvurderingar som gjer at det er tatt ut tiltale mot 33-åringen:

Diskuterte «lysande objekt» – sjekka det ikkje

Grafikk: Havarikommisjonen

Klokka 03.45. Tankskipet «Sola TS» la frå kai på Stureterminalen.

Grafikk: Havarikommisjonen

Tankskipet melde på radioen til Fedje sjøtrafikksentral at dei har hatt avgang frå Stureterminalen.

Lenger nord i Hjeltefjorden kom KNM «Helge Ingstad».

Grafikk: Havarikommisjonen

Samstundes var vaktskiftet og overleveringa på KNM «Helge Ingstad» i gang.

Grafikk: Havarikommisjonen

Avtroppande og påtroppande vaktsjef diskuterte kva eit opplyst objekt ved Stureterminalen kunne vere.

Dei diskuterte om det kunne vere kaia på terminalen, eller eit fiskeoppdrettsanlegg eller ei plattform.

Video: Havarikommisjonen

Til Havarikommisjonen har dei to vaktsjefane forklart at «objektet» sendte ut signal og var på radaren. Men dei avklara ikkje kva det var.

Denne videoen frå rekonstruksjonen viser utsynet frå brua på fregatten. Vaktsjefane tolka lyset til venstre som at det låg i ro ved land.

Statsadvokatane meiner 33-åringen:

  • ikkje undersøkte godt nok om objektet var stasjonært eller var eit fartøy ved land.
  • ikkje brukte det han hadde tilgjengeleg av hjelpemiddel, som til dømes å bruke radaren til å undersøke signalet frå objektet for å sjå om det var i bevegelse.
  • ikkje bad dei andre på brua om å finne ut meir om objektet.
  • ikkje fekk med seg at tankskipet melde sin avgang frå Stureterminalen på radioen til Sjøtrafikksentralen klokka 03.45.
Faktaark om KNM Helge Ingstad, breddeversjon

KNM «Helge Ingstad» er konstruert for krig. Skipet er raskt og skal lett kunne skifte kurs eller stoppa heilt opp.

Faktaark om Sola TS, breddeversjon

Tankskipet «Sola TS» er stort og solid, bygd for å frakte lasten trygt. Skipet er svært tungt å manøvrere. Ulukkesnatta var ho fullasta med 625.000 fat råolje.

Sola TS vs Helge Ingstad faktakort

Kontrasten er enorm. Det er 140.000 tonn mot 5000 tonn.

Endra kurs

KNM «Helge Ingstad» følgde ein planlagd kurs. Dei segla med sin radarsendar avslått, men tok altså i mot signal frå andre (AIS-system i passivt modus).

På brua var det fire menn og tre kvinner, fleire av dei berre 19–20 år. To personar var under opplæring som vaktsjef og vaktsjefens assistent. Snittalderen var 22,4 år.

Grafikk: Havarikommisjonen

Klokka 03.53 var overleveringa over.

Den no tiltalte vaktsjefen sa høgt til alle på brua at han no hadde tatt over.

Grafikk: Havarikommisjonen

Klokka 03:57:25 var avstanden mellom tankskipet og fregatten omtrent 2720 meter.

Grafikk: Havarikommisjonen

På tankskipet kunne dei no sjå den grøne lanterna på fregatten.


Grafikk: Havarikommisjonen

Og at fartøyet ville krysse kursen deira.

Losen på «Sola TS» spurte sjøtrafikksentralen over radioen om dei visste kven som kom mot dei. Trafikkoperatøren kunne ikkje gi noko svar.

Klokka 03:59:10 styrte tankskipet nokre grader styrbord, for å vise fartøyet som kom i mot at dei vika.

Men nokre få sekund etterpå gjorde vaktsjefen på fregatten ei kursendring som ikkje betra situasjonen. Han gjekk nokre grader babord, altså i same retning som tankskipet.

Han ville gå meir klar av det lysande objektet han trudde låg i ro ved land.

Statsadvokatane meiner vaktsjefen ikkje undersøkte kvifor det var naudsynt å endre kurs i babord retning.

Gjorde ikkje unnamanøver i tide

På sjøtrafikksentralen kom trafikkoperatøren plutseleg på at mannskapet på KNM «Helge Ingstad» faktisk melde sin framkomst inn i Hjeltefjorden tidlegare på natta.

Klokka 03:59:40 kalla han opp «Sola TS» på radioen og fortalde at det «er mulig det er «Helge Ingstad»».

Losen kalla opp fregatten umiddelbart etterpå.

No var avstanden mellom skipa berre 875 meter.

Losen: – Helge Ingstad, høyrer du Sola TS?
Vaktsjefen: – Helge Ingstad.
Losen: – Er det du som kjem her?
Vaktsjefen: – Ja, det stemmer.
Losen: – Ta styrbord med ein gong.
Vaktsjefen: – Nei, då går vi for nærme e....blokkene/båkene.
Losen: – Sving styrbord over viss det er du som kjem her.
Vaktsjefen: – Eg...eit par grader styrbord over så fort vi har passert e...., passert e..... plattformen vi har om styrbord.

I tiltalen skriv statsadvokaten at vaktsjefen «ble bedt om å svinge styrbord med en gang, men foretok ikke fare- og skadeavvergende tiltak, som å redusere farten og avklare fra hvem og hvorfor han ble bedt om å svinge styrbord, for derved å kunne foreta en adekvat unnamanøver».

Klokka 04:00:27 trudde vaktsjefen at det er eitt av dei tre andre nordgåande fartøya i Hjeltefjorden han snakka med. Og at dei ønskte at han skulle ta meir styrbord, for å gi større plass.

Forståinga hans var framleis at det lysande objektet låg i ro nær land og at det difor ikkje var plass til å passere til styrbord for dette.

Kollisjon

Helge Ingstad, du må gjøre noe. Du begynner å nærme deg veldig.

Trafikkoperatøren på Fedje sjøtrafikksentral, kl 04:00:44

Og då, klokka 04:00:47, forstod vaktsjefen at «plattforma» faktisk var i bevegelse. Og at dei var på kollisjonskurs.

Havarikommisjonen har gjenskapa det dramatiske halvminuttet:

KOLLISJONEN: Grafikken fra Havarikommisjonen og overvakingskameraet på «Sola TS» syner korleis kollisjonen mellom dei to skipa var. Videoen er utan lyd.

Då vaktsjefen oppdaga kollisjonsfaren bad han om 20 grader babord til rormannen, før han nesten umiddelbart etterpå bad om kurs midtskips.

Tanken var å unngå kollisjonen ved å vrenge seg rundt baugen på tankskipet.

Men då var det for seint.

Klokka 04:01:15 kolliderte KNM «Helge Ingstad» og «Sola TS».

KNM Helge Ingstad ved skadestedet i Øygarden .

Etter kollisjonen mista mannskapet styringa på fregatten. Etter ti minutt gjekk den på land nord for Stureterminalen. Dei 137 om bord evakuerte før fregatten seinare vart tippa over.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Når var det for seint?

Ein kraftig manøver der vaktsjefen gjekk hardt styrbord kunne ha hindra kollisjonen.

Men då måtte den ha blitt utført seinast 04:00:37.

Det var «point of no return».

«Point of no return»

Klokka 04:00:37 var fartøya 375 meter frå kvarandre og det var:

  • 38 sekundar til kollisjonen skjedde.
  • 10 sekundar før vaktsjefen faktisk oppdaga at «det lysande objektet» var eit fartøy i bevegelse.

Manøveren ville gitt ein passeringsavstand på knappe 0-25 meter.

Skal snakke for første gong

– Det er eit personleg ansvar å vere vaktsjef på brua på ein fregatt. Når ein går på vakt så har ein ansvar for å setje seg inn i og ha overblikk over leia framfor seg, seier aktor Magne Kvamme Sylta.

Straffesaka mot den tiltalte 33-åringen skal gå for Hordaland tingrett i åtte veker. Det er sett av heile fem dagar til forklaringa hans, som byrjar onsdag 18. januar.

Det vil vera første gong vaktsjefen snakkar direkte til offentlegheita om sin versjon av det som skjedde den skjebnesvangre natta.

Forsvararen hans, Christian Lundin, seier rettssaka vil stille vaktsjefen si rolle i eitt heilt nytt lys.

– Sjølv om han kvir seg til prosessen, ser han fram til å få fram sin versjon av kva som skjedde.

For Lundin og vaktsjefen vil bruke rettssaka til å setje lys på situasjonen som oppstod i Hjeltefjorden og at det fleire som svikta den kvelden. Havarikommisjonen har mellom anna peika på:

  • dei sterke dekkslysa på «Sola TS» som gjorde det vanskeleg å sjå lanternene som viser at dei var eit fartøy.
  • at losen på «Sola TS» kunne vore tydelegare på radioen om at dei var eit tankskip som gjekk ut frå Stureterminalen.
  • at trafikkoperatøren hadde gløymd at fregatten melde sin framkomst tidlegare på natta og difor ikkje kunne gi tankskipet svar over radioen tidlegare. Det gjorde handlingsrommet kortare.

Riksadvokaten la vekk sakene mot desse aktørane fordi ingen straffbare forhold vart bevist, sjølv om det vart gjort «enkelte feil».

– Her har det vore betydelege systemfeil, også hjå tankskipet og på trafikksentralen. Vaktsjefen meiner at om ein ser heile hendingsgangen i samanheng, så kan ein sjå at det var systemsvikt som var årsaka til ulukka og at den årsaka ligg ein heilt anna stad enn hjå han.

Kjelder: Havarikommisjonens rapport del 1 og 2, Riksadvokaten, intervju med statsadvokatar og forsvarar.

Les også Jostein (25) og Anita (26) opplevde dramaet på fregatten: – Som terapi å være tilbake

Jostein Kjernaas og Anita Eide